Stortinget - Møte onsdag den 28. februar 1996

Dato: 28.02.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 39

Tore A Liltved (H): Jeg vil stille statsråden følgende spørsmål:

Gjerstad kommunes kjøp- og salgspris pr. dekar råtomt ligger på kr 7,50 pr. kvadratmeter, mens staten forlanger ved salg av råtomter til Gjerstad kommune kr 16 pr. kvadratmeter. På denne måten driver staten råtomteprisen i været.

Hvilken begrunnelse kan statsråden gi for en slik prisdrivende politikk?

Statsråd Reidar Sandal: Alt sal av tomteareal frå eigedomane til Opplysningsvesenets fond skal skje til marknadspris. Dette blei slått fast i St.meld.nr.64 (1984-1985), om forvalting av eigedomane til Opplysningsvesenets fond, som Stortinget har slutta seg til.

Salspris på areal vil avhenge av kva areala skal nyttast til. Prisen for tomteareal til bustad- og industriformål vil vere ein annen enn prisen for areal til offentlege formål, som skular, idrettsanlegg o.l. Prisen ved sal av netto tomtegrunn til bustadar frå Gjerstad prestegard er sett til 16 kr pr. kvadratmeter, medan prisen på bruttoareal til tomtefelt vil avhenge av utnyttingsgrad i feltet.

Gjerstad kommune har frå før festa ymse areal av Gjerstad prestegard. Det er òg i den seinare tida blitt inngått avtale med kommunen om kjøp av areal i samband med kyrkja og areal til friområde. Desse areala er blitt tilbydde kommunen til langt lågare prisar enn 16 kr pr. kvadratmeter.

Tomteprisen for nettoareal som er fastsett på Gjerstad prestegard, byggjer på prisar departementet har nytta over lengre tid ved innløysing av festeareal. Dei første tilboda om innløysing av tidlegare festa bustadtomtar gjekk ut til festarane i 1989 til 12 kr pr. kvadratmeter. Seinare er desse prisane blitt oppjusterte kvart år nokolunde i takt med prisauken, slik at prisen i 1995 låg på 16 kr pr. kvadratmeter. Pr. i dag er det selt 15 festetomter frå Gjerstad prestegard. I nokre tilfelle er prisen sett lågare enn vanleg netto tomtepris på grunn av tilstanden på arealet - delar av tomta er bratt, steinete e.l. Ved fastsetting av prisen har ein heile tida vurdert Gjerstad opp mot andre område på Sørlandet.

Tore A Liltved (H): Jeg takker for svaret, som for så vidt var saklig, men dessverre ikke i tråd med det som kommunen selv sier. Her er det klart etter de opplysninger jeg har fått, at prisen som staten forlanger, ligger langt over det som er vanlig. Det samme gjelder i Froland kommune, der staten går inn og selger til 20 kr pr. kvadratmeter. I en samtale med Froland kommune i dag sier de at dette er en pris langt over det som er vanlig å gi, og at konsesjonæren neppe vil få konsesjon av kommunen på den prisen. Det syns jeg er alvorlig, for da er det klart at dette har en prisdrivende effekt, og jeg trodde faktisk ikke det var Regjeringens mål å drive tomteprisene i været på den måten.

Statsråd Reidar Sandal: Det blir av somme hevda at departementet og Regjeringa er prisdrivande når det gjeld pris på tomter. Etter mitt syn er det ikkje dekning for ein slik påstand. Oppgåva til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i denne samanhengen, når vi diskuterer fondet sine midlar, er å forvalte fondet sine midlar på ein best mogleg måte. Prinsippet er at alle sal av tomteareal frå Opplysningsvesenet sitt fond skal skje til marknadspris, som eg gjorde greie for i hovudsvaret mitt. Prisane som ein opererer med, sidan representanten Liltved òg trekte inn ny kommune og nye opplysningar, byggjer på lang tids erfaring med prisar i heile landet, dei innhenta takstane og haldne skjønn.

Tore A Liltved (H): Vil statsråden synes det er bra hvis det nå blir nektet konsesjon til kjøper når staten har forlangt såkalt markedspris?

Det andre spørsmålet er: Hvilke begrunnelser har statsråden for ikke å ha tillit til ordførerne i henholdsvis Gjerstad og Froland, som har gitt meg de opplysninger som jeg sitter inne med?

For det tredje: Vil statsråden være villig til å se på om disse opplysninger som er fremkommet, stemmer overens?

Statsråd Reidar Sandal: Eg må vel få lov å seie innleiingsvis at eg synest dei tilleggsspørsmåla som representanten Liltved har, går rimeleg langt utover det spørsmålet som er stilt i spørjetimen. Det ligg ikkje til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet å ta stilling til konsesjonssøknader i den samanhengen, og eg vil derfor ikkje uttale meg om det.

Eg har aldri uttalt eller meint noko om tillitsforhold til ordføraren i Gjerstad, som representanten Liltved òg stiller spørsmål om, og eg har derfor ingen kommentar til det spørsmålet. Eg har halde meg til dei retningslinjene som departementet mitt legg til grunn ved behandlinga av slike saker, og har gjeve uttrykk for at det ikkje er dekning for den påstanden at ein driv ein prisdrivande tomteprispolitikk.