Stortinget - Møte onsdag den 24. januar 1996

Dato: 24.01.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Jon Lilletun (KrF): Eg ynskjer å stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Mange kommunar reduserer no vaksenopplæringa for funksjonshemma kraftig med bakgrunn i Malvik-dommen og rundskriv frå departementet. I NOU 1995:18 vert det gjort framlegg om ny lovfesting av vaksne funksjonshemma sin rett til vaksenopplæring. Statsråd Gudmund Hernes lova i samband med Stortingets handsaming av min interpellasjon av 4. april 1994 å fylgja saka nøye.

Kva vil departementet gjera for at ikkje eksisterande tilbod skal verte nedbygde før opplæringslova kjem til behandling i Stortinget?

Statsråd Reidar Sandal: Departementet har i tida etter interpellasjonen av 4. april 1994 om vaksne sin rett til spesialundervisning følgt situasjonen for vaksne psykisk utviklingshemma nøye. Tilboda for vaksne psykisk utviklingshemma med behov for spesialundervisning har i liten grad endra seg etter Malvik-dommen, dersom ein ser landet under eitt.

Både departementet sin statistikk og Sosialdepartementet si evaluering av HVPU-reforma viser at det er små endringar i talet på vaksne som får spesialundervisning. Tal for 1993 og 1995 fortel at ca 6.000 vaksne psykisk utviklingshemma fekk vaksenopplæring begge desse åra. I forhold til alle psykisk utviklingshemma over 20 år er det ein dekningsgrad på 47 %.

Spesialundervisning for vaksne psykisk utviklingshemma er ikkje meint å vere eit heildagstilbod, men er tenkt som ein del av eit totaltilbod som omfattar arbeid, opplæring og fritid.

Departementet har i eige rundskriv til mellom andre kommunane gjeve uttrykk for korleis Malvik-dommen må tolkast. Statens utdanningskontor har rett til å gripe inn med kontroll av vedtak i ein kommune med heimel i § 59 i kommunelova og § 34 i grunnskulelova.

Statens utdanningskontor kan også på eige initiativ gripe inn dersom det kjem fram opplysningar som tyder på at reglane blir brotne. Kommunen er forplikta til å følgje det skjønnet som Statens utdanningskontor har.

Statens utdanningskontor samtaler med kommunane om tildelingspraksis og forholda innanfor vaksenopplæring generelt. Dette arbeidet vil halde fram. I dei årlege tilstandsrapportane frå Statens utdanningskontor er det ikkje meldt om store endringar på fylkesnivå. Spesialundervisning for vaksne funksjonshemma er eit av dei tema det blir fokusert på i dei regionale tilstandsrapportane. Statens utdanningskontor er bedt om spesielt å vere merksam på kommunar der ein ser nedgang i tilboda.

Departementet ser det som ei svært viktig oppgåve å sikre rettane til svake grupper. I NOU 1995:18, Ny lovgivning om opplæring, blir situasjonen for vaksne funksjonshemma vurdert nøye. Dette arbeidet gjev eit godt grunnlag for departementet sitt arbeid med den nye opplæringslova.

Departementet arbeider også med ei stortingsmelding om spesialundervisning der ein vil evaluere tilbod som er sette i gang for å sikre dei funksjonshemma i alle aldrar eit kvalitativt godt tilbod.

Jon Lilletun (KrF): Eg takkar statsråden for svaret.

Eg er svært fornøgd med den siste delen, då eg tolkar formuleringane rundt ny opplæringslov slik at ein vil gå inn på det som utvalet har foreslått, nemleg å gjeninnføre retten til vedlikehaldsundervisning for psykisk utviklingshemma.

Men eg er ikkje så fornøgd med den fyrste delen. Opplysningar eg sit inne med frå 16 forskjellige kommunar, viser ein monaleg nedgang i elevtalet - og eg skal nemne tre eksempel. Det eine er frå Sarpsborg, der det er ein reduksjon i elevtalet på 60 % på to år, frå 50 til 20, vidare frå Risør, der det er ein reduksjon på 80 % på eitt år, frå 20 til 4, og endeleg frå Sandnes, der det er ein reduksjon på 77 % på tre år, frå 66 til 15. Alt dette skuldest Malvik-dommen, som ikkje gjev dei elevane som har fullført grunnskuleeksamen, rett til undervisning. Vil statsråden på bakgrunn av denne dokumentasjonen vere villig til å gå gjennom dette på nytt og vurdere tiltak?

Statsråd Reidar Sandal: Eg merka meg dei synspunkta som representanten Lilletun hadde, både det han var spesielt fornøgd med, og òg det som galdt første del av svaret, som han hadde meir kritiske merknader til.

Lilletun drog fram eksempel frå nokre kommunar. Det er vanskeleg for meg å kommentere alle dei, men han nemnde spesielt Sandnes. Dei tala som eg sit inne med, viser at for Sandnes kommune sitt vedkomande er situasjonen nok noko annleis enn det som blei opplyst. Etter ei undersøking pr. 1. januar 1995 var det 71 personar som fekk vaksenopplæring. Det var ein auke frå 1993 på 22 personar, og det gjev ein dekningsgrad på 62. Eg vil sjølvsagt sjå på dei innspela som representanten Lilletun har kome med.

Jon Lilletun (KrF): Eg merka meg at datoen som statsråden no nemnde, var ei tid tilbake, så vi får sjå på kva tal det er som er relevante. Eg veit at vi begge er interesserte i at det er dei rette tala som skal leggjast til grunn, og at vi er interesserte i ein dialog på det grunnlaget.

Det neste eg hadde lyst til å ta opp i forhold til same tema, er det som statsråden nemnde om at ein kan klage til Statens utdanningskontor. Tilsynsutvala rundt omkring tolkar det slik at når det gjeld retten til opplæring på grunnskulenivå, kan ein klage til Statens utdanningskontor, men når det gjeld den vedlikehaldsopplæringa som etter Malvik-dommen ikkje er lovfesta, kan ein ikkje klage til Statens utdanningskontor. I så fall sender dei det over til kommunen og viser til kommunen som rette vedkomande.

Når kommunen først seier nei og så skal behandle ei klage, vert ikkje det då å setje bukken til å passe havresekken?

Statsråd Reidar Sandal: Det er to spørsmål eg vil få lov til å kommentere.

Først til det prinsipielle. Det må vere slik at når det ligg føre ein rettskraftig dom, må den politiske leiinga i departementet rette seg etter den. Der er det ingenting å gå på. Derfor har departementet sendt ut eit rundskriv etter at domsavseiinga låg føre.

Det andre spørsmålet som representanten Lilletun tar opp, viser litt av dei problema som ein står oppe i når det gjeld praktiseringa, og eg må seie at det er vanskeleg å gå inn og overprøve det kommunale sjølvstyret. Altså: Der kommunane har fullmakt til å gjere vedtak etter gjeldande lov, kan ein ikkje endre på det utan at det er eit legalt grunnlag for det.