Rolf Reikvam (SV):
Jeg tillater meg å
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Også ved siste års inntak var det
flere elever som ikke fikk skoleplass i videregående skole. Dette rammer
søkere som ikke er omfattet av retten til skole- eller læreplass. Søkere
avvises også i fylkeskommuner som ikke har et minimumsomfang i samsvar med
forskriftene.
Er dette etter statsrådens mening
uttrykk for en generell ressurskrise i fylkeskommunene, eller er det
manglende vilje til å satse på videregående utdanning, og hva vil statsråden
foreta seg overfor fylkeskommuner som avviser søkere?
Statsråd Jon Lilletun:
Departementet
har med heimel i lov om vidaregåande opplæring fastsett i forskrift at
fylkeskommunane skal ha eit minimumsomfang av elevar og lærlingar,
tilsvarande 375 % av eit gjennomsnittleg årskull.
Ved innføringa av Reform 94 gjorde
departementet og seinare Hervik-utvalet vurderingar som viste at det var rom
for dette i dei økonomiske overføringane fylkeskommunane fekk. Analysane
som departementet har gjort frå 1992 og framover, viser dessutan at
rekneskapstala for driftsutgifter til vidaregåande opplæring ligg innafor
den ramma som vart lagd. I skuleåret 1996-97 låg omfanget på
gjennomsnittleg 369 %, og 12 fylkeskommunar innfridde ikkje omfangskravet.
Tala for 1997-98 er enno ikkje heilt klare, men det ser ut til å vere ei
negativ utvikling frå i fjor. Samstundes stod pr. 1. oktober 1997 om lag
2.000 søkjarar utan tilbod om vidaregåande opplæring. Det er riktig at ei
rekkje av desse søkjarane høyrer til i fylkeskommunar som ikkje har oppfylt
omfangskravet.
Utrekninga som Buer-utvalet gjorde,
syner òg at det er eit stort potensial vaksne søkjarar som ynskjer
vidaregåande opplæring og som ville søkje dersom tilboda var betre
tilrettelagde.
Departementet har for skuleåret
1997-98 henta inn informasjon om på kva slags måte krava til
omfangsforskrifta er nedfelte i årsbudsjettet og økonomiplanen i
fylkeskommunane. Dette vert gjort også for neste skuleår.
I samband med reforma om etter- og
vidareutdanning arbeider departementet no med ei stortingsmelding. Her vil
ulike sider ved opplæring av vaksne verte drøfta. Ein del av dei
erfaringane ein har frå innføringa av Reform 94, vil sjølvsagt verte
vurderte. I denne samanhengen vil det òg verte vurdert om ein klarare må
uttrykkje plikta som fylkeskommunane har til å gje eit tilbod til vaksne.
Rolf Reikvam (SV):
Jeg takker for
svaret. Svaret må vel tolkes dithen at det ikke er noen ressurskrise i
kommunesektoren - når en ikke oppnår 375 %, er dette manglende politisk
vilje. Jeg oppfatter svaret slik, og jeg går ut fra at også Senterpartiet i
Regjeringen er enig i et slikt utsagn, nemlig at kommunesektoren ikke er i
ressurskrise, at ikke det er årsaken!
Ifølge Dagens Næringsliv i går har
Riksrevisjonen påpekt at det har vært en svak styring av Reform 94, og det er
også uklart hva reformen har kostet - både i utgangspunktet og underveis.
Dessuten problematiserer Riksrevisjonen forholdet rundt dette med
omfangsbestemmelser, og den påpeker at det er uenighet mellom
fylkeskommunene og sentralt nivå om hvordan dette skal defineres og tolkes.
Mitt tilleggsspørsmål til statsråden
blir: Vil statsråden ta initiativ overfor fylkeskommunene og f.eks komiteen
her i Stortinget for å drøfte nærmere en definisjon av omfangsforskriftene,
hvordan de skal forstås og tolkes?
Statsråd Jon Lilletun:
Eg har stor
respekt for representanten Reikvam si evne til analyse. Men eg må seie at
denne gongen gjekk nok analysen lenger enn dei meiningane som var lagde inn
frå statsråden si side.
Det er opplagt at fylkeskommunane har
ein ganske tøff situasjon og vanskelege prioriteringar. Det er nok å gå til
spørsmålsstillaren sitt eige fylke, der ser ein at tilhøvet mellom helse og
skule f.eks ikkje er eit enkelt tema. Men når det gjeld ressurskrisa, er
det ei generell sak. Omfangsforskrifta er eit konkret pålegg, som ein skal
rette seg etter. Når det gjeld Riksrevisjonen sine merknader, er dei under
behandling, og det vil vere urett av meg å kommentere dei her. Men dersom
det er slik som ein del fylkeskommunar hevdar, at ein ikkje har søkjarar
utover det ein har plass til - ja, så kan det heller ikkje vere problematisk
at vi eventuelt lovfestar plikta til å gje alle eit tilbod. Da vil
omfangsforskrifta vere eit tilbakelagt stadium, og vi har funne ei løysing.
Rolf Reikvam (SV):
Jeg håper jeg har
forstått statsråden riktig når han forteller at fylkeskommunene har en tøff
økonomisk situasjon. Det er vi i hvert fall enige om. Hvorvidt det er et
uttrykk for ressurskrise at en ikke klarer å oppfylle 375 %, fikk jeg ikke
noe bekreftende svar på, følte jeg.
Jeg har lyst til å komme tilbake igjen
til det som jeg tok opp i mitt andre spørsmål, og som jeg ikke synes jeg
fikk et godt nok svar på, nemlig det som går på omfangsforskriftene -
definisjonen av omfang, definisjonen av dekningsgrad. Det er jo to begreper
som vi bruker. Jeg vet at mange fylkeskommuner har en dekningsgrad som
langt overstiger 375 %. De har mange klasser som står tomme fordi det ikke
er mulig å fylle dem opp. Elever slutter underveis, så faller omfanget, og
så kommer det under 375 %. Derfor er det behov for å se litt på
omfangsforskriftene. Vil statsråden ta et initiativ overfor fylkeskommunene
for å komme i en dialog med dem og med komiteen her på Stortinget med sikte
på å se om dette er en god måte å definere omfang/dekningsgrad på?
Statsråd Jon Lilletun:
Eg kan
stadfeste at vi er einige om at fylka har det tøft reint budsjettmessig. Så
der er då spørsmålsstillaren og eg einige.
Når det gjeld omfangsforskrifta, er
eitt minutt for kort tid til å gå djupt inn på den. Det er heilt klart at
det er behov for å sjå på korleis ein kan finne ein dialog som fører til eit
betre resultat enn vi har sett hittil i forhold til dei totale elevplassane
i fylka.
Men eg vil gjenta ein gong til: Om ein
vel den andre løysinga eg skisserte, at det skal vere ei plikt å ha
tilstrekkeleg med elevplassar, vert på ein måte diskusjonen om
omfangsforskrifta diskusjonen om historia. Vi held no på med å vurdere
korleis vi skal leggje opp etterutdanningsreforma og oppfylginga av
Buer-utvalet, så eg vil ikkje konkludere endeleg enno. Men eg kan love
representanten Reikvam at vi skal få høve til å komme attende til dette, og
eg trur vi har eit felles mål.