Stortinget - Møte onsdag den 21. januar 1998

Dato: 21.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Rolf Reikvam (SV): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Også ved siste års inntak var det flere elever som ikke fikk skoleplass i videregående skole. Dette rammer søkere som ikke er omfattet av retten til skole- eller læreplass. Søkere avvises også i fylkeskommuner som ikke har et minimumsomfang i samsvar med forskriftene.

Er dette etter statsrådens mening uttrykk for en generell ressurskrise i fylkeskommunene, eller er det manglende vilje til å satse på videregående utdanning, og hva vil statsråden foreta seg overfor fylkeskommuner som avviser søkere?

Statsråd Jon Lilletun: Departementet har med heimel i lov om vidaregåande opplæring fastsett i forskrift at fylkeskommunane skal ha eit minimumsomfang av elevar og lærlingar, tilsvarande 375 % av eit gjennomsnittleg årskull.

Ved innføringa av Reform 94 gjorde departementet og seinare Hervik-utvalet vurderingar som viste at det var rom for dette i dei økonomiske overføringane fylkeskommunane fekk. Analysane som departementet har gjort frå 1992 og framover, viser dessutan at rekneskapstala for driftsutgifter til vidaregåande opplæring ligg innafor den ramma som vart lagd. I skuleåret 1996-97 låg omfanget på gjennomsnittleg 369 %, og 12 fylkeskommunar innfridde ikkje omfangskravet. Tala for 1997-98 er enno ikkje heilt klare, men det ser ut til å vere ei negativ utvikling frå i fjor. Samstundes stod pr. 1. oktober 1997 om lag 2.000 søkjarar utan tilbod om vidaregåande opplæring. Det er riktig at ei rekkje av desse søkjarane høyrer til i fylkeskommunar som ikkje har oppfylt omfangskravet.

Utrekninga som Buer-utvalet gjorde, syner òg at det er eit stort potensial vaksne søkjarar som ynskjer vidaregåande opplæring og som ville søkje dersom tilboda var betre tilrettelagde.

Departementet har for skuleåret 1997-98 henta inn informasjon om på kva slags måte krava til omfangsforskrifta er nedfelte i årsbudsjettet og økonomiplanen i fylkeskommunane. Dette vert gjort også for neste skuleår.

I samband med reforma om etter- og vidareutdanning arbeider departementet no med ei stortingsmelding. Her vil ulike sider ved opplæring av vaksne verte drøfta. Ein del av dei erfaringane ein har frå innføringa av Reform 94, vil sjølvsagt verte vurderte. I denne samanhengen vil det òg verte vurdert om ein klarare må uttrykkje plikta som fylkeskommunane har til å gje eit tilbod til vaksne.

Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret. Svaret må vel tolkes dithen at det ikke er noen ressurskrise i kommunesektoren - når en ikke oppnår 375 %, er dette manglende politisk vilje. Jeg oppfatter svaret slik, og jeg går ut fra at også Senterpartiet i Regjeringen er enig i et slikt utsagn, nemlig at kommunesektoren ikke er i ressurskrise, at ikke det er årsaken!

Ifølge Dagens Næringsliv i går har Riksrevisjonen påpekt at det har vært en svak styring av Reform 94, og det er også uklart hva reformen har kostet - både i utgangspunktet og underveis. Dessuten problematiserer Riksrevisjonen forholdet rundt dette med omfangsbestemmelser, og den påpeker at det er uenighet mellom fylkeskommunene og sentralt nivå om hvordan dette skal defineres og tolkes.

Mitt tilleggsspørsmål til statsråden blir: Vil statsråden ta initiativ overfor fylkeskommunene og f.eks komiteen her i Stortinget for å drøfte nærmere en definisjon av omfangsforskriftene, hvordan de skal forstås og tolkes?

Statsråd Jon Lilletun: Eg har stor respekt for representanten Reikvam si evne til analyse. Men eg må seie at denne gongen gjekk nok analysen lenger enn dei meiningane som var lagde inn frå statsråden si side.

Det er opplagt at fylkeskommunane har ein ganske tøff situasjon og vanskelege prioriteringar. Det er nok å gå til spørsmålsstillaren sitt eige fylke, der ser ein at tilhøvet mellom helse og skule f.eks ikkje er eit enkelt tema. Men når det gjeld ressurskrisa, er det ei generell sak. Omfangsforskrifta er eit konkret pålegg, som ein skal rette seg etter. Når det gjeld Riksrevisjonen sine merknader, er dei under behandling, og det vil vere urett av meg å kommentere dei her. Men dersom det er slik som ein del fylkeskommunar hevdar, at ein ikkje har søkjarar utover det ein har plass til - ja, så kan det heller ikkje vere problematisk at vi eventuelt lovfestar plikta til å gje alle eit tilbod. Da vil omfangsforskrifta vere eit tilbakelagt stadium, og vi har funne ei løysing.

Rolf Reikvam (SV): Jeg håper jeg har forstått statsråden riktig når han forteller at fylkeskommunene har en tøff økonomisk situasjon. Det er vi i hvert fall enige om. Hvorvidt det er et uttrykk for ressurskrise at en ikke klarer å oppfylle 375 %, fikk jeg ikke noe bekreftende svar på, følte jeg.

Jeg har lyst til å komme tilbake igjen til det som jeg tok opp i mitt andre spørsmål, og som jeg ikke synes jeg fikk et godt nok svar på, nemlig det som går på omfangsforskriftene - definisjonen av omfang, definisjonen av dekningsgrad. Det er jo to begreper som vi bruker. Jeg vet at mange fylkeskommuner har en dekningsgrad som langt overstiger 375 %. De har mange klasser som står tomme fordi det ikke er mulig å fylle dem opp. Elever slutter underveis, så faller omfanget, og så kommer det under 375 %. Derfor er det behov for å se litt på omfangsforskriftene. Vil statsråden ta et initiativ overfor fylkeskommunene for å komme i en dialog med dem og med komiteen her på Stortinget med sikte på å se om dette er en god måte å definere omfang/dekningsgrad på?

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan stadfeste at vi er einige om at fylka har det tøft reint budsjettmessig. Så der er då spørsmålsstillaren og eg einige.

Når det gjeld omfangsforskrifta, er eitt minutt for kort tid til å gå djupt inn på den. Det er heilt klart at det er behov for å sjå på korleis ein kan finne ein dialog som fører til eit betre resultat enn vi har sett hittil i forhold til dei totale elevplassane i fylka.

Men eg vil gjenta ein gong til: Om ein vel den andre løysinga eg skisserte, at det skal vere ei plikt å ha tilstrekkeleg med elevplassar, vert på ein måte diskusjonen om omfangsforskrifta diskusjonen om historia. Vi held no på med å vurdere korleis vi skal leggje opp etterutdanningsreforma og oppfylginga av Buer-utvalet, så eg vil ikkje konkludere endeleg enno. Men eg kan love representanten Reikvam at vi skal få høve til å komme attende til dette, og eg trur vi har eit felles mål.