Proposisjonen inneheld forslag om endringar
i gjeldande ordning med koordinator i spesialisthelsetenesta og
forslag om ny ordning med kontaktlege i spesialisthelsetenesta.
Desse forslaga må sjåast i samanheng. I tillegg inneheld proposisjonen
eit forslag som er heilt uavhengig av forslaga om koordinator og
kontaktlege. Dette forslaget gjeld innføring av søksmålsfristar
for vedtak gjorde av Klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og
Statens helsepersonellnemnd.
Dei gjeldande reglane om koordinator i spesialisthelsetenesta
tok til å gjelde 1. januar 2012 og erstatta tidlegare reglar om
pasientansvarleg lege. I spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 a andre ledd
er det bestemt at «koordinator bør være lege, men annet helsepersonell
kan være koordinator når det anses hensiktsmessig og forsvarlig».
I høyringsnotatet som blei sendt ut i juni 2013, blei denne føresegna
foreslått erstatta med ei føresegn om at kontaktpersonen skal vere helsepersonell.
Departementet hadde fått fleire oppfordringar om å fjerne hovudregelen
om at koordinatoren bør vere lege. Tilbakemeldingar frå spesialisthelsetenesta
viste at det var stor variasjon mellom helseføretaka når det gjaldt ambisjonsnivå
og kor langt dei hadde kome i arbeidet med å etablere ein koordinatorfunksjon og
redusere talet på personell som var involvert.
Forslaget fekk brei støtte av høyringsinstansane. Eit
klart fleirtal var einige i at det enkelte helseføretaket sjølv
bør avgjere kva kompetanse koordinatoren skal ha. På denne bakgrunn
held departementet fast på forslaget. Forslaget må sjåast i samanheng
med forslaget om kontaktlege i spesialisthelsetenesta.
Departementet foreslo òg at dei krava vi har
i dag om at koordinatoren må vere helsepersonell, skulle vidareførast.
Med omgrepet helsepersonell meiner ein ikkje berre helsepersonell
med autorisasjon. Helsepersonell er definert i helsepersonelloven
§ 3 første ledd. Her går det fram at omgrepet omfattar:
1. personell med autorisasjon
etter § 48 eller lisens etter § 49
2. personell i helse- og omsorgstenesta
eller i apotek som utfører helsehjelp
3. elevar og studentar som i samband med
helsefagleg opplæring utfører helsehjelp.
Denne definisjonen av helsepersonell gjeld òg ved
tolking av spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 a. Departementet legg
til grunn at dei som blir oppnemnde som koordinatorar etter spesialisthelsetjenesteloven
§ 2-5 a, utfører helsehjelp når dei utøver koordinatorrolla.
Spørsmålet om kven som bør inneha koordinatorrolla
i spesialisthelsetenesta, må vurderast konkret i kvar enkelt sak.
Kva for kvalifikasjonar koordinatoren bør ha, er mellom anna avhengig av
kva sjukdom eller skade pasienten har, og kvar pasienten er i pasientforløpet.
Høyringsinstansane hadde delte meiningar om forslaget
som gjaldt å endre omgrepet «koordinator» til «kontaktperson». Eit
knapt fleirtal var imot dette forslaget og viste mellom anna til
at ei endring av omgrep kan skape forvirring. Denne innvendinga
blir særleg relevant etter at departementet har foreslått ei ordning
med kontaktlege i spesialisthelsetenesta. Departementet finn det ikkje
formålstenleg å halde fast på forslaget om å endre omgrepet «koordinator»
til «kontaktperson» etter at forslaget om «kontaktlege» er sendt ut.
Ein bør halde på omgrepet koordinator for å skilje denne rolla tydelegare
frå rolla til kontaktlegen. Departementet viser òg til fråsegner
frå høyringsinstansane om at omgrepet koordinator har festa seg
og er dekkjande for dei funksjonane som denne ordninga skal omfatte.
På denne bakgrunn finn departementet at ein bør halde på omgrepet
koordinator både i helse- og omsorgstjenesteloven og i spesialisthelsetjenesteloven.
Høyringsnotatet av 28. juni 2013 inneheldt òg forslag
om å innskrenke det lovpålagde ansvaret for den koordinerande eininga
for habiliterings- og rehabiliteringstiltak i spesialisthelsetenesta, slik
at denne eininga ikkje lenger skal ha ansvar for oppnemning, opplæring
og rettleiing av koordinatorar.
Etter ei nærmare vurdering av fråsegnene frå høyringsinstansane
finn departementet ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å halde fast
på forslaget om at den koordinerande eininga i spesialisthelsetenesta
ikkje lenger skal ha overordna ansvar for opplæring og rettleiing
av koordinatorar. Det inneber at departementet etter høyringa meiner at
gjeldande reglar bør vidareførast.
Departementet finn heller ikkje grunn til å
halde fast ved forslaget om at den koordinerande eininga i spesialisthelsetenesta
ikkje skal ha eit overordna ansvar for å oppnemne koordinator. Departementet
viser òg til innspel frå fleire høyringsinstansar om at reglane
har verka i kort tid, og at det tek tid før slike reglar festar
seg og får full effekt i tenesteapparatet.
Høyringsnotat med forslag om å lovfeste ei plikt til
å oppnemne og rett til å få oppnemnt kontaktlege blei publisert
24. oktober 2014, og fekk i hovudsak støtte av høyringsinstansane.
Det var delte meiningar om kva for krav og kor strenge krav ein
skal stille til når plikta og retten skal gjelde. Etter departementet
si vurdering er det korkje mogleg eller formålstenleg å regulere
i detalj i lovteksten kva for pasientgrupper forslaget skal omfatte.
Forslaget baserer seg på at det må gjerast ei heilskapsvurdering
i kvart enkelt tilfelle.
Departementet held fast på at både plikta og retten
blir avgrensa til «pasienter som har alvorlig sykdom, skade eller
lidelse, og som har behov for behandling eller oppfølging av spesialisthelsetjenesten
av en viss varighet». Forslaget inneber at både kravet til kor alvorleg
tilstanden er, og kravet til behandling eller oppfølging i ein viss
tidsperiode, må vere oppfylte for at vilkåra skal vere tilfredsstilte.
Departementet vil halde fast ved vurderinga
i høyringsnotatet om at utgangspunktet for når retten og plikta
for å få oppnemnt kontaktlege skal gjelde, må vere ei objektiv,
fagleg vurdering.
Departementet er einig i at det er behov for
meir rettleiing om korleis krava i forslaget til lovtekst skal bli
forstått. Departementet vil derfor be Helsedirektoratet om å utarbeide
ein rettleiar i samarbeid med helseføretaka og utvalde fagmiljø.
Rettleiaren kan setje opp nærmare kriterium for kva typar pasientar
ordninga skal gjelde for.
Helse Vest RHF meiner at spesialisthelsetenesta bør
ha ansvar for å oppnemne kontaktlege, og ikkje helseføretaket, slik
det blei foreslått i høyringsnotatet. Helse Vest RHF har vist til
at det er ulike måtar å organisere tenestene på, og at reglane ikkje
må utelukke at også private helseinstitusjonar med avtale kan ha
plikt til å utnemne kontaktlege. Departementet finn det ikkje formålstenleg
å påleggje alle private helseinstitusjonar med avtale å oppnemne
kontaktlege, men meiner at det enkelte regionale helseføretaket
må vurdere dette i samband med inngåing av den enkelte avtalen.
Etter dette held departementet fast på forslaget om
at det enkelte helseføretaket bør ha ansvaret for å oppnemne kontaktlege.
Departementet viser òg til at spesialisthelsetjenesteloven § 2-5 b seier
at den koordinerande eininga i det enkelte helseføretaket har det
overordna ansvaret for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator.
I høyringsnotatet blei det òg foreslått at avdelingsleiaren
eller einingsleiaren skal peike ut kven som skal vere kontaktlege
for pasienten. Departementet finn etter ei ny vurdering at spørsmålet
om kva person som skal peike ut kontaktlegen, ikkje bør lovregulerast.
Forslaget til ny § 2-5 c andre ledd i spesialisthelsetjenesteloven
er derfor endra, slik at det går fram at helseføretaket skal peike
ut kven som skal vere kontaktlege for pasienten. Dette inneber at helseføretaket
skal stå fritt til å bestemme kven som i praksis skal utpeike kontaktlegen,
og kva for rutinar som skal følgjast.
Fleire høyringsinstansar er kritiske til forslaget
i høyringsnotatet om at kontaktlegen skal peikast ut seinast ved
innlegging eller poliklinisk undersøking. Det blir vist til at dette
i praksis kan vere vanskeleg eller umogleg å oppfylle. Departementet
foreslår på denne bakgrunn at tidspunktet for tildeling av kontaktlege
blir sett til «så snart som mulig etter at det er vurdert at pasienten
har rett til kontaktlege, senest første virkedag etter innleggelse
eller poliklinisk undersøkelse».
I høyringsnotatet foreslo departementet at kontaktlegen
skulle vere den faste medisinskfaglege kontakten til pasienten.
Ei presisering av dette var teken inn i forslaget til ny § 2-5 c
tredje ledd første punktum i spesialisthelsetjenesteloven. Departementet
oppfattar fråsegnene frå høyringsinstansane slik at eit fleirtal
støttar dette forslaget, og held fast ved det.
Ein kan ikkje vente at kontaktlegen sjølv skal kunne
svare på alle medisinskfaglege spørsmål, men vedkomande skal ha
ansvar for å innhente informasjon og eventuelt formidle kontakt
med andre, slik at pasienten får svar eller eventuelt blir undersøkt
i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Spesialisthelsetenesta skal sørgje for koordinering
av tenestene ved sjukehusinnlegging/dagbehandling og vidare oppfølging
i spesialisthelsetenesta, jf. spesialisthelsetjenesteloven § 2-2,
der det går fram at ein skal gi den enkelte pasienten eit heilskapleg
og koordinert tenestetilbod.
Departementet foreslår at helseføretaket må
vurdere om kontaktlegen òg bør peikast ut som informasjonsansvarleg
etter helsepersonelloven § 10 og journalansvarleg etter helsepersonelloven
§ 39. I vurderinga må det leggjast vekt på kva som i det enkelte
tilfellet vil vere mest formålstenleg for å sikre kontinuitet i
pasientforløpet.
I høyringsnotatet foreslo departementet eit
krav om at den som blir peikt ut til kontaktlege, må vere involvert
i behandlinga eller oppfølginga av pasienten. Dette blei foreslått
presisert i ny § 2-5 c første ledd andre punktum i spesialisthelsetjenesteloven.
Fleire høyringsinstansar meiner at kontaktlegen bør
vere «behandlingsansvarleg lege». Etter departementet si vurdering
bør spørsmålet om kven som skal ha hovudansvaret for behandlinga av
pasienten, ikkje lovregulerast. Departementet meiner at det bør
vere opp til det enkelte helseføretaket å vurdere om den som blir
oppnemnd som kontaktlege, òg bør ha hovudansvaret for behandlinga
av pasienten/vere behandlingsansvarleg lege. Departementet legg til
grunn at det i mange tilfelle er mest naturleg og ein fordel for
pasienten at kontaktlegen også har hovudansvaret for behandlinga
av pasienten, men meiner at helseføretaka ikkje bør påleggjast å
velje ei slik ordning. På denne bakgrunn held departementet fast
ved forslaget om at kontaktlegen må vere involvert i behandlinga
eller oppfølginga av pasienten.
Nærmare rettleiing om ansvar og oppgåver for kontaktlegen
vil bli gitt i rettleiaren som skal utarbeidast av Helsedirektoratet
i samarbeid med helseføretaka/fagmiljøa.
Departementet held fast ved at hovudskiljet
mellom rolla til koordinatoren og rolla til kontaktlegen inneber
at koordinatoren skal ha det praktiske ansvaret for å samordne tenestene,
medan kontaktlegen skal vere den medisinskfaglege kontakten til
pasienten. Tilbakemeldingane frå høyringsinstansane viser at det
er behov for meir rettleiing om forholdet mellom koordinatoren og
kontaktlegen. Departementet vil sørgje for at det vil bli gitt nærmare orientering
om rollene til kontaktlegen og koordinator i den rettleiaren som
Helsedirektoratet skal utarbeide.
Etter planen skal det i løpet av 2015 implementerast
totalt 28 pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standard
pasientforløp som gjer greie for organisering av utgreiing og behandling,
kommunikasjon/dialog med pasienten og pårørande, i tillegg til ansvarsplassering
og konkrete forløpstider.
Departementet legg til grunn at vilkåra for
plikta til å oppnemne koordinator etter spesialisthelsetjenesteloven
§ 2-5 a ofte vil vere oppfylte for kreftpasientar, fordi dei ofte
vil ha behov for «koordinerte tjenester», eventuelt «komplekse eller
langvarige tjenester». Dersom vilkåra i spesialisthelsetjenesteloven
§ 2-5 a er oppfylte, har helseføretaket ei lovbestemt plikt til
å oppnemne koordinator. For kreftpasientar vil det oftast vere naturleg
at forløpskoordinatoren har funksjonen som koordinator etter denne
føresegna.
Høyringsinstansane har delte meiningar om forslaget
som gjaldt tenester i det psykiske helsevernet og ved tverrfagleg
spesialisert behandling for rusmiddelavhengige. For desse tenestene
blei det foreslått at anna helsepersonell kan peikast ut i staden
for kontaktlege, dersom det er mest formålstenleg ut frå den behandlinga eller
oppfølginga som skal skje. Etter ei nærmare vurdering av høyringsfråsegnene
meiner departementet at rolla som kontaktansvarleg for tenester
i det psykiske helsevernet og for tverrfagleg spesialisert behandling
for rusmiddelavhengige kan avgrensast til helsepersonell som er
autorisert som lege eller psykolog. Forslaget til ny § 2-5 c fjerde
ledd er derfor endra, slik at kontaktpsykolog kan utnemnast i staden
for kontaktlege for desse tenestene dersom det er mest formålstenleg
ut frå den behandlinga eller oppfølginga som skal skje.
Dei krava som gjeld for plikta til å oppnemne
og retten til å få oppnemnt kontaktlege, gjeld tilsvarande for oppnemning
av kontaktpsykolog. Det same gjeld ansvaret for å oppnemne vedkomande
og ansvar og oppgåver for den som blir oppnemnt.
Departementet legg til grunn at det å fjerne
regelen om at koordinatoren som hovudregel bør vere lege, ikkje
vil føre til meirarbeid eller ha økonomiske konsekvensar.
Departementet meiner at forslaget om å innføre kontaktlege
i spesialisthelsetenesta, først og fremst handlar om betre organisering
av tenesta. Sjølv om ordninga i ein overgangsperiode kan føre til
noko meir administrasjon, vil dette på lengre sikt mest sannsynleg
bli utlikna av dei innsparingane ordninga kan innebere i form av samhandlingsgevinstar,
betre ressursutnytting og betre kvalitet i tenestene. Samla sett
meiner departementet at forslaget om kontaktlege sannsynlegvis ikkje
får vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Forslaget
kan derfor etter departementet si vurdering gjennomførast innanfor
gjeldande økonomiske rammer. Departementet viser til at enkelte
helseføretak allereie har innført eller er i gang med å innføre ei
ordning med kontaktlege.
Departementet ser at det vil vere krevjande
for mange avdelingar på sjukehusa å få omorganisert tenesta slik
at ordninga er på plass straks. Fleire høyringsinstansar har peikt
på at innføring av kontaktlege vil krevje nye administrative prosedyrar
og arbeidsoppgåver knytte til vurdering av rettar, oppnemning av
kontaktlege, dokumentasjon, informasjon osv. Dette må takast med
i vurderinga av når lovendringane skal tre i kraft.
Departementet held fast ved vurderinga i høyringsnotatet
når det gjeld konsekvensar av retten til å klage etter pasient-
og brukerrettighetsloven kapittel 7. Her går det fram at departementet
legg til grunn at meirarbeidet, fordelt på dei enkelte helseføretaka
og fylkesmannsembeta, som følgje av retten til å klage på manglande
oppnemning av kontaktlege ikkje vil bli omfattande.
Klagenemnda for behandling i utlandet (Klagenemnda)
avgjer klager på vedtak gjorde av kontora ved dei regionale helseføretaka
om avslag på dekning av utgifter til behandling i utlandet. Preimplantasjonsdiagnostikknemnda
(PGD-nemnda) avgjer søknader om preimplantasjonsdiagnostikk for
å utelukke alvorleg arveleg sjukdom. I tillegg avgjer nemnda søknader
om preimplantasjonsdiagnostikk for å undersøkje vevstype med sikte
på at eit komande barn kan vere stamcelledonor for eit sysken med alvorleg,
arveleg sjukdom. Statens helsepersonellnemnd (Helsepersonellnemnda)
er klageorgan for vedtak som gjeld tildeling av autorisasjon, lisens
og spesialistgodkjenning etter helsepersonelloven og reaksjonar
ved brot på føresegnene i lova mv.
Det felles sekretariatet for Klagenemnda, PGD-nemnda
og Helsepersonellnemnda har bede departementet om å vurdere om det
bør innførast ein frist på seks månader for å bringe eit vedtak i
ei nemnd inn for domstolane.
Departementet foreslår i proposisjonen nye føresegner
om søksmålsfrist for vedtak gjorde av Klagenemnda, PGD-nemnda og
Helsepersonellnemnda. Departementet legg til grunn at ein frist på
seks månader for å bringe ei sak inn for domstolane kan vere ein
tenleg frist. Forslaget har fått støtte frå eit klart fleirtal av
høyringsinstansane. Etter departementet si vurdering bør søksmålsfrist
på desse områda regulerast i lov.
Sekretariatet for dei tre nemndene har innvendingar
mot forslaget om at søksmål i alle tilfelle kan reisast «når det
er gått 6 måneder fra klage første gang ble framsatt, og det ikke
skyldes forsømmelse fra klagerens side at nemndas avgjørelse ikke
foreligger». Dette gjeld vedtak frå Klagenemnda og Helsepersonellnmenda,
og sekretariatet meiner at desse lovreglane bør utformast i tråd
med pasientskadeloven § 18. I denne føresegna er det ikkje vist
til at søksmål i alle tilfelle kan reisast når det er gått seks
månader sidan klaga første gongen blei sett fram, men presisert
at saka først kan leggjast fram for domstolane når endeleg vedtak
er gjort. Sekretariatet meiner at ei slik presisering også bør takast
inn i pasient- og brukerrettighetsloven og i helsepersonelloven.
Etter departementet si vurdering er det meir naturleg
å samordne føresegnene med føresegnene i forvaltningsloven, jf.
denne lova § 27 b andre punktum, der det går fram at klagaren skal
ha høve til å reise søksmål når det har gått seks månader etter
at klaga blei sett fram, dersom klagaren ikkje kan klandrast for
at nemnda ikkje har gjort vedtak.
Når det gjeld spørsmål om kven søksmål skal
reisast mot, viser departementet til tvisteloven § 1-5 første punktum.
Her går det fram: «Søksmål om gyldigheten av forvaltningsvedtak
reises mot den myndighet som har truffet avgjørelsen i siste instans.»
På denne bakgrunn finn departementet at det ikkje er nødvendig å
regulere dette i helsepersonelloven, pasient- og brukerrettighetsloven
og bioteknologiloven.
Etter departementet si vurdering vil ei innføring av
frist for å leggje vedtak frå dei tre nemndene fram for domstolane,
innebere ein arbeidsmessig fordel for nemndene, og legg til grunn
at forslaget vil ha ubetydelege økonomiske konsekvensar.