Stortinget - Møte onsdag den 14. februar 1996

Dato: 14.02.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 11

Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg tillèt med å stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Departementet har meldt 24 ungdomsorganisasjonar til politiet.

Korleis grunngjev statsråden at organisasjonane er klassifiserte frå departementet si side, med omsyn til grad av lovbrot og forelding?

Statsråd Kjell Opseth: Både ut frå den merksemd det har vore omkring denne saka, og fordi eg har behov for å gå noko utover den ramma som spørsmålet har, ber eg om samtykke frå Presidenten til å gå utover den ordinære taletida.

Presidenten: Med Tingets tillatelse regner presidenten med at det er i orden. Ingen protester er kommet mot det, og statsråden har anledning til å bruke mer enn den tilmålte taletiden.

Statsråd Kjell Opseth: Tidleg i 1995 kom det fram at ei rekkje barne- og ungdomsorganisasjonar hadde gjeve feil opplysningar i samband med søknad om tilskot frå staten. Nokre av organisasjonane har på denne måten fått større tilskot enn dei hadde krav på. Etter kvart som stadig fleire organisasjonar fekk søkjelyset på seg, kom det også frå dei politiske miljøa krav om ein breiare gjennomgang av dette. Regjeringa sette i mars 1995 ned ein granskingskommisjon for å gå gjennom dei aktuelle tilskotsordningane. Kommisjonen leverte 4. august 1995 sin rapport - « Statlige tilskuddsordninger til barne- og ungdomsorganisasjoner ».

Dei aktuelle tilskotsordningane har sidan 1991 lege under Barne- og familiedepartementet. Barne- og familieministeren bad om å bli friteken frå handsaminga av rapporten når det gjeld dei rettslege og økonomiske konsekvensane for organisasjonane. Ved kgl.res. av 9. august 1995 vart det difor bestemt at Samferdselsdepartementet skulle handsame desse konsekvensane. Det vart også bestemt at Samferdselsdepartementet skulle handsame klager over dei vedtaka det såkalla Fordelingsutvalet har gjort om attendebetaling eller reduksjon av tilskot. Fordelingsutvalet ligg under Barne- og familiedepartementet, og dette departementet ville difor elles ha vore klageinstans.

Samferdselsdepartementet melde 2. februar 1996 24 ungdomsorganisasjonar til politiet for bedrageri. Departementet bad om påtale for dei melde forholda. Eg finn grunn til å nemne at fristen for å be om påtale er seks månader etter at ein er blitt kjend med mogleg straffbare forhold. Denne kunnskapen fekk vi då kommisjonsrapporten vart lagd fram 4. august, og fristen for å be om påtale gjekk difor ut 4. februar i år.

I brevet til politiet vart det streka under at departementet ikkje hadde gjort ei sjølvstendig etterforsking, men lagt til grunn det som kom fram i kommisjonsrapporten og gjennom ein delrapport frå Fordelingsutvalet.

Ingen skal med urette få ei skulding mot seg. Departementet har difor lagt stor vekt på å handsame like tilfelle likt.

Å bli meldt til politiet for bedrageri kan klårt vere tyngjande. Eg finn likevel grunn til å understreke at ei slik melding ikkje er ein dom. Politiet står heilt fritt med omsyn til kva for organisasjonar det vil etterforske og korleis etterforskinga skal leggjast opp. Politiet kan også etterforske andre forhold dersom allmenne forhold tilseier det. Når etterforskinga er sluttført, vil det vidare vere heilt opp til påtalemakta om det skal reisast tiltale, og kva denne eventuelt skal omfatte.

Hovudføresegna om bedrageri finn ein i § 270 i straffelova. Skuldkravet er forsett. Forelding av vanleg eller simpelt bedrageri skjer etter fem år. Ved grovt bedrageri, som er regulert i § 271, skjer forelding etter ti år. Dersom bedrageriet ikkje har skjedd ved forsett, kan føresegna om grov aktløyse i § 271a vere aktuell. Også her skjer forelding etter fem år. Ut frå at graden av grovleik har verknad for foreldingstida, har den også verknad for det tidsrommet som det er naturleg å etterforske.

Ut frå den belastninga ei melding for bedrageri kan vere, og ut frå dei store forskjellane det var mellom organisasjonane med omsyn til å følgje regelverket, fann vi det rett å gje vår vurdering av grovleik og skuld. Dette er ikkje i strid med den praksisen ein elles har. Omsynet til å handsame like tilfelle likt taler etter mi meining også for ein slik framgangsmåte. Særleg for dei organisasjonane som det ikkje er grunn til å tru har gjort alvorlege feil, kan det vere viktig å ikkje bli sette i same bås som dei som har gjort grovare feil. Dei vurderingane vi har gjort med omsyn til grad av skuld og grovleik, har vi ope gått ut med og gjort greie for i brevet til politiet. Med omsyn til tilråding om etterforskingsperiode har vi i brevet til politiet i stor grad bygd på og vist til kommisjonsrapporten. Brevet er offentleg tilgjengeleg.

Som tidlegare nemnt bygde departementet overfor politiet på det som kom fram i kommisjonsrapporten og i ein delrapport frå Fordelingsutvalet.

Av førebels delrapport av 12. juli 1995 frå Fordelingsutvalet framgår vedtak om attendebetaling eller reduksjon av gjeve tilskot for ei rekkje organisasjonar. Delrapporten frå Fordelingsutvalet vart 3. august send til organisasjonane saman med informasjon om klageretten. Hovudregelen etter forvaltningslova er at det organet som har gjort det første vedtaket, også skal ha førstehandsaminga av eventuelle klager. 12 organisasjonar leverte inn klage. Den siste av klagene var datert 1. oktober. Klagene er innkomne etter at Fjeld-kommisjonen sin rapport var offentleg kjend. Klagene er i nokon grad utforma i lys av denne rapporten.

Fordelingsutvalet gjorde vedtak i noko fleire saker i møte 26. og 31. oktober, jf. endeleg rapport av 26. oktober. I den endelege rapporten er det ikkje vist til eller gjort nokon vurderingar av klagene. Vedtaka vart sende til organisasjonane. Ingen organisasjonar sende ny klage.

Medlemmene av Fordelingsutvalet la ned verva sine 31. oktober, utan å ha handsama klagene. Nytt utval vart oppnemnt 11. januar i år. Det nye utvalet kom til at det ikkje ville handsame klagene og sende desse over til Samferdselsdepartementet 5. februar, dvs. etter at saka var meld til politiet, og dagen etter at fristen for å be om påtale gjekk ut. Dei dokumenta som no er mottekne i Samferdselsdepartementet, blir i desse dagar vurderte.

Eg har tidlegare nemnt hovudregelen i forvaltningslova om at det organet som gjer det første vedtaket, også skal starte handsaminga av eventuelle klager. Eg har også nemnt at Samferdselsdepartementet skulle handsame klager over utvalet sine vedtak om tilbakebetaling eller reduksjon av tilskot. Det ville i denne situasjonen ikkje ha vore rett om Samferdselsdepartementet på noko vis hadde prøvd å gripe inn i Fordelingsutvalet si handsaming. Det vi i Samferdselsdepartementet ikkje var klare over, var at det av klagebreva og av Fordelingsutvalet sin endelege rapport kom fram nokre forhold som kan ha noko å seie for vår vurdering av dei forholda vi har meldt.

Rett etter at vi mottok Fordelingsutvalet sitt brev av 5. februar, bad vi politiet vente med etterforskinga til departementet hadde fått vurdert om klagene kunne føre til ei endring av vår vurdering av moglege straffbare forhold. Statsadvokaten har no opplyst at etterforsking vil utstå til også Riksrevisjonen sine undersøkingar i denne saka ligg føre.

Det hadde vore sterkt ønskjeleg at alle tilgjengelege opplysningar - også Riksrevisjonen sine undersøkingar av dei statlege driftstilskota til barne- og ungdomsorganisasjonane - hadde vore tilgjengelege for Samferdselsdepartementet før vi måtte ta stilling til spørsmålet om å be om påtale mot dei ulike organisasjonane innan fristen for påtalereglane. At vi ikkje hadde dette, kan eg berre seie meg lei for.

I lys av dette vil departementet slutthandsame klagene når det gjeld opplysningar om faktiske forhold som kan få verknad for dei strafferettslege vurderingane og Riksrevisjonen sine påteikningar, under eitt. Dersom denne gjennomgangen endrar våre vurderingar for nokon av dei melde organisasjonane, vil vi sjølvsagt trekkje kravet om påtale av desse tilbake.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg takkar statsråden for svaret.

Statsråd Opseth har etter mi meining ansvaret for fleire feil i denne saka. For det fyrste har han gradert organisasjonane etter talet på lovbrot, eit arbeid som meir naturleg ligg til politiet. Han hadde sjølvsagt lov til det, men eg meiner det var særdeles uklokt. For det andre har statsråden meldt ei rekkje organisasjonar - ja nærast rubbel og bit, ned til organisasjonar som berre har gitt opp tre medlemer for mykje. Det er meiningslaust å kalla dette like alvorleg som ein feil på 3.000 medlemer, slik statsråden har gjort.

Statsråden har i tillegg meldt organisasjonar utan å vurdera klaga frå 12 av dei. Det er ein stor feil at desse klagene ikkje vart vurderte innan fristen, utan omsyn til freistnad på å forklara kvifor dette ikkje skjedde. På denne bakgrunnen er det nesten utruleg at statsråden har sagt til fleire aviser at han ikkje kan sjå at han kunne ha gjort noko annleis.

Vil statsråden « beklage » fleire av desse forholda eg har nemnt - ikkje berre seia seg lei for dei? Statsråden og eg nyttar same målforma, men eg ber likevel om ein « beklagelse », trass i at det ikkje høyrest godt ut på nynorsk. Er « seia seg lei for » synonymt med bokmålsordet « beklagelse » for statsråden?

Statsråd Kjell Opseth: Eg skjønar at representanten Svarstad Haugland meiner at vi ikkje skulle ha klassifisert brota som dei ulike ungdomsorganisasjonane har gjort. Det står det sjølvsagt representanten Svarstad Haugland og andre fritt å gjere. Eg meiner framleis at med den store skilnaden det er på brot på regelverket, er det til alles beste at vi klassifiserte brota. Det legg som eg har sagt, ikkje noko band på politiets arbeid. Vi har berre funne det rett å gjere det, og det er som sagt ikkje brot på tidlegare praksis.

Så er det slik at i mitt målføre er ikkje « beklage » noko særleg godt ord. Å « seie seg lei for » er det som er det vanlege, men eg ser ikkje nokon særleg stor skilnad.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg kan jo tipsa statsråden om at det går an å be om orsaking!

Kristeleg Folkeparti ønskjer ikkje å sleppa denne saka i dag. Det er fleire ting eg har lyst til å nemna. Eg er m.a. svært engsteleg for dei signaleffektane denne saka gir til alle dei som driv med ungdomsarbeid. Dessutan kan dagens ungdom få straff for noko som gårsdagens ungdom la eit kulturgrunnlag for. Er statsråden einig i den redselen?

Vi må få eit regelverk som er tenleg for den gode saka. Vi i Kristeleg Folkeparti vil gå grundig inn i denne saka, særleg på bakgrunn av Riksrevisjonen sin rapport. Vi vil òg koma tilbake til måten både statsråd Opseth og andre statsrådar har handsama saka på. Eg ønskjer òg at departementet gjev klar beskjed om at dei vil trekkja tilbake dei meldingane som verkar urimelege. Det gjev òg ein signaleffekt ut i samfunnet. Min konklusjon her er altså ganske klar: Vi er ikkje ferdige med denne saka i dag.

Statsråd Kjell Opseth: Det er iallfall ein ting representanten Svarstad Haugland og eg kan vere samde om, og det er at vi ikkje er ferdige med denne saka enno.

Når det gjeld signaleffekten, er sjølvsagt eg og heile departementet klare over at dette har ein signaleffekt som er uheldig. Det er ikkje slik at vi har gått til melding av desse organisasjonane med lyst, snarare tvert om, nettopp fordi dette er ungdomar som gjer ein stor innsats på fritid. Men eg er nokså sikker på at den beste måten å rydde dette av vegen på for all framtid, er at politiet får etterforske det, og så får eventuelt domstolen avgjere kva som er det faktiske forholdet.

Så til spørsmålet om å trekkje tilbake somme av dei meldingane vi har gjort. Som sagt er det noko vi no er i ferd med og vil gjennomgå i lys av klagene og Riksrevisjonens påteikningar, når dei kjem. Då vil vi ha eit fullstendig grunnlag for å ta stilling til om nokon av dei må og bør og skal trekkjast tilbake.