Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en forpliktende opptrappingsplan for psykisk helsevern.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa legge fram ein plan for opptrapping av helsetilbodet i norske fengsel, som mellom anna inkluderer etablering av områdefunksjon for psykisk helsevern og rusmeistringseiningar/stifinnareiningar i alle fengsel.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa sørge for at alle helseføretak innfører rutinar for varsling av kommunehelsetenesta ved utskriving av ein pasient som er innlagd for overdose, sjølvmordsforsøk eller mogleg sjølvmordsforsøk.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa utgreie og innføre eit informasjons- og varslingssystem som kan brukast mellom etatar som i kortare eller lengre periodar behandlar eller følgjer opp personar med alvorleg rusliding og psykisk liding (ROP).

Forslag 5

Stortinget ber regjeringa avklare oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom helseføretak, kommunehelsetenesta og andre kommunale etatar for brukarar og pasientar med alvorleg rusliding og psykisk liding (ROP) og som har hyppig kontakt med hjelpeapparatet.

Forslag 6

Stortinget ber regjeringa sørge for ei kartlegging av kva slags bustader kommunane tilbyr menneske med alvorlege ruslidingar og psykiske lidingar (ROP), og kva hjelpetenester som gis i dei, og på denne bakgrunnen fremme forslag om gode modellar for bustadtilbod for denne gruppa Brukerperspektivet i kartlegginga må vektleggast.

Forslag 7

Stortinget ber om at det det etableres flere ROP-plasser i tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB), og at dette understrekes i oppdragsdokument til de regionale helseforetakene.

Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 8

Stortinget ber regjeringen sørge for at alle med rusproblemer i fengsel får tilbud om rusbehandling. Det bes om at regjeringen etablerer rusmestringsenheter i alle fengsler.

Forslag fra Senterpartiet:
Forslag 9

Stortinget ber regjeringa tydeleggjere kommunehelsetenesta si moglegheit for tilbakehalding med tvang i inntil tre månader i ei egna døgninstitusjon dersom ein person er i ferd med å ruse seg på ein slik måte at liv og helse blir sett i kritisk fare, jamfør helse- og omsorgstjenestloven § 10-2.