Jan Tore Sanner(H):
Jeg vil stille
følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Skriftlig eksamen i norsk endres fra
våren 1997. Elevene skal ha to eksamensdager med ulikt innhold og ulike
oppgavetyper. Den ene dagen skal oppgaven besvares på hovedmål, den andre
på sidemål. Eksamenssekretariatet trekker hvilken dag oppgaven skal
besvares på henholdsvis hovedmål og sidemål.
Betyr denne endringen at
hovedmålsstilen og sidemålsstilen sidestilles med hensyn til
vanskelighetsgrad?
Statsråd Reidar Sandal:
Endringa i
sentralt gjeven, skriftleg eksamen i norsk inneber ikkje at hovudmålet og
sidemålet blir sidestilte.
Statens utdanningskontor i Oslo og
Akershus, Eksamenssekretariatet, har ansvaret for å utforme oppgåver til
eksamen og lage fagvise ordningar for gjennomføring av sentralt gjeven
eksamen. Dette gjer Statens utdanningkontor, Eksamenssekretariatet, på
basis av « Sentrale retningslinjer for lokalt og sentralt gitt eksamen i
Reform 94 », som departementet har fastsett. Mellom anna seier desse
retningslinjene at eksamensoppgåvene så langt det er mogleg i ein
eksamenssituasjon, må vere utforma slik at dei gjev grunnlag for å vurdere
den heilskaplege kompetansen til eksaminanden, slik den kjem til uttrykk i
måla i læreplanen. Vidare må eksaminandane få høve til å vise i kor stor
grad dei kan bruke dei faglege kunnskapane og dugleiken i verkelegheitsnære
situasjonar, på problemstillingar og gjennom arbeidsoppgåver. Med
utgangspunkt i departementet sine retningslinjer har Statens
utdanningskontor, Eksamenssekretariatet, på fagleg grunnlag utforma
opplegget for den nye eksamensforma i norsk.
Formålet med den nye ordninga er at
ein i løpet av dei to eksamensdagane skal gje eksaminandane oppgåver frå eit
breiast mogleg utval av måla i læreplanen. Derfor vil det bli gjeve to
ulike oppgåvetypar på dei to eksamensdagane. Den eine dagen blir det gjeve
oppgåver med generelle tema, f.eks. samfunnsrelaterte tema. Den andre dagen
blir det gjeve oppgåver som er knytte meir direkte til det faglege innhaldet
i læreplanen, det vil seie oppgåver som f.eks. knyter seg til språkhistorie,
litteraturhistorie osv.
Statens utdanningskontor,
Eksamenssekretariatet, vil før kvar eksamen avgjere kva for oppgåver som
skal løysast på hovudmålet, og kva for oppgåver som skal løysast på
sidemålet. Når dette er bestemt, blir innhaldet i oppgåvene utforma.
Oppgåver der det skal svarast på sidemål vil vere utforma mindre krevjande
enn dei andre. Ved sensureringa vil det m.a. bli teke omsyn til at eit svar
på hovudmålet skal vere meir fyldig og vise større innsikt enn svaret på
sidemål.
Jan Tore Sanner (H):
Jeg takker for
svaret, som et stykke på vei er avklarende.
Når jeg tar opp dette spørsmålet, er
det med bakgrunn i en rekke henvendelser fra både skoler og lærere med
bakgrunn i begge målformer. De signalene som har kommet til oss, er at man
for det første har fryktet at denne omleggingen er et skritt i retning av to
hovedmål til erstatning av et sidemål og et hovedmål, som for så vidt
statsråden avklarte at det ikke er. Det andre er at man frykter at dette
vil kunne få uheldige konsekvenser for undervisningen i retning av at man må
tone ned hovedmålet.
Jeg merker meg at statsråden imøtegår
mye av den kritikken som har kommet fra norskfaglig hold ute i skolen. Det
er allikevel et problem at det er en litt ulik oppfatning i skolen, i
Eksamenssekretariatet og i departementet, så jeg vil spørre statsråden om
han vil sørge for at denne klarheten også kommer ut til lærerne; det er
tross alt dem det angår.
Statsråd Reidar Sandal:
Eg må
innleiingsvis seie at eg synest det for så vidt er positivt at spørjetimen
kan verke på den måten at når ein stortingsrepresentant stiller spørsmål og
får svar, bidreg det til at klårleik oppstår, og at eventuelle
misforståingar blir rydda av vegen. Eg føler at det er situasjonen i denne
konkrete saka.
Når det gjeld dei spørsmåla som
representanten Sanner kommenterte og stilte spørsmål om, vil eg halde fast
på det som er hovudbodskapen, nemleg at det ikkje er aktuell politikk å
sidestille dei to målformene med omsyn til vanskegrad. Det er vel det som
var utgangspunkt for spørsmålet, og den hovudbodskapen står heilt fast.
Når det gjeld det spørsmålet som
representanten Sanner stilte til slutt, om departementet ville bidra til å
få klårleik ut til skulane, vil eg vise til at Statens utdanningskontor,
Eksamenssekretariatet, den 6. mars i år sende ut eit omfattande materiale om
dette spørsmålet, der ein òg viser til eksemplar på oppgåvetypar som elevane
kan få trene seg på og lærarane kan få innsikt i i det skuleåret som ligg
framfor oss, før den nye ordninga skal setjast i verk.
Presidenten: Dermed er sak nr. 1 på
dagens kart ferdigbehandlet.