Stortinget - Møte onsdag den 1. juni 1994

Dato: 01.06.1994

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 19

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mitt spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren lyder slik:

Det er eit stort udekt behov for lydlitteratur, særleg bok og band. Mange elevar, både i grunnskule og vidaregåande opplæring, kunne hatt ein langt betre læresituasjon om tilbodet var større. Også mange studentar har bruk for « lesehjelp ».

Kva vil statsråden føreta seg for å gjera lydlitteraturen meir tilgjengeleg?

Statsråd Gudmund Hernes: Frå 1987 har det vore gjeve støtte til produksjon av lydbøker og bok og band med eiga løyving på statsbudsjettet. Nasjonalt læremiddelsenter, som har ansvaret for støtteordninga, disponerer for 1994 i alt 3.173.000 kr til dette føremålet. Senteret prioriterer i år lydbøker til dei nye grunnkursa i Reform 94.

Røynslene frå bruk av lydbøker har vore gode, og det har kome eit gjennombrot i interessa for både å bruke og produsere slike pedagogiske hjelpemiddel. Dette har samanheng med dei statlege løyvingane, med dei kurs om lydbøker som har vore arrangerte, ulike artiklar i media og det arbeid som mellom anna Senter for leseforsking og ulike interesseorganisasjonar har utført på området. Senteret har mellom anna undersøkt korleis fornuftig bruk av bok og band og lydbøker kan ha positiv effekt for motivasjon og læring. Senteret har òg utarbeidd ei rettleiing i bruk av bok og band.

Fleire kommunar har satsa målretta på bruk av lydbøker, og nye lydbokforlag har kome til. Samstundes har dei etablerte forlaga synt større interesse for å produsere lydbøker.

Enkelte fylkeskommunar, som til dømes Rogaland og Sør-Trøndelag, har starta eiga innlesing og eigen distribusjon i tillegg til det utlånet som Huseby kompetansesenter for synshemma har ansvaret for. Målet om å gjere lydbøker tilgjengelege for alle og få i gang bruk av lydbøker, er såleis betre ivareteke enn tidlegare. Omsetninga har òg auka sterkt dei siste åra. Samstundes veit vi at tilgangen ikkje dekkjer etterspurnaden.

Når det gjeld bok og band som hjelpemiddel i leseopplæringa, er det alt såpass mange titlar på marknaden at dei dekkjer behova hos ulike aldersgrupper og elevar på ulike stadium i leseutviklinga. Behovet for variasjon og fornying vil ein kunne dekkje på dette området innafor dei eksisterande rammene. Det er dessverre ikkje mogleg å utvikle lydbøker i all faglitteratur og til alle dei ulike lærebøkene innafor skolefaga. Her må ein gjere utval etter kriterium.

Det er òg eit problem at omfanget av lokale innlesingar ser ut til å auke. Problemet ligg i varierande kvalitet, avgrensa distribusjon, opphavsrettslege spørsmål, dessutan i at det nasjonaløkonomisk sett er lite rasjonell bruk av offentlege ressursar.

Nasjonalt læremiddelsenter har med grunnlag i dei erfaringar som er gjorde sidan 1987, og dei nye behova som er komne til uttrykk, sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Den norske Forleggerforening, Norsk Dysleksiforbund, Senter for leseforsking, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Blindeforbundet og Huseby kompetansesenter for synshemma som skal vurdere ei rekkje sider ved lydbokarbeidet for å sikre betre tilgang på området. Arbeidsgruppa vil mellom anna drøfte pedagogiske, juridiske og økonomiske konsekvensar ved alternative ordningar ut frå dei behova ein ser. Når dette arbeidet er ferdig, vil departementet ha eit godt grunnlag for å vurdere om det er nødvendig med særskilde tiltak. Departementet vil såleis ta stilling til eventuelle forslag når innstillinga ligg føre, etter handsaming i styret for Nasjonalt læremiddelsenter. Dette vil skje i august-september i år.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg takkar for svaret.

Mitt formål med dette spørsmålet er å løfta opp og fram ei stor gruppe elevar og studentar som på grunn av lesehemming har bruk for tiltak som gjer læresituasjonen lettare.

Eg veit både ut frå eigne erfaringar i skulen og ikkje minst gjennom kontakt med Senter for leseforsking i Rogaland at ein kassettspelar med lydbok, eller kombinasjon bok og lydband, kan vera av stor verdi. Eg deler statsråden si oppfatning av at det som går føre seg av produksjon i dag, er tilfeldig. Det har vekslande kvalitet, og ikkje minst er det ei svært avgrensa produksjon. Det er eit stort behov for faglitteratur og pensumlitteratur ikkje minst i samband med Reform 94. Eg trur satsing på dette området kan føra med seg innsparing på andre område.

Mitt spørsmål vil då vera: Sjølv om det her er ei gruppe som kjem til å leggja fram ei innstilling i løpet av hausten, kan statsråden likevel tenkja seg alt i 1995-budsjettet å signalisera at produksjonsstøtte til lydlitteratur skal gjevast høgare prioritet?

Statsråd Gudmund Hernes: Vi har jo også fra departementets side ønsket å løfte opp og frem denne gruppen. Det er også grunnen til at vi ikke bare har satset midler på området, men har gitt et særskilt ansvar til Nasjonalt læremiddelsenter, og at vi også har et svært nært samarbeid med Senter for leseforsking i Rogaland.

Når det så gjelder spørsmålet om jeg alt nå kan si noe om budsjettet for 1995, er jeg jo klar over at representantene ved enhver anledning her i salen gjerne vil løfte på de slør som tilhyller denne mystiske skikkelse, som altså da vil avsløres en gang i oktober. Men jeg tror nok at vi i tråd med romanens betegnelse eller navn får si at vi får vente til en dag i oktober.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ja, lat meg først seia at eg er glad for at statsråden her streka under at dette er eit prioritert område. Eg tykkjer likevel at 3 millioner kr i seg sjølv er eit så beskjedent beløp at det ikkje går an å få gjort så veldig mykje.

Det er òg ei anna side ved denne typen litteratur som er verdt å sjå nærmare på - det er rett nok eit område som høyrer under eit anna departement, men signal frå Utdanningsdepartementet vil likevel vera viktige - og det er dette at mens bøker er fritekne for moms, er lydbøker ikkje det. Det fører jo då med seg at lydbøker i seg sjølv blir meir kostbare, og òg til ein forskjell i kombinasjonen bok og band. Kan statsråden vera einig i at det kan følast som ei utilsikta diskriminering av funksjonshemma, og vil han der ta eit initiativ for å få til ei endring?

Statsråd Gudmund Hernes: Jeg kan i og for seg være enig i at dette beløpet er beskjedent. I matematikken har man en betegnelse for noe som utgjør summen av en serie infinitesimalt små størrelser. Det kalles et integral. Det er det som representerer problemet på statsbudsjettet - ikke de små og beskjedne beløp, men summen av dem. Og da er det klart at når man med like stor entusiasme overfor de ulike statsråder gjør gjeldende at man bør øke summen av disse små, beskjedne beløp, adderer det seg opp til noe som jeg tror at selv Senterpartiet ville få problemer med å skaffe til veie midler til.

Når det gjelder spørsmålet om moms, vil jeg tro at arbeidsgruppen som skal drøfte ikke bare det pedagogiske, men - som jeg sa - også juridiske og økonomiske konsekvenser av alternative ordninger, vil gå inn på dette. I den grad de gjør det, skal jeg selvsagt se på de anbefalinger gruppen kommer med.