Jon Lilletun (KrF):
Eg ynskjer å
stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Mange kommunar reduserer no
vaksenopplæringa for funksjonshemma kraftig med bakgrunn i Malvik-dommen og
rundskriv frå departementet. I NOU 1995:18 vert det gjort framlegg om ny
lovfesting av vaksne funksjonshemma sin rett til vaksenopplæring. Statsråd
Gudmund Hernes lova i samband med Stortingets handsaming av min
interpellasjon av 4. april 1994 å fylgja saka nøye.
Kva vil departementet gjera for at
ikkje eksisterande tilbod skal verte nedbygde før opplæringslova kjem til
behandling i Stortinget?
Statsråd Reidar Sandal:
Departementet
har i tida etter interpellasjonen av 4. april 1994 om vaksne sin rett til
spesialundervisning følgt situasjonen for vaksne psykisk utviklingshemma
nøye. Tilboda for vaksne psykisk utviklingshemma med behov for
spesialundervisning har i liten grad endra seg etter Malvik-dommen, dersom
ein ser landet under eitt.
Både departementet sin statistikk og
Sosialdepartementet si evaluering av HVPU-reforma viser at det er små
endringar i talet på vaksne som får spesialundervisning. Tal for 1993 og
1995 fortel at ca 6.000 vaksne psykisk utviklingshemma fekk vaksenopplæring
begge desse åra. I forhold til alle psykisk utviklingshemma over 20 år er
det ein dekningsgrad på 47 %.
Spesialundervisning for vaksne psykisk
utviklingshemma er ikkje meint å vere eit heildagstilbod, men er tenkt som
ein del av eit totaltilbod som omfattar arbeid, opplæring og fritid.
Departementet har i eige rundskriv til
mellom andre kommunane gjeve uttrykk for korleis Malvik-dommen må tolkast.
Statens utdanningskontor har rett til å gripe inn med kontroll av vedtak i
ein kommune med heimel i § 59 i kommunelova og § 34 i grunnskulelova.
Statens utdanningskontor kan også på
eige initiativ gripe inn dersom det kjem fram opplysningar som tyder på at
reglane blir brotne. Kommunen er forplikta til å følgje det skjønnet som
Statens utdanningskontor har.
Statens utdanningskontor samtaler med
kommunane om tildelingspraksis og forholda innanfor vaksenopplæring
generelt. Dette arbeidet vil halde fram. I dei årlege tilstandsrapportane
frå Statens utdanningskontor er det ikkje meldt om store endringar på
fylkesnivå. Spesialundervisning for vaksne funksjonshemma er eit av dei
tema det blir fokusert på i dei regionale tilstandsrapportane. Statens
utdanningskontor er bedt om spesielt å vere merksam på kommunar der ein ser
nedgang i tilboda.
Departementet ser det som ei svært
viktig oppgåve å sikre rettane til svake grupper. I NOU 1995:18, Ny
lovgivning om opplæring, blir situasjonen for vaksne funksjonshemma vurdert
nøye. Dette arbeidet gjev eit godt grunnlag for departementet sitt arbeid
med den nye opplæringslova.
Departementet arbeider også med ei
stortingsmelding om spesialundervisning der ein vil evaluere tilbod som er
sette i gang for å sikre dei funksjonshemma i alle aldrar eit kvalitativt
godt tilbod.
Jon Lilletun (KrF):
Eg takkar
statsråden for svaret.
Eg er svært fornøgd med den siste
delen, då eg tolkar formuleringane rundt ny opplæringslov slik at ein vil gå
inn på det som utvalet har foreslått, nemleg å gjeninnføre retten til
vedlikehaldsundervisning for psykisk utviklingshemma.
Men eg er ikkje så fornøgd med den
fyrste delen. Opplysningar eg sit inne med frå 16 forskjellige kommunar,
viser ein monaleg nedgang i elevtalet - og eg skal nemne tre eksempel. Det
eine er frå Sarpsborg, der det er ein reduksjon i elevtalet på 60 % på to
år, frå 50 til 20, vidare frå Risør, der det er ein reduksjon på 80 % på
eitt år, frå 20 til 4, og endeleg frå Sandnes, der det er ein reduksjon på
77 % på tre år, frå 66 til 15. Alt dette skuldest Malvik-dommen, som ikkje
gjev dei elevane som har fullført grunnskuleeksamen, rett til undervisning.
Vil statsråden på bakgrunn av denne dokumentasjonen vere villig til å gå
gjennom dette på nytt og vurdere tiltak?
Statsråd Reidar Sandal:
Eg merka meg
dei synspunkta som representanten Lilletun hadde, både det han var spesielt
fornøgd med, og òg det som galdt første del av svaret, som han hadde meir
kritiske merknader til.
Lilletun drog fram eksempel frå nokre
kommunar. Det er vanskeleg for meg å kommentere alle dei, men han nemnde
spesielt Sandnes. Dei tala som eg sit inne med, viser at for Sandnes
kommune sitt vedkomande er situasjonen nok noko annleis enn det som blei
opplyst. Etter ei undersøking pr. 1. januar 1995 var det 71 personar som
fekk vaksenopplæring. Det var ein auke frå 1993 på 22 personar, og det gjev
ein dekningsgrad på 62. Eg vil sjølvsagt sjå på dei innspela som
representanten Lilletun har kome med.
Jon Lilletun (KrF):
Eg merka meg at
datoen som statsråden no nemnde, var ei tid tilbake, så vi får sjå på kva
tal det er som er relevante. Eg veit at vi begge er interesserte i at det
er dei rette tala som skal leggjast til grunn, og at vi er interesserte i
ein dialog på det grunnlaget.
Det neste eg hadde lyst til å ta opp i
forhold til same tema, er det som statsråden nemnde om at ein kan klage til
Statens utdanningskontor. Tilsynsutvala rundt omkring tolkar det slik at
når det gjeld retten til opplæring på grunnskulenivå, kan ein klage til
Statens utdanningskontor, men når det gjeld den vedlikehaldsopplæringa som
etter Malvik-dommen ikkje er lovfesta, kan ein ikkje klage til Statens
utdanningskontor. I så fall sender dei det over til kommunen og viser til
kommunen som rette vedkomande.
Når kommunen først seier nei og så
skal behandle ei klage, vert ikkje det då å setje bukken til å passe
havresekken?
Statsråd Reidar Sandal:
Det er to
spørsmål eg vil få lov til å kommentere.
Først til det prinsipielle. Det må
vere slik at når det ligg føre ein rettskraftig dom, må den politiske
leiinga i departementet rette seg etter den. Der er det ingenting å gå på.
Derfor har departementet sendt ut eit rundskriv etter at domsavseiinga låg
føre.
Det andre spørsmålet som
representanten Lilletun tar opp, viser litt av dei problema som ein står
oppe i når det gjeld praktiseringa, og eg må seie at det er vanskeleg å gå
inn og overprøve det kommunale sjølvstyret. Altså: Der kommunane har
fullmakt til å gjere vedtak etter gjeldande lov, kan ein ikkje endre på det
utan at det er eit legalt grunnlag for det.