Petter Løvik (H):
Eg tillèt meg å
stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Opptaksreglane til den nye
maritim-tekniske fagskulen krev at søkjar har avlagt fagprøve og fagbrev som
matros, fiskar eller motormann. Dei første fagbreva blir avlagde sommaren
1998, lenge etter at søknadsfristen til fagskulen er ute.
Vil statsråden gi overgangsreglar for
dette skuleslaget som gjer det muleg å rekruttere søkjarar til den maritime
offisersutdanninga?
Statsråd Jon Lilletun:
Representanten
Løvik tek i dag opp fleire saker som det er greitt for statsråden å kunne
svare på i og med at det gjeld absolutt aktuelle tema, og at vi òg kan
kvittere dei ganske raskt ut.
Eg er fullt klar over at det ville
verte vanskeleg å rekruttere søkjarar til denne utdanninga dersom ein berre
skulle ta opp søkjarar med fagbrev etter Reform 94.
I departementet er vi derfor i desse
dagar i ferd med å sende ut eit rundskriv om overgangsordningar for teknisk
fagskule, linje for maritime fag og fiskerifag. Som ei mellombels ordning
vert det høve til å ta opp søkjarar med tre års fartstid om bord,
grunnleggjande tryggleiksopplæring og realkompetanse i allmennfaga på
VK I-nivå. Realkompetansen kan byggjast opp gjennom tilpassa kurs før eller
samstundes med opplæringa i teknisk fagskule. Ordninga skal førebels gjelde
for to år.
Petter Løvik (H):
Eg vil takke
statsråden for endå eit positivt svar. Det ser ut som vi er komne inn i ein
god stim, for å halde seg til det maritime språket.
Bakgrunnen for spørsmålet her er i
grunnen todelt. Det eine gjeld dei som no får eit fagbrev, men som ikkje
får det tidsnok til å søkje. Det andre gjeld ein god del litt eldre elevar
som har vore ute i praksis, og som heilt klart vil vere kvalifiserte til å
gjere ein dugande jobb i dei maritime næringane. Litt av frykta mi har gått
på det som blei sagt om desse krava « eller tilsvarande », og eg er veldig glad
for at statsråden no vil kome med overgangsreglar. Han har presisert det
til « i desse dagar », og « i desse dagar » er eit tøyeleg omgrep. Eg går ut frå at
det betyr at han svært raskt vil kome med reglar som er eintydige, og som
alle skulane kan rette seg etter.
Igjen takk til statsråden.
Statsråd Jon Lilletun:
Eg kan
stadfeste at « desse dagar » betyr svært få dagar.
Rundskrivet har vi gjort klart med
omsyn til innhaldet, men rundskrivet er ikkje sendt ut, og eg vil gjerne at
representanten Løvik, som har stor kompetanse i forhold til akkurat desse
spørsmåla, får høve til å sjå at det som næringa har vore oppteken av, på
ein god måte er dekt frå vår side i departementet, så eg vil kome tilbake
til representanten Løvik med det.