Astrid Marie Nistad (A):
Eg tillèt
meg å stille følgjande spørsmål til statsråd Lilletun:
11. mars 1998 markerte Sogn og
Fjordane fylkeskommune oppstartinga av undervisning av lækjarstudentar ved
Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, eit pilotprosjekt i samarbeid med Det
medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen og Sogn og Fjordane
fylkeskommune. Etter budsjettkuttet på 3 % ved Det medisinske fakultet er
pilotprosjektet i Sogn og Fjordane alt truga med nedlegging før det faktisk
starta opp.
Kva vil statsråden gjere for å sikre
den noverande undervisninga for lækjarstudentane?
Statsråd Jon Lilletun:
På
statsbudsjettet for 1998 har Universitetet i Bergen fått tildelt midlar
svarande til ei vidareføring av 30 nye studieplassar i medisin som vart
oppretta i 1997, og det er gitt løyving til ytterlegare 30 nye
studieplassar, slik at opptaket på grunnivå kan haldast på same nivå som
hausten 1997.
Mellom anna for å finansiere dei nye
studieplassane i medisin vedtok Stortinget samstundes ein reduksjon på 2.000
studieplassar ved dei allmennvitskapelege fakulteta ved dei fire
universiteta.
For Universitetet i Bergen er talet på
studieplassar redusert med 489 innanfor desse fakulteta, og dette svarar til
ein budsjettreduksjon på om lag 15 mill. kr. Opptaket av studentar skal
ikkje berørast andre stader enn på HF-, SV- og MN-faga. Innanfor dei
rammene som Stortinget og departementet legg, har styret ved universitet og
høgskular likevel fridom til sjølv å fordele dei tildelte ressursane mellom
fakulteta, jf. universitets- og høgskulelova § 4 nr. 3 og 4 og praktiseringa
av ein rammestyrt budsjettprosess i staten.
Regjeringa er oppteken av å betre
tilgangen på legar i distrikta. Planen om desentralisering av undervisninga
ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen er difor viktig fordi
den sikrar praksisplassar for det auka talet på studentar i medisin ved
institusjonen. Eg forventar at den òg vil bidra til å betre rekrutteringa
av legar i Vestlandsregionen og tilføre høg fagleg kvalitet og kompetanse
ved sjukehusa som skal ta imot studentane. Eg er oppteken av at dette
tiltaket skal verte vellukka, og fylgjer difor med på utplasseringa av
studentar frå Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen ved
sjukehusa i Førde, Stavanger og Haugesund. Departementet har òg til
handsaming ei utgreiing av meirkostnaden som fylgjer denne
desentraliseringa.
Planen har vore til handsaming på eit
fakultetssstyremøte i januar på bakgrunn av det fakultetet oppfattar som ein
vanskeleg budsjettsituasjon, og det vart understreka at vedtak om
innsparingstiltak som gjer store endringar i - eller stans av -
desentraliseringa, ikkje skal fattast utan at både utdannings- og
helsemyndigheitene er varsla. Eg har fått stadfesta at Universitetet i
Bergen no har teke til med utplasseringa, og det er ikkje varsla at det er
vedteke endringar som seinkar den planlagde opptrappinga av den
desentraliserte verksemda. Eg føreset difor at framdrifta i planen vert
gjennomført i samsvar med føresetnadene.
Astrid Marie Nistad (A):
Eg takkar
for svaret.
Eg er glad for den stadfestinga
statsråden gav i forhold til kor viktig tiltaket med å få utplassert
medisinske studentar ved sjukehusa i Vestlandsregionen er. Eg vil gjere
merksam på at dette bør følgjast nøye opp, fordi ein stopp i praksisplassane
vil vere eit signal til studentane om at slike ordningar kan vere
mellombelse og på den måten ikkje verte prioriterte av studentane og kan
dermed få som følgje at den desentraliserte opplæringa ikkje vert god nok,
sett i forhold til tryggleiken for den enkelte student.
Eg håpar difor at det ikkje berre er
ord når statsråden seier at han vil følgje nøye med, men at han verkeleg vil
gjere det, fordi dette har signaleffektar langt utover dei medisinske
studentane som no er utplasserte ved Sogn og Fjordane Sentralsjukehus.
Statsråd Jon Lilletun:
Eg deler
representanten Nistad si vurdering av situasjonen og kor viktig det er at
dette går som planlagt.
Det er klart at det budsjettet som er
vedteke for universiteta, er stramt. Budsjettet som denne regjeringa
fremja, var i samsvar med det som regjeringa Jagland fremja. Men som eg sa
i innlegget mitt, fylgjer vi nøye den delen som går på meirkostnadene ved å
desentralisere desse studieplassane. Difor kan eg love representanten
Nistad at dette er meir enn ord, at vi skal fylgje dette tett, og at dei
tiltaka som er nødvendige for at planen kan gjennomførast, skal verte
gjorde.