Stortinget - Møte onsdag den 15. desember 1993

Dato: 15.12.1993

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 12

Einar Olav Skogholt (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

Vil samferdselsministeren ta initiativ til å utarbeide regler/forskrifter for vedlikehold av statlige, kommunale og private bruer?

Statsråd Kjell Opseth: Ein har ikkje i dag nærare føresegner for vedlikehald av offentlege bruer. Retningsliner for vedlikehald av offentleg veg vil kunne gjevast med heimel i veglova § 16. Staten, fylka og kommunane har likevel eit vedlikehaldsansvar i kraft av å vere vegstyresmakt etter § 9 i veglova.

Når det gjeld vegar som er opne for allmenn ferdsel, kan vegsjefane etter § 56 i veglova kontrollere om dei er trygge nok, og kan om det er naudsynt syte for at dei blir sperra.

Samferdselsdepartementet er kjent med at ei kommunal bru nyleg har svikta under bruk, noko som òg har hendt tidlegare. Det er òg grunn til å tru at det kan finnast private bruer som er i dårleg stand. Eg vil difor be Vegdirektoratet vurdere tiltak for å betre vedlikehaldet på kommunale og private bruer og om naudsynt utarbeide framlegg til retningsliner for slikt vedlikehald.

Einar Olav Skogholt (A): Jeg vil få takke statsråden for et meget positivt svar. Et bedre vedlikehold på kommunale og private bruer tror jeg er nødvendig. Jeg er derfor glad for at samferdselsministeren vil vurdere tiltak for å bedre vedlikeholdet på kommunale og private bruer og om nødvendig også utarbeide forslag til retningslinjer for slikt vedlikehold.

Det viktigste er selvsagt under byggearbeidene å bruke materialer som krever minimalt vedlikehold. Jeg har med stor interesse registrert at Samferdselsdepartementet, Vegkontoret i Nordland og Næringsdepartementet har bevilget betydelige beløp til et FoU-prosjekt som nettopp går på vedlikeholdsoppgaver m.v.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil berre stadfeste det representanten Skogholt no gav uttrykk for. Bakgrunnen for at vi har sett i gang dette FoU-prosjektet er jo m.a. dei store skadane ein ser på bruene også i riksvegsamanheng.