Spørsmål 13
Arne Haukvik (Sp):
Eg tillèt meg å
stille følgjande spørsmål:
Kulturdepartementet har i fleire år
løyvd pengar til ein kampanje for språkleg miljøvern som Norsk språkråd står
for. NSB gjev ut eit blad som heiter Travel, der kundane stort sett er
norske, og der innhaldet i bladet er på norsk. Det same gjeld for
Luftfartsverket sitt blad Airport Norway.
Kan statsråden forklare kvifor blad på
norsk for norske lesarar må ha engelske namn?
Statsråd Kjell Opseth:
Eg meiner at
samferdselsverksemdene saman med andre statlege verksemder i dei fleste høve
bør nytte norsk namn på blad og anna informasjonsmateriell dersom stoffet
primært er retta mot norske lesarar. Eg kan likevel ikkje sjå at vi skal
påleggje NSB og Luftfartsverket å bruke andre namn enn det dei sjølve meiner
tener dei best.
Arne Haukvik (Sp):
Eg takkar for
svaret. Eg skjønar godt at statsråden ikkje kan blande seg bort i alt
mogleg, men det er lov å gje råd - også til folk i statsforvaltninga.
Språkleg samvit og språkkjensle er det lov å bruke til og med for staten. I
namna på desse to blada ligg det ein sterk signaleffekt. Det er ein
effektiv og klar bodskap som her blir forkynt av statsinstitusjonar: Det er
best med engelsk. Slike landingslys får det verkeleg til å lysa i stille
språkgrender, for Kulturdepartementet har kampanje for språkleg miljøvern,
og det vil Språkrådet følgje opp. Mellom anna har dei sendt tusenvis av
postkort ut av landet med dette slagordet: « Engelsk er bra, men norsk er
bedre i Norge. » Skulen prøver å lære borna å verdsette eige språk. Travel og
Airport Norway motarbeider dette.
Kan statsråden likevel ta ein telefon
til sine undersåttar?
Statsråd Kjell Opseth:
Representanten
Haukvik kjenner til at det her føreligg generelle retningsliner. Når desse
to verksemdene likevel finn det føremålstenleg å bruke andre namn på desse
blada, reknar eg med som sikkert at det er etter ei nøye vurdering i
marknadsføringssamanheng.
Arne Haukvik (Sp):
Eg takkar for
svaret.
Dette er eit prov på at marknadsføring
ikkje alltid er like bra. Det er jåleri ute og går når det gjeld engelske
uttrykk i reklamebransjen. Det er ein uting, derfor synest eg statsråden
burde hjelpe dei å kome på rett bane.
Bladet Airport Norway har ein
ansvarleg redaktør og eit redaksjonsråd. Noko tilsvarande gjeld også for
Travel. Godtfolk i råd og redaksjon, stå fram og forklar oss kvifor eit
blad på norsk for eit norsk publikum har engelsk namn! Dette gjeld vørnad
for vår eigen kultur og har noko med vår eigen identitet å gjere. Kan
statsråden kan hjelpe til å få dei på rett spor?