Tomas Norvoll (A):
Jeg tillater meg å
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Siviløkonomutdanningen i Bodø
uteksaminerer nå studenter med hovedfag innen bedriftsøkonomi. Foreløpig
får de bare bruke tittelen hovedfagskandidat, ikke cand.oecon eller
cand.merc, som er vanlig på universiteter. Gjennom lov om høyere utdanning
er siviløkonomutdanningen likestilt med universiteter og vitenskapelige
høgskoler.
Når vil statsråden la
siviløkonomutdanninga i Bodø bruke gradsbetegnelsen cand.merc eller
cand.oecon?
Statsråd Jon Lilletun:
Til innleiing
vil eg presisere at graden cand.merc ikkje vert gjeven av nokon høgare
utdanningsinstitusjon i Noreg i dag.
Som representanten Norvoll sikkert
kjenner til, har ei arbeidsgruppe som departementet sette ned, greidd ut
spørsmålet om gradsnemning og tittel for hovudfagsstudium ved høgskulane.
Arbeidsgruppa si innstilling har vore på høyring i universitets- og
høgskulesektoren.
Departementet meiner at innstillinga
som ligg føre, gjev ei god og grundig drøfting av den problematikken vi her
står overfor. Høyringsfråsegnene frå sektoren viser at institusjonane har
arbeidd seriøst med saka. For å få fram ei sektorovergripande vurdering
vurderer departementet å leggje saka fram for Noregsnettrådet, for at det
kan gje ei eiga vurdering av saka. Eg kan òg opplyse at departementet skal
ha eit møte med Høgskulen i Bodø 19. mars, der spørsmålet om gradsnemning på
hovudfaget i bedriftsøkonomi er ei av dei sakene vi skal diskutere.
Eg vil leggje til at eg prinsipielt
meiner at ei likeverdig utdanning ved så vel ein høgskule som eit
universitet skal kunne utløyse same grad. Men vi treng å arbeide noko meir
med det før det endelege standpunktet vert teke.
Tomas Norvoll (A):
Jeg takker
statsråden for svaret og er for så vidt glad for at man nå skal ha et nytt
møte med Høgskolen for å diskutere denne saken. Men det begynner å ta
lovlig lang tid.
Jeg står med et brev fra Høgskolen i
Bodø, datert 11. april 1996, til departementet om denne saken, der man sa at
det var tittelen cand.oecon man ønsket å bruke der, og bad om at
departementet resonnerte på det grunnlag. Det har ikke skjedd, og det er
ingen kritikk av statsråden. Det er jo slik - nær sagt uansett hvem som er
statsråd - at av og til går det for lang tid fra man får en forespørsel fra
institusjonene til man greier å komme fram til et svar. Men det er bra hvis
man nå kan få gjort noe med det.
Jeg er også veldig fornøyd med at
statsråden slapp manuset på slutten og tydeligvis kom med noen mer
personlige bemerkninger om at dette var noe han støttet. Det legger jeg
merke til, og det har jeg notert. Da regner jeg med at statsråden er såpass
handlekraftig at han sørger for at dette går i orden rimelig raskt.
Statsråd Jon Lilletun:
Fyrst vil eg
seie meg einig i at ei sak sjølvsagt ikkje bør ta så lang tid som denne saka
har teke. Eg trur nok at representanten Norvoll generelt ikkje er særleg
glad for at vi fekk eit regjeringsskifte. Men eg ser ikkje heilt bort frå
at i denne saka kan det faktisk no kome eit svar han er meir nøgd med enn
det som elles ville ha kome, så nokre gonger kan det vere nyttig med eit
skifte.