Søk

Innhald

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Med meldinga presenterer regjeringa for første gongen barne- og ungdomskulturfeltet som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå.

Ei slik melding blei varsla i kulturmeldinga Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft – Kulturpolitikk for framtida, som regjeringa la fram hausten 2018. Stortinget har i tillegg i eit oppmodingsvedtak bede regjeringa om ei melding om kulturskolen. Kulturskolen har derfor ein sentral plass i meldinga. Kulturmeldinga understreka at kultursektoren og utdanningssektoren bidreg både saman og kvar for seg til å gi felles kulturelle referansar, høve til å utvikle skapande evner, språkopplæring og opplæring i demokratiske verdiar. Dei to politikkområda må sjåast i samanheng for å utvikle ein kulturpolitikk for, med og av barn og unge

Samfunnet vårt har vore stilt overfor harde prøvelsar etter at koronapandemien blei stadfesta våren 2020. Dei som lever av å produsere eller formidle kunst og kultur, har vore særleg ramma. Barnehagane og skolene har vore stengde, og dei ulike smitteverntiltaka har forandra kvardagen til barna og elevane. Mange barn og unge har òg gått glipp av kultur- og fritidstilbod i ein periode av livet som dei aldri får tilbake. Alt dette gjer det særleg viktig å vurdere korleis vi skal innrette og utforme offentlege verkemiddel på barne- og ungdomskulturfeltet.

I Grunnlova står det at myndigheitene har eit ansvar for å leggje forholda til rette for ytrings- og informasjonsfridom og eit velfungerande offentleg rom. Ein viktig del av dette ansvaret er å sikre at det går an å halde på med kunst- og kulturaktivitet, at føresetnadene er der. Barnehagen, skolen, skolefritidsordninga (SFO) og kulturskolen har ei stor og viktig rolle i danninga og utdanninga for barn og unge. At barn og unge har rett til ytrings- og informasjonsfridom, kulturell deltaking og utdanning, er dessutan nedfelt i internasjonale konvensjonar som Noreg er bunde av.

Derfor er målet med meldinga å leggje til rette for at alle norske barn og unge – uavhengig av bustad, økonomi, funksjonsevne og sosial og etnisk bakgrunn – får tilgang til eit breitt og mangfaldig kulturliv og får moglegheita til sjølve å delta, skape, lære og meistre