2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tove Elise Madland, Cecilie Myrseth, Even A. Røed og Truls Vasvik, frå Høgre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og leiaren Tone Wilhelmsen Trøen, frå Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge Myrvold, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, frå Sosialistisk Venstreparti, Marian Hussein, frå Raudt, Seher Aydar, frå Kristeleg Folkeparti, Olaug Vervik Bollestad, og frå Pasientfokus, Irene Ojala, viser til Prop. 102 LS (2021–2022) Endringer i legemiddelloven (legemidler til dyr) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 372/2021 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/6 om legemidler til dyr. Komiteen gjer merksam på at denne innstillinga gjeld forslaget til endring av legemiddelloven, og at forslaget om samtykke til innlemming av EU si forordning om legemiddel til dyr i EØS-avtalen er handsama i ei eiga innstilling frå komiteen.

Komiteen støttar vurderinga til departementet om at forordning (EU) 2019/6 må gjennomførast i norsk rett ved inkorporasjon i lov, og at forordninga vert gjeldande som norsk lov utan omskrivingar i eit eige kapittel I a i gjeldande legemiddellov.

Komiteen viser til at Justis- og beredskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet uttalte til høyringa at dei er positive til at forordning (EU) 2019/6 vert gjennomført i lovs form.

Komiteen sluttar seg til til at forordninga om legemiddel til dyr vert gjeldande som norsk lov utan omskrivingar i eit eige kapittel I a i gjeldande legemiddellov.