Stortinget - Møte onsdag den 5. februar 1997

Dato: 05.02.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Erling Folkvord (RV): Eg skal få stille eit spørsmål til kommunal- og arbeidsministeren:

Folketrygdlova gir ein arbeidslaus rett til å behalde dagpengane om ho nektar å ta tilvist arbeid som ikkje er lønna « etter tariff eller sedvane på stedet ». Lova støttar kravet om at tariffløn skal betraktast som eit minstekrav til ordna arbeidsvilkår.

Er det da rimeleg at arbeidskontoret utestenger ein arbeidslaus frå dagpengar i åtte veker med grunngivinga at vedkomande slutta i den tidlegare jobben sin fordi arbeidsgivaren nekta å betale løn i samsvar med tariff?

Statsråd Kjell Opseth: Det er rett at folketrygdlova har ei føresegn om at ein arbeidslaus arbeidssøkjar som ikkje tek imot eit tilbod om nytt arbeid, ikkje mistar retten til dagpengar dersom det nye arbeidet ikkje er løna etter tariff eller sedvane.

Når det gjeld arbeidssøkjarar som sjølve har sagt opp det arbeidet dei hadde, er det avgjerande etter lova for om dei mistar retten til dagpengar, om dei hadde rimeleg grunn til å seie opp jobben. Dette er såleis eit spørsmål som må vurderast etter tilhøva i den einskilde saka. Eg kjenner ikkje det konkrete tilfellet og kan såleis ikkje gå nærare inn på det

Odd Eriksen hadde her overtatt presidentplassen.

Erling Folkvord (RV): Eg takkar for svaret og forstår at statsråden ikkje kan gå rett inn i ei enkelt sak. Men det er prinsippstandpunktet eg etterlyser.

Klassekampen skreiv den 16. januar 1997 at Arbeidskontoret Gamle Christiania har vedtatt åtte vekers utestenging for ein servitør som sa opp fordi bedriftseigaren nekta å betale tariffløn. I denne saka har arbeidskontoret støtta ein arbeidsgjevar som driv med fagforeiningsknusing. Og det er med på å rive ned ordna løns- og arbeidsvilkår som fagrørsla kjempar for å forsvare. RV meiner at arbeidskontoret ikkje bør velje side for ein arbeidsgjevar som ter seg slik. Arbeidskontoret bør, i samsvar med nemnde reglar i folketrygdlova, forsvare retten til tarifflønn, og at det er rimeleg.

Eg vil spørje: Kva vil statsråden gjere for å sikre at arbeidskontora ikkje bruker utestenging frå dagpengar som eit straffetiltak mot arbeidstakarar som protesterer mot uordna arbeidsforhold, og som blir arbeidslause fordi dei nektar å jobbe under tariff?

Statsråd Kjell Opseth: Eg har allereie i hovudsvaret mitt gjort greie for kva som er hovudregelen. Dersom dette i denne spesielle saka er den heile og fulle grunngjevinga, er det klart at arbeidskontoret ikkje har hatt høve til ikkje å gje vedkomande arbeidsløysetrygd. Men, som sagt, det er uråd for meg å vite om det her er andre element inne i saka som eg ikkje kjenner, og difor kan eg ikkje kommentere det nærare.