Marit Lefdal (A):
Eg tillèt meg å
stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Ifylgje forskrift for opptak til
høgare utdanning vert det ikkje gitt dispensasjon frå kravet om bestått
eksamen for søkjarar som er sjuke til eksamen.
Ser statsråden det som rimeleg at
desse elevane får eit års utsetjing før dei kjem i gang med høgare
utdanning?
Statsråd Reidar Sandal:
For opptak
til høgare utdanning gjeld normalt krav om generell studiekompetanse. Til
enkelte studium blir det i tillegg stilt krav om bestemte studieretningsfag
frå vidaregåande skule. Dette går fram av lov om universitet og høgskular
som tok til å gjelde frå 1. januar i år. Gjeldande forskrift om generell
studiekompetanse gjeld for opptak for studieåret 1996-97. Den har ingen
generell heimel til å dispensere frå kravet om generell studiekompetanse.
Søkjarar frå dei studieretningane i
vidaregåande skule som gjev generell studiekompetanse, må ha vitnemål som
viser at utdanninga er fullført og bestått, for å kunne konkurrere om ein
studieplass.
Kvart år er det blant søkjarane til
høgare utdanning nokre som er uheldige og blir sjuke når dei skal ta
avsluttande eksamen i vidaregåande skule. Desse elevane må gå opp til ei
utsett prøve og får ikkje vitnemål om fullført og bestått vidaregåande skule
innan 25. juli, som er datoen for hovudopptaket til universiteta og
høgskulane.
Eg kan sjå problemet for dei få
elevane som blir sjuke, og som derfor ikkje fyller krava for opptak og ikkje
får konkurrere om studieplass ved hovudopptaket 25. juli. Eg vil vurdere
dette spørsmålet nærare.
Ein må unngå at det blir mogleg for
elevar å spekulere i fråvær frå eksamen.
Så lenge det er langt fleire søkjarar
til høgare utdanning enn studieplassar, ville det òg lett bli oppfatta som
urettferdig om nokon utan fullført og bestått eksamen i vidaregåande skule
fekk studieplass, medan andre, som har fullført og bestått, fekk avslag.
Marit Lefdal (A):
Eg takkar
statsråden for svaret.
Så vidt eg har fått opplyst, er det
ikkje så mange elevar det er snakk om - ca 200 elevar på landsplan. Når det
offentlege har lagt til rette for utsett eksamen for elevar som er sjuke ved
den ordinære eksamenen, bør det etter mi meining vere høve til at desse
elevane sine vitnemål vert vurderte etter hovudopptaket. Det må vere mogleg
for dei elevane det gjeld, å få byrje på sine studium ved ordinær
semesterstart.
Eg er svært glad for at statsråden vil
sjå nærare på dette spørsmålet, for det har store konsekvensar for den
einskilde elev.