Arne Lyngstad (KrF):
Jeg tillater meg
å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Mange grendeskoler blir lagt ned.
Under behandlingen av skolestart for seksåringene ble dette ekstra
barnekullet brukt som argument for at nedleggelsen av grendeskolene ville
avta, men dette synes ikke å ha skjedd.
Hva vil statsråden gjøre for å
opprettholde grendeskolene?
Statsråd Jon Lilletun:
Grendeskulane
har mykje å seie for trygge og gode oppvekstmiljø. Dei har spela ei aktiv
rolle i utforminga av bygdene og er no i mange høve einaste gjenverande
senter etter at andre oppgåver og tenester er sentraliserte. Grendeskulane
har derfor verdi både for elevane og nærmiljøet.
Når det gjeld oppretting eller
nedlegging av skular, viser eg til at det er ei kommunal sak etter
grunnskulelova. Hovudregelen om dette står i grunnskulelova § 3 nr. 2, som
lyder:
Kommunen
fastset krinsskipnaden, krinsgrensene, skolestader og namn på skolar, og kan
og gjere vedtak om å sløyfe krinsgrensene i heile kommunen eller i delar av han.
I grunnskulelova § 37 nr. 1 og nr. 2
heiter det vidare:
Kvar
kommune har ansvar for at alle barn og all ungdom får høveleg opplæring, og pliktar
å syta for at grunnskolen er skipa og blir driven i samsvar med denne lova.
Kommunen
ber utgiftene til grunnskolen etter reglane i lova.
Som det går fram av dette, har
kommunen ansvaret for at alle barn får den opplæringa dei har krav på etter
grunnskulelova. Kommunen kan sjølv fastsetje kvar skulane skal liggje,
eventuelt fjerne krinsgrensene heilt eller delvis.
Dei kommunale utgiftene til
grunnskulen vert finansierte gjennom rammetilskottet til kommunane.
Rammetilskottet vert fordelt til den einskilde kommunen etter ein
kostnadsnøkkel. Kostnadsnøkkelen for grunnskulen skal ta omsyn til
skilnader i kommunane sitt utgiftsbehov på grunnskuleområdet, men
tilbakemeldingar frå ein del distriktskommunar kan tyde på at den ikkje
fungerer godt nok. I Voksenåsen-dokumentet har Regjeringa varsla
gjennomgang av inntektssystemet. Dette vil bli fylgt opp ved å utvikle nye
kriterium for busetjingsmønsteret i kommunane og fylkeskommunane, slik at
dei på ein betre måte skal ta omsyn til spreidd busetjingsmønster.
Kommunal- og regionaldepartementet tek sikte på å leggje fram endringar i
kostnadsnøkkelen i kommuneøkonomiproposisjonen for 1999, som vil bli lagd
fram våren 1998.
Det kan vere ulike grunnar til at
småskular blir nedlagde. Kvar kommune må ta ei samla vurdering der ein m.a.
tek omsyn til pedagogikk, trafikksikring og økonomi. Skulane spelar ei
viktig rolle i mange nærmiljø. Det bør derfor ikkje verte slik at økonomien
er einaste argument for nedlegging eller samanslåing. Eg vil fylgje denne
utviklinga nøye framover og kome attende til Stortinget med ein
statusrapport i samband med statsbudsjettet for 1999.
Arne Lyngstad (KrF):
Jeg vil takke
statsråden for et positivt svar.
Jeg er enig med statsråden når han
gjør kommuneøkonomien til et viktig spørsmål for skolestrukturen og for
mulighetene for å opprettholde grendeskolene. Jeg er også glad for at
Regjeringen nå arbeider med inntektssystemet for å se på hvordan dette
påvirker kommunenes vurderinger.
Som statsråden var inne på, er det
også andre forhold som er viktig for å styrke grendeskolenes stilling. De
pedagogiske rammevilkårene er én ting, men også foreldrenes mulighet til å
spille en aktiv rolle i debatten om skolestrukturen er viktig. Aktive og
engasjerte foreldre er en stor ressurs for grendeskolene. Dermed må vi være
villige til å se på hvordan berørte foreldres synspunkter blir ivaretatt i
beslutningsprosessene. Er statsråden enig i at det er ønskelig å styrke
foreldrenes mulighet for å hevde sine synspunkter i spørsmål som angår
grendeskoler og skolestruktur?
Statsråd Jon Lilletun:
I det
noverande lovverket, etter at vi fekk ny kommunelov, er det ikkje slik at
foreldre eller skulestyre har ein lovfesta rett til å uttale seg. Det er
heilt opplagt at det ikkje er med på å styrkje den opplevinga det er for
foreldre å vere deltakarar i noko av det som er viktigast for dei, nemleg
barna sin situasjon i skulen.
Når denne regjeringa legg fram forslag
til ny opplæringslov, er vi innstilte på - det må vere heilt klart - at før
ein kan gå til slike tiltak som nedlegging, skal samarbeidsutvalet og
skulestyret, eller andre organ som har same myndigheit som skulestyret, få
høve til å uttale seg. Så på det punktet er statsråden heilt innstilt på å
kome spørjaren sine intensjonar i møte.