Stortinget - Møte onsdag den 28. februar 1996

Dato: 28.02.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 38

Erling Folkvord (RV): Eg skal gjere eit forsøk på å stille spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren om det mellombels akseptable.

Oslo har for tida store problem med å finne plass til elevane i grunnskolen. Å starte 6-årsreforma frå hausten 1997 vil få problema til å toppe seg i fleire kommunar. I spørjetimen 24.januar 1996 sa statsråden at kommunane har ansvar for å « syte for tenlege skolar », men at « akseptable mellombels løysingar » kan godtakast.

Kan statsråden konkretisere kva han legg i orda « akseptable » og « mellombels » i denne samanhengen?

Statsråd Reidar Sandal: Eg sa i svaret mitt i spørjetimen den 24. januar at eg ikkje sit inne med informasjon som dokumenterer at 6-åringane i Oslo vil møte pedagogisk uforsvarlege forhold hausten 1997. Eg sa vidare at det er kommunane som etter grunnskulelova § 10 skal syte for tenlege skular.

Eg føreset at kommunane følgjer dei krava som er gitt i den generelle lovgivinga som også gjeld for skulebygg, t.d. i plan- og bygningslova, lov om helsetenesta i kommunane og i arbeidsmiljølova.

Eg peika i svaret mitt på at utdanningsdirektørane m.a. har ansvar for å rettleie kommunane i tilrettelegginga av tilbodet til 6-åringane i skulen sine lokale. Utdanningsdirektørane vil nøye følgje iverksetjinga av reforma på nært hald i tida framover. Eg har tru på at kommunane i gjennomføringa av reforma, som i andre forhold som gjeld grunnskulen, er klar over ansvaret sitt og gjer det som er til det beste for skulebarna innanfor dei rammene som kommunane rår over.

Erling Folkvord (RV): Ein statsråd som berre seier at han har god tru, men som ikkje svarar, er ein defensiv og lite dynamisk statsråd. Statsråden prøver berre å skyve sitt eige ansvar for 6-åringane nedover, slik han gjorde da han til Nationen sa: « Jeg legger til grunn at kommunene skaffer tjenlige lokaliteter. » Og da Nationen stilte spørsmålet: « Men brakker kan umulig være tjenlige lokaliteter? », svarte statsråden: « Jeg synes jeg har svart på dette nå. »

Når statsråden ikkje er villig til å trekke ei einaste konkret grense for kva som er akseptabelt, har foreldra grunn til å frykte det verste. Når statsråden er uansvarleg, må foreldra vise ansvar.

Eg prøver meg med to konkrete spørsmål.

Synest statsråden det er akseptabelt at 6-åringane i Oslo skal plasserast inn i minst 28 skolar som har meir enn 450 elevar på førehand - grunnskolelovas anbefalte maksimum?

Synest statsråden det er akseptabelt at nye klassar i barneskolen ikkje får eigne klasserom?

Statsråd Reidar Sandal: Det er riktig at statsråden har god tru på at den nye grunnskulereforma skal innførast frå hausten 1997. Men det er ikkje slik at statsråden ikkje har meining om korleis dette skal gjerast. Tvert imot har eg gong etter gong oppmoda alle som er aktørar i denne saka, om å vere engasjerte og dynamiske for å realisere det vedtaket som Stortinget har gjort, og som nok representanten Folkvord er ueinig i. Det er eit poeng at grunnskulelova føreskriv at lokalitetane skal vere tenlege, men det er kommunalt sjølvstyre her i landet, og det ville vere påfallande om det frå regjeringshald skulle føreskrivast i detalj korleis organisering og lokalisering av skulebygg skulle vere.

Erling Folkvord (RV): Raud Valallianse synest det er påfallande at vi har ein statsråd som tydelegvis ikkje vil gi 6-åringane og foreldra garanti for noko som helst, ikkje mot mammutskolar, mot friluftsundervisning eller ettermiddagsundervisning, ikkje for eigne klasserom. Vi veit ikkje om skolane vil ha spesialrom igjen, eller om alle skal bli klasserom, vi veit ikkje om det blir to pedagogar når 6-årsklassen er på meir enn 18 elevar, vi veit ikkje om det blir plass til elevane ettersom byrådet i Oslo triksar med elevtala.

Eit eksempel: Byrådet oppgir nå til staten at det blir 5.540 6-åringar ved skolestart neste år. Ei samanlikning med Oslo statistikken for 4-åringar ved årsskiftet, viser at 750 små barn er forsvunne. Berre i bydelen Grorud, der det ikkje er flytting, er det snakk om at tre klassar har forsvunne. Trur statsråden at dei berre har forsvunne mellombels, slik at dei vil dukke opp igjen til skolestart, eller trur han at dei er borte for alltid? Synest han det å trikse vekk 750 småungar på denne måten er eit eksempel på ei akseptabel mellombels løysing?

Presidenten:Presidenten minner igjen om taletiden.

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil ikkje gå god for den uttrykksmåten som representanten Folkvord har gjeve om forholda i grunnskulen i Oslo. Eg kan heller ikkje gå god for dei opplysningane som han gav i siste innlegg.

La meg seie det slik at i spørjetimen den 24. januar svarte eg på eit spørsmål frå Erling Folkvord om grunnskolereforma. Der gjorde eg veldig klart greie for korleis Regjeringa vil arbeide med saker og fremje saker overfor Stortinget som har med innføringa av grunnskulereforma å gjere. Det er gjort utførleg greie for, og eg ser ingen grunn til å gå meir detaljert inn på det.

Det er likevel grunn til å leggje til at det er ikkje slik at statsråden ikkje føler ansvar for at dette skal lykkast. Både kommunane sitt ansvar og foreldra sitt ansvar er eg opptatt av å bidra til å finne naturleg løysing på.