1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Proposisjonen inneheld forslag om endringar i gjeldande ordning med koordinator i spesialisthelsetenesta og forslag om ny ordning med kontaktlege i spesialisthelsetenesta. Desse forslaga må sjåast i samanheng. I tillegg inneheld proposisjonen eit forslag som er heilt uavhengig av forslaga om koordinator og kontaktlege. Dette forslaget gjeld innføring av søksmålsfristar for vedtak gjorde av Klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og Statens helsepersonellnemnd.

1.2 Koordinator og koordinerande eining i spesialisthelsetenesta

Fjerne hovudregelen om at koordinatoren bør vere lege

Dei gjeldande reglane om koordinator i spesialisthelsetenesta tok til å gjelde 1. januar 2012 og erstatta tidlegare reglar om pasientansvarleg lege. I spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 a andre ledd er det bestemt at «koordinator bør være lege, men annet helsepersonell kan være koordinator når det anses hensiktsmessig og forsvarlig». I høyringsnotatet som blei sendt ut i juni 2013, blei denne føresegna foreslått erstatta med ei føresegn om at kontaktpersonen skal vere helsepersonell. Departementet hadde fått fleire oppfordringar om å fjerne hovudregelen om at koordinatoren bør vere lege. Tilbakemeldingar frå spesialisthelsetenesta viste at det var stor variasjon mellom helseføretaka når det gjaldt ambisjonsnivå og kor langt dei hadde kome i arbeidet med å etablere ein koordinatorfunksjon og redusere talet på personell som var involvert.

Forslaget fekk brei støtte av høyringsinstansane. Eit klart fleirtal var einige i at det enkelte helseføretaket sjølv bør avgjere kva kompetanse koordinatoren skal ha. På denne bakgrunn held departementet fast på forslaget. Forslaget må sjåast i samanheng med forslaget om kontaktlege i spesialisthelsetenesta.

Departementet foreslo òg at dei krava vi har i dag om at koordinatoren må vere helsepersonell, skulle vidareførast. Med omgrepet helsepersonell meiner ein ikkje berre helsepersonell med autorisasjon. Helsepersonell er definert i helsepersonelloven § 3 første ledd. Her går det fram at omgrepet omfattar:

  • 1. personell med autorisasjon etter § 48 eller lisens etter § 49

  • 2. personell i helse- og omsorgstenesta eller i apotek som utfører helsehjelp

  • 3. elevar og studentar som i samband med helsefagleg opplæring utfører helsehjelp.

Denne definisjonen av helsepersonell gjeld òg ved tolking av spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 a. Departementet legg til grunn at dei som blir oppnemnde som koordinatorar etter spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 a, utfører helsehjelp når dei utøver koordinatorrolla.

Spørsmålet om kven som bør inneha koordinatorrolla i spesialisthelsetenesta, må vurderast konkret i kvar enkelt sak. Kva for kvalifikasjonar koordinatoren bør ha, er mellom anna avhengig av kva sjukdom eller skade pasienten har, og kvar pasienten er i pasientforløpet.

Endre omgrepet «koordinator» til «kontaktperson»

Høyringsinstansane hadde delte meiningar om forslaget som gjaldt å endre omgrepet «koordinator» til «kontaktperson». Eit knapt fleirtal var imot dette forslaget og viste mellom anna til at ei endring av omgrep kan skape forvirring. Denne innvendinga blir særleg relevant etter at departementet har foreslått ei ordning med kontaktlege i spesialisthelsetenesta. Departementet finn det ikkje formålstenleg å halde fast på forslaget om å endre omgrepet «koordinator» til «kontaktperson» etter at forslaget om «kontaktlege» er sendt ut. Ein bør halde på omgrepet koordinator for å skilje denne rolla tydelegare frå rolla til kontaktlegen. Departementet viser òg til fråsegner frå høyringsinstansane om at omgrepet koordinator har festa seg og er dekkjande for dei funksjonane som denne ordninga skal omfatte. På denne bakgrunn finn departementet at ein bør halde på omgrepet koordinator både i helse- og omsorgstjenesteloven og i spesialisthelsetjenesteloven.

Endre ansvar for den koordinerande eininga

Høyringsnotatet av 28. juni 2013 inneheldt òg forslag om å innskrenke det lovpålagde ansvaret for den koordinerande eininga for habiliterings- og rehabiliteringstiltak i spesialisthelsetenesta, slik at denne eininga ikkje lenger skal ha ansvar for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar.

Etter ei nærmare vurdering av fråsegnene frå høyringsinstansane finn departementet ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å halde fast på forslaget om at den koordinerande eininga i spesialisthelsetenesta ikkje lenger skal ha overordna ansvar for opplæring og rettleiing av koordinatorar. Det inneber at departementet etter høyringa meiner at gjeldande reglar bør vidareførast.

Departementet finn heller ikkje grunn til å halde fast ved forslaget om at den koordinerande eininga i spesialisthelsetenesta ikkje skal ha eit overordna ansvar for å oppnemne koordinator. Departementet viser òg til innspel frå fleire høyringsinstansar om at reglane har verka i kort tid, og at det tek tid før slike reglar festar seg og får full effekt i tenesteapparatet.

1.3 Kontaktlege i spesialisthelsetenesta

Rett til å få oppnemnt og plikt til å oppnemne kontaktlege

Høyringsnotat med forslag om å lovfeste ei plikt til å oppnemne og rett til å få oppnemnt kontaktlege blei publisert 24. oktober 2014, og fekk i hovudsak støtte av høyringsinstansane. Det var delte meiningar om kva for krav og kor strenge krav ein skal stille til når plikta og retten skal gjelde. Etter departementet si vurdering er det korkje mogleg eller formålstenleg å regulere i detalj i lovteksten kva for pasientgrupper forslaget skal omfatte. Forslaget baserer seg på at det må gjerast ei heilskapsvurdering i kvart enkelt tilfelle.

Departementet held fast på at både plikta og retten blir avgrensa til «pasienter som har alvorlig sykdom, skade eller lidelse, og som har behov for behandling eller oppfølging av spesialisthelsetjenesten av en viss varighet». Forslaget inneber at både kravet til kor alvorleg tilstanden er, og kravet til behandling eller oppfølging i ein viss tidsperiode, må vere oppfylte for at vilkåra skal vere tilfredsstilte.

Departementet vil halde fast ved vurderinga i høyringsnotatet om at utgangspunktet for når retten og plikta for å få oppnemnt kontaktlege skal gjelde, må vere ei objektiv, fagleg vurdering.

Departementet er einig i at det er behov for meir rettleiing om korleis krava i forslaget til lovtekst skal bli forstått. Departementet vil derfor be Helsedirektoratet om å utarbeide ein rettleiar i samarbeid med helseføretaka og utvalde fagmiljø. Rettleiaren kan setje opp nærmare kriterium for kva typar pasientar ordninga skal gjelde for.

Oppnemning og utpeiking av kontaktlege

Helse Vest RHF meiner at spesialisthelsetenesta bør ha ansvar for å oppnemne kontaktlege, og ikkje helseføretaket, slik det blei foreslått i høyringsnotatet. Helse Vest RHF har vist til at det er ulike måtar å organisere tenestene på, og at reglane ikkje må utelukke at også private helseinstitusjonar med avtale kan ha plikt til å utnemne kontaktlege. Departementet finn det ikkje formålstenleg å påleggje alle private helseinstitusjonar med avtale å oppnemne kontaktlege, men meiner at det enkelte regionale helseføretaket må vurdere dette i samband med inngåing av den enkelte avtalen.

Etter dette held departementet fast på forslaget om at det enkelte helseføretaket bør ha ansvaret for å oppnemne kontaktlege. Departementet viser òg til at spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 b seier at den koordinerande eininga i det enkelte helseføretaket har det overordna ansvaret for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator.

I høyringsnotatet blei det òg foreslått at avdelingsleiaren eller einingsleiaren skal peike ut kven som skal vere kontaktlege for pasienten. Departementet finn etter ei ny vurdering at spørsmålet om kva person som skal peike ut kontaktlegen, ikkje bør lovregulerast. Forslaget til ny § 2-5 c andre ledd i spesialisthelsetjenesteloven er derfor endra, slik at det går fram at helseføretaket skal peike ut kven som skal vere kontaktlege for pasienten. Dette inneber at helseføretaket skal stå fritt til å bestemme kven som i praksis skal utpeike kontaktlegen, og kva for rutinar som skal følgjast.

Fleire høyringsinstansar er kritiske til forslaget i høyringsnotatet om at kontaktlegen skal peikast ut seinast ved innlegging eller poliklinisk undersøking. Det blir vist til at dette i praksis kan vere vanskeleg eller umogleg å oppfylle. Departementet foreslår på denne bakgrunn at tidspunktet for tildeling av kontaktlege blir sett til «så snart som mulig etter at det er vurdert at pasienten har rett til kontaktlege, senest første virkedag etter innleggelse eller poliklinisk undersøkelse».

Ansvar og oppgåver for kontaktlegen

I høyringsnotatet foreslo departementet at kontaktlegen skulle vere den faste medisinskfaglege kontakten til pasienten. Ei presisering av dette var teken inn i forslaget til ny § 2-5 c tredje ledd første punktum i spesialisthelsetjenesteloven. Departementet oppfattar fråsegnene frå høyringsinstansane slik at eit fleirtal støttar dette forslaget, og held fast ved det.

Ein kan ikkje vente at kontaktlegen sjølv skal kunne svare på alle medisinskfaglege spørsmål, men vedkomande skal ha ansvar for å innhente informasjon og eventuelt formidle kontakt med andre, slik at pasienten får svar eller eventuelt blir undersøkt i andre delar av spesialisthelsetenesta.

Spesialisthelsetenesta skal sørgje for koordinering av tenestene ved sjukehusinnlegging/dagbehandling og vidare oppfølging i spesialisthelsetenesta, jf. spesialisthelsetjenesteloven § 2-2, der det går fram at ein skal gi den enkelte pasienten eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod.

Departementet foreslår at helseføretaket må vurdere om kontaktlegen òg bør peikast ut som informasjonsansvarleg etter helsepersonelloven § 10 og journalansvarleg etter helsepersonelloven § 39. I vurderinga må det leggjast vekt på kva som i det enkelte tilfellet vil vere mest formålstenleg for å sikre kontinuitet i pasientforløpet.

I høyringsnotatet foreslo departementet eit krav om at den som blir peikt ut til kontaktlege, må vere involvert i behandlinga eller oppfølginga av pasienten. Dette blei foreslått presisert i ny § 2-5 c første ledd andre punktum i spesialisthelsetjenesteloven.

Fleire høyringsinstansar meiner at kontaktlegen bør vere «behandlingsansvarleg lege». Etter departementet si vurdering bør spørsmålet om kven som skal ha hovudansvaret for behandlinga av pasienten, ikkje lovregulerast. Departementet meiner at det bør vere opp til det enkelte helseføretaket å vurdere om den som blir oppnemnd som kontaktlege, òg bør ha hovudansvaret for behandlinga av pasienten/vere behandlingsansvarleg lege. Departementet legg til grunn at det i mange tilfelle er mest naturleg og ein fordel for pasienten at kontaktlegen også har hovudansvaret for behandlinga av pasienten, men meiner at helseføretaka ikkje bør påleggjast å velje ei slik ordning. På denne bakgrunn held departementet fast ved forslaget om at kontaktlegen må vere involvert i behandlinga eller oppfølginga av pasienten.

Nærmare rettleiing om ansvar og oppgåver for kontaktlegen vil bli gitt i rettleiaren som skal utarbeidast av Helsedirektoratet i samarbeid med helseføretaka/fagmiljøa.

Ansvar og oppgåver for koordinatoren

Departementet held fast ved at hovudskiljet mellom rolla til koordinatoren og rolla til kontaktlegen inneber at koordinatoren skal ha det praktiske ansvaret for å samordne tenestene, medan kontaktlegen skal vere den medisinskfaglege kontakten til pasienten. Tilbakemeldingane frå høyringsinstansane viser at det er behov for meir rettleiing om forholdet mellom koordinatoren og kontaktlegen. Departementet vil sørgje for at det vil bli gitt nærmare orientering om rollene til kontaktlegen og koordinator i den rettleiaren som Helsedirektoratet skal utarbeide.

Forløpskoordinator for pakkeforløp for kreft

Etter planen skal det i løpet av 2015 implementerast totalt 28 pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standard pasientforløp som gjer greie for organisering av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med pasienten og pårørande, i tillegg til ansvarsplassering og konkrete forløpstider.

Departementet legg til grunn at vilkåra for plikta til å oppnemne koordinator etter spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 a ofte vil vere oppfylte for kreftpasientar, fordi dei ofte vil ha behov for «koordinerte tjenester», eventuelt «komplekse eller langvarige tjenester». Dersom vilkåra i spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 a er oppfylte, har helseføretaket ei lovbestemt plikt til å oppnemne koordinator. For kreftpasientar vil det oftast vere naturleg at forløpskoordinatoren har funksjonen som koordinator etter denne føresegna.

Oppnemning av kontaktlege/kontaktpsykolog i det psykiske helsevernet og ved tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelavhengige

Høyringsinstansane har delte meiningar om forslaget som gjaldt tenester i det psykiske helsevernet og ved tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige. For desse tenestene blei det foreslått at anna helsepersonell kan peikast ut i staden for kontaktlege, dersom det er mest formålstenleg ut frå den behandlinga eller oppfølginga som skal skje. Etter ei nærmare vurdering av høyringsfråsegnene meiner departementet at rolla som kontaktansvarleg for tenester i det psykiske helsevernet og for tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige kan avgrensast til helsepersonell som er autorisert som lege eller psykolog. Forslaget til ny § 2-5 c fjerde ledd er derfor endra, slik at kontaktpsykolog kan utnemnast i staden for kontaktlege for desse tenestene dersom det er mest formålstenleg ut frå den behandlinga eller oppfølginga som skal skje.

Dei krava som gjeld for plikta til å oppnemne og retten til å få oppnemnt kontaktlege, gjeld tilsvarande for oppnemning av kontaktpsykolog. Det same gjeld ansvaret for å oppnemne vedkomande og ansvar og oppgåver for den som blir oppnemnt.

1.4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Fjerne hovudregelen om at koordinatoren i spesialisthelsetenesta bør vere lege

Departementet legg til grunn at det å fjerne regelen om at koordinatoren som hovudregel bør vere lege, ikkje vil føre til meirarbeid eller ha økonomiske konsekvensar.

Innføre kontaktlegeordning i spesialisthelsetenesta

Departementet meiner at forslaget om å innføre kontaktlege i spesialisthelsetenesta, først og fremst handlar om betre organisering av tenesta. Sjølv om ordninga i ein overgangsperiode kan føre til noko meir administrasjon, vil dette på lengre sikt mest sannsynleg bli utlikna av dei innsparingane ordninga kan innebere i form av samhandlingsgevinstar, betre ressursutnytting og betre kvalitet i tenestene. Samla sett meiner departementet at forslaget om kontaktlege sannsynlegvis ikkje får vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Forslaget kan derfor etter departementet si vurdering gjennomførast innanfor gjeldande økonomiske rammer. Departementet viser til at enkelte helseføretak allereie har innført eller er i gang med å innføre ei ordning med kontaktlege.

Departementet ser at det vil vere krevjande for mange avdelingar på sjukehusa å få omorganisert tenesta slik at ordninga er på plass straks. Fleire høyringsinstansar har peikt på at innføring av kontaktlege vil krevje nye administrative prosedyrar og arbeidsoppgåver knytte til vurdering av rettar, oppnemning av kontaktlege, dokumentasjon, informasjon osv. Dette må takast med i vurderinga av når lovendringane skal tre i kraft.

Departementet held fast ved vurderinga i høyringsnotatet når det gjeld konsekvensar av retten til å klage etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7. Her går det fram at departementet legg til grunn at meirarbeidet, fordelt på dei enkelte helseføretaka og fylkesmannsembeta, som følgje av retten til å klage på manglande oppnemning av kontaktlege ikkje vil bli omfattande.

1.5 Søksmålsfrist for vedtak gjorde av klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og Statens helsepersonellnemnd

Klagenemnda for behandling i utlandet (Klagenemnda) avgjer klager på vedtak gjorde av kontora ved dei regionale helseføretaka om avslag på dekning av utgifter til behandling i utlandet. Preimplantasjonsdiagnostikknemnda (PGD-nemnda) avgjer søknader om preimplantasjonsdiagnostikk for å utelukke alvorleg arveleg sjukdom. I tillegg avgjer nemnda søknader om preimplantasjonsdiagnostikk for å undersøkje vevstype med sikte på at eit komande barn kan vere stamcelledonor for eit sysken med alvorleg, arveleg sjukdom. Statens helsepersonellnemnd (Helsepersonellnemnda) er klageorgan for vedtak som gjeld tildeling av autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning etter helsepersonelloven og reaksjonar ved brot på føresegnene i lova mv.

Det felles sekretariatet for Klagenemnda, PGD-nemnda og Helsepersonellnemnda har bede departementet om å vurdere om det bør innførast ein frist på seks månader for å bringe eit vedtak i ei nemnd inn for domstolane.

Departementet foreslår i proposisjonen nye føresegner om søksmålsfrist for vedtak gjorde av Klagenemnda, PGD-nemnda og Helsepersonellnemnda. Departementet legg til grunn at ein frist på seks månader for å bringe ei sak inn for domstolane kan vere ein tenleg frist. Forslaget har fått støtte frå eit klart fleirtal av høyringsinstansane. Etter departementet si vurdering bør søksmålsfrist på desse områda regulerast i lov.

Sekretariatet for dei tre nemndene har innvendingar mot forslaget om at søksmål i alle tilfelle kan reisast «når det er gått 6 måneder fra klage første gang ble framsatt, og det ikke skyldes forsømmelse fra klagerens side at nemndas avgjørelse ikke foreligger». Dette gjeld vedtak frå Klagenemnda og Helsepersonellnmenda, og sekretariatet meiner at desse lovreglane bør utformast i tråd med pasientskadeloven § 18. I denne føresegna er det ikkje vist til at søksmål i alle tilfelle kan reisast når det er gått seks månader sidan klaga første gongen blei sett fram, men presisert at saka først kan leggjast fram for domstolane når endeleg vedtak er gjort. Sekretariatet meiner at ei slik presisering også bør takast inn i pasient- og brukerrettighetsloven og i helsepersonelloven.

Etter departementet si vurdering er det meir naturleg å samordne føresegnene med føresegnene i forvaltningsloven, jf. denne lova § 27 b andre punktum, der det går fram at klagaren skal ha høve til å reise søksmål når det har gått seks månader etter at klaga blei sett fram, dersom klagaren ikkje kan klandrast for at nemnda ikkje har gjort vedtak.

Når det gjeld spørsmål om kven søksmål skal reisast mot, viser departementet til tvisteloven § 1-5 første punktum. Her går det fram: «Søksmål om gyldigheten av forvaltningsvedtak reises mot den myndighet som har truffet avgjørelsen i siste instans.» På denne bakgrunn finn departementet at det ikkje er nødvendig å regulere dette i helsepersonelloven, pasient- og brukerrettighetsloven og bioteknologiloven.

Etter departementet si vurdering vil ei innføring av frist for å leggje vedtak frå dei tre nemndene fram for domstolane, innebere ein arbeidsmessig fordel for nemndene, og legg til grunn at forslaget vil ha ubetydelege økonomiske konsekvensar.