Søk

Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa støtta India og Sør-Afrikas forslag i WTO om eit unntak frå visse reglar i TRIPS-avtalen, som vil gi eit mellombels unntak frå visse immaterielle rettar under covid-pandemien for å auka produksjon og tilgang på vaksinar, testutstyr, medisinar og medisinsk utstyr – utan vilkår eller krav om motytingar.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa støtta aktive, konstruktive og tekstbaserte forhandlingar om eit mellombels unntak frå TRIPS-avtalen, for å forbetra global tilgang til rimelege covid-relaterte medisinske produkt og for å handtera globale produksjonsavgrensingar og mangel på forsyningar.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa styrka arbeidet for ei løysing på den enorme ulikskapen i verda i tilgang på vaksinar, medisinar og medisinsk utstyr for å kjempa imot covid-pandemien, med særleg merksemd på auka vaksineproduksjon og den geografiske fordelinga av produksjonskapasitet, og støtta ein revisjon av det globale rammeverket for immaterielle rettar for framtidige pandemiar.