Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998

Dato: 11.02.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 6

Rita Tveiten (A): Eg vil stilla følgjande spørsmål til fiskeriministeren:

Tre norske lakseeksportørar har urettmessig vorte ilagde 14 % straffetoll av EU av di dei vart skulda for å omgå prisavtalen Norge har med EU. Trass i at EU-kommisjonen har varsla at straffetollen var uberettiga, vil straffetollen stå ved lag fram til 19. april 1998.

Kan fiskeriministeren godta at norske næringsdrivande som held seg til den inngåtte avtalen, skal råkast på denne måten, og kva vil han gjera for at næringa skal kunna lita på at deira interesser vert tekne vare på av norske styresmakter?

Statsråd Peter Angelsen: Som ei følgje av lakseavtalen mellom Noreg og EU er det inngått avtalar mellom den enkelte norske eksportør og EU. Desse avtalane fastlegg eksportørane sine plikter med omsyn til prisar, rapporteringar, selskapet sin rett til konsultasjonar m.v. samt prosedyrar for reaksjonar om EU-kommisjonen har grunn til å tru at avtalen er broten.

Dei sakene det her er tale om, er førebels slutten på ein prosess som starta etter at EU-kommisjonen i november gjennomførte ei undersøking retta mot første prisperiode etter lakseavtalen, det vil seie tredje kvartal i 1997. Kommisjonen gjorde då kjent at 66 eksportørar såg ut til å ha brote vilkåra i den individuelle avtalen. Desse 66 bedriftene blei gitt varsel på førehand med høve til å kommentere denne vurderinga. Ei gruppe på ytterlegare seks bedrifter som EU-kommisjonen meinte hadde selt under minstepris, fekk ikkje dette høvet. Dette ser eg som uheldig. Det er nokre av dei sistnemnde bedriftene som representanten Tveiten viser til i sitt spørsmål.

EU-kommisjonen har av ulike grunnar valt å reagere mot 29 av bedriftene ved å fastsette mellombels toll. Desse førebels vedtaka kan påklagast og vil anten bli omgjorde eller stadfesta innan fire månader.

På vegner av dei seks bedriftene har likevel den norske EU-delegasjonen lagt til rette for at bedriftene og advokaten deira skulle få høve til å legge fram saka si for kommisjonen. Frå styresmaktene si side er det vanskeleg å gjere meir enn å legge til rette og å hjelpe den enkelte bedrifta, då dei opplysningane som blir sende frå bedriftene, er konfidensielle mellom dei og kommisjonen. Norske styresmakter er derfor langt på veg avskorne frå å drøfte substansen i den enkelte innrapporteringa og vil av den grunn heller ikkje vite om det faktisk ligg føre brot på den individuelle avtalen.

Det viser seg no at av dei seks bedriftene er det berre to bedrifter som kommisjonen har sendt brev til med melding om at dei vil bli tekne inn att i avtalen. Den opphavlege innrapporteringa frå desse to bedriftene blir av kommisjonen vurdert slik at den inneheld visse mindre rapporteringsfeil, men at det ikkje har funne stad brot på pris. Dette brevet er datert 30. januar 1998.

Norske styresmakter har gjennom vår EU-delegasjon arbeidd aktivt for at adgangen til å eksportere utan avgift blir gjenoppretta så snart som mogleg. Det har i denne prosessen no kome signal frå kommisjonen om at dette tidlegast kan skje i byrjinga av mars. Til vanleg blir slike vedtak fatta i ei rådsforordning. Eit slikt vedtak tar tid. Det vert no undersøkt om kommisjonen har rettsleg kompetanse til sjølv å fatte vedtak eller gi ei forordning om å sette dei to eksportørane attende på lista. Då krevst det mindre tid. Frå norsk side har vi gjort det klart for kommisjonen at dette må skje så raskt som mogleg.

Rita Tveiten (A): Eg takkar fiskeriministeren for svaret. Men eg synest det er litt defensivt å overlata til lakseeksportørane sjølve heilt å overhalda innhaldet i avtalen som norske styresmakter trass i alt har vore aktivt med og forhandla fram. Det er trass i alt heilt sentrale norske næringsinteresser det her dreiar seg om.

Eg reagerer kraftig på at det ikkje er mogleg å leggja større press på EU når dei faktisk har gjort ein feil overfor desse bedriftene, som eventuelt må slita med ei urettkoma straff heilt fram til 19. april. Tapet for det eine selskapet er til no 15 mill. kr og vil fram til 19. april representera ytterlegare 25 mill. kr. Det kan vera vanskeleg å vurdera kva tapet av tiltru hjå kundane vil representera.

Korleis skal ein då forstå utsegna til fiskeriministerens ekspedisjonssjef Magnor Nerheim til Dagens Næringsliv: « Vi vil ikke bruke for mye av vår kreditt som vi kan ha veldig nytte av ved neste korsvei »? Meiner fiskeriministeren at det er rimeleg at norske lakseeksportørar bokstaveleg talt må betala rekninga for at Regjeringa skal ha kreditt i EU-systemet?

Statsråd Peter Angelsen: La meg bare understreke at det er beklagelig at enkelte lakseeksportører har kommet opp i en slik situasjon. Men her er det avtaler som er inngått mellom to parter; den norske regjering og EU-kommisjonen, samt mellom den enkelte lakseeksportør og EU-kommisjonen. Det ligger klart i avtalen at det er den enkelte eksportør som har forpliktelser til å oppfylle alle krav i de individuelle avtalene som er inngått mellom kommisjonen og den enkelte eksportør. I denne avtalen er det også forutsetninger om innrapportering, som kommisjonen mener ikke er skjedd i henhold til avtalen. Det kan selvfølgelig ikke Regjeringen gripe inn i.

Når det gjelder den generelle avtalen som er inngått mellom Regjeringen og EU-kommisjonen, er det viktig at vi fra Regjeringens side oppfyller våre forpliktelser og stiller krav til kommisjonen om at de forholder seg til den inngåtte avtalen. Det gjør vi.

Når det gjelder det spørsmålet som ble stilt om ekspedisjonssjefen, tror jeg nok at han kan være tolket feil av media.