Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 1996

Dato: 05.06.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 39

Jan Tore Sanner(H): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Skriftlig eksamen i norsk endres fra våren 1997. Elevene skal ha to eksamensdager med ulikt innhold og ulike oppgavetyper. Den ene dagen skal oppgaven besvares på hovedmål, den andre på sidemål. Eksamenssekretariatet trekker hvilken dag oppgaven skal besvares på henholdsvis hovedmål og sidemål.

Betyr denne endringen at hovedmålsstilen og sidemålsstilen sidestilles med hensyn til vanskelighetsgrad?

Statsråd Reidar Sandal: Endringa i sentralt gjeven, skriftleg eksamen i norsk inneber ikkje at hovudmålet og sidemålet blir sidestilte.

Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus, Eksamenssekretariatet, har ansvaret for å utforme oppgåver til eksamen og lage fagvise ordningar for gjennomføring av sentralt gjeven eksamen. Dette gjer Statens utdanningkontor, Eksamenssekretariatet, på basis av « Sentrale retningslinjer for lokalt og sentralt gitt eksamen i Reform 94 », som departementet har fastsett. Mellom anna seier desse retningslinjene at eksamensoppgåvene så langt det er mogleg i ein eksamenssituasjon, må vere utforma slik at dei gjev grunnlag for å vurdere den heilskaplege kompetansen til eksaminanden, slik den kjem til uttrykk i måla i læreplanen. Vidare må eksaminandane få høve til å vise i kor stor grad dei kan bruke dei faglege kunnskapane og dugleiken i verkelegheitsnære situasjonar, på problemstillingar og gjennom arbeidsoppgåver. Med utgangspunkt i departementet sine retningslinjer har Statens utdanningskontor, Eksamenssekretariatet, på fagleg grunnlag utforma opplegget for den nye eksamensforma i norsk.

Formålet med den nye ordninga er at ein i løpet av dei to eksamensdagane skal gje eksaminandane oppgåver frå eit breiast mogleg utval av måla i læreplanen. Derfor vil det bli gjeve to ulike oppgåvetypar på dei to eksamensdagane. Den eine dagen blir det gjeve oppgåver med generelle tema, f.eks. samfunnsrelaterte tema. Den andre dagen blir det gjeve oppgåver som er knytte meir direkte til det faglege innhaldet i læreplanen, det vil seie oppgåver som f.eks. knyter seg til språkhistorie, litteraturhistorie osv.

Statens utdanningskontor, Eksamenssekretariatet, vil før kvar eksamen avgjere kva for oppgåver som skal løysast på hovudmålet, og kva for oppgåver som skal løysast på sidemålet. Når dette er bestemt, blir innhaldet i oppgåvene utforma. Oppgåver der det skal svarast på sidemål vil vere utforma mindre krevjande enn dei andre. Ved sensureringa vil det m.a. bli teke omsyn til at eit svar på hovudmålet skal vere meir fyldig og vise større innsikt enn svaret på sidemål.

Jan Tore Sanner (H): Jeg takker for svaret, som et stykke på vei er avklarende.

Når jeg tar opp dette spørsmålet, er det med bakgrunn i en rekke henvendelser fra både skoler og lærere med bakgrunn i begge målformer. De signalene som har kommet til oss, er at man for det første har fryktet at denne omleggingen er et skritt i retning av to hovedmål til erstatning av et sidemål og et hovedmål, som for så vidt statsråden avklarte at det ikke er. Det andre er at man frykter at dette vil kunne få uheldige konsekvenser for undervisningen i retning av at man må tone ned hovedmålet.

Jeg merker meg at statsråden imøtegår mye av den kritikken som har kommet fra norskfaglig hold ute i skolen. Det er allikevel et problem at det er en litt ulik oppfatning i skolen, i Eksamenssekretariatet og i departementet, så jeg vil spørre statsråden om han vil sørge for at denne klarheten også kommer ut til lærerne; det er tross alt dem det angår.

Statsråd Reidar Sandal: Eg må innleiingsvis seie at eg synest det for så vidt er positivt at spørjetimen kan verke på den måten at når ein stortingsrepresentant stiller spørsmål og får svar, bidreg det til at klårleik oppstår, og at eventuelle misforståingar blir rydda av vegen. Eg føler at det er situasjonen i denne konkrete saka.

Når det gjeld dei spørsmåla som representanten Sanner kommenterte og stilte spørsmål om, vil eg halde fast på det som er hovudbodskapen, nemleg at det ikkje er aktuell politikk å sidestille dei to målformene med omsyn til vanskegrad. Det er vel det som var utgangspunkt for spørsmålet, og den hovudbodskapen står heilt fast.

Når det gjeld det spørsmålet som representanten Sanner stilte til slutt, om departementet ville bidra til å få klårleik ut til skulane, vil eg vise til at Statens utdanningskontor, Eksamenssekretariatet, den 6. mars i år sende ut eit omfattande materiale om dette spørsmålet, der ein òg viser til eksemplar på oppgåvetypar som elevane kan få trene seg på og lærarane kan få innsikt i i det skuleåret som ligg framfor oss, før den nye ordninga skal setjast i verk.

Presidenten: Dermed er sak nr. 1 på dagens kart ferdigbehandlet.