Søk

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa støtta India og Sør-Afrikas forslag i WTO om eit unntak frå visse reglar i TRIPS-avtalen, som vil gi eit mellombels unntak frå visse immaterielle rettar under covid-pandemien for å auka produksjon og tilgang på vaksinar, testutstyr, medisinar og medisinsk utstyr – utan vilkår eller krav om motytingar.

  2. Stortinget ber regjeringa støtta aktive, konstruktive og tekstbaserte forhandlingar om eit mellombels unntak frå TRIPS-avtalen, for å forbetra global tilgang til rimelege covid-relaterte medisinske produkt og for å handtera globale produksjonsavgrensingar og mangel på forsyningar.

  3. Stortinget ber regjeringa styrka arbeidet for ei løysing på den enorme ulikskapen i verda i tilgang på vaksinar, medisinar og medisinsk utstyr for å kjempa imot covid-pandemien, med særleg merksemd på auka vaksineproduksjon og den geografiske fordelinga av produksjonskapasitet, og støtta ein revisjon av det globale rammeverket for immaterielle rettar for framtidige pandemiar.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.