Per Sandberg (Frp): Jeg ønsker å stille barne-
og familieministeren følgende spørsmål:
«Stadig flere norske barn og ungdommer
rammes av alvorlige depresjoner. For mange av disse gir tradisjonelle
behandlingsmetoder med psykoterapi nesten ingen resultater. Nå vil
mange leger øke bruken av de såkalte lykkepillene
til barn og unge.
Mener statsråden dette kan ha sammenheng
med eller være et resultat av de siste 15 års
familiepolitikk?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Fyrst vil eg opplysa at det ikkje er grunnlag
for å hevda at talet på alvorlege depresjonar
aukar blant norske born og ungdommar. Vi har ingen undersøkingar
eller statstikk som støttar ein slik påstand.
Det vi veit frå internasjonal forsking, er at det er funne
ein viss auke når det gjeld lettare depresjonar blant born
og unge, medan førekomsten av alvorlege depresjonar i barne-
og ungdomsbefolkninga har halde seg stabil gjennom mange år.
Ved alvorlege depresjonar blant born og ungdom
ligg det oftast føre ein disposisjon for å utvikla
ein depresjon, det vil seia at den unge ber på noko sårbart
som kan utvikla seg til alvorleg depressiv tilstand. I
slike tilfelle kan medisinar ha ein gunstig effekt dersom den unge
også får anna støtte og oppfølging.
Alvorlege depressive tilstandar bør alltid allmennhelsetenesta
eller spesialisthelsetenesta behandla og følgja opp innanfor
barne- og ungdomspsykiatrien. Det kan verka uheldig å omtala
verknadsfull psykofarmaka som er ordinert frå lege, som
ei lykkepille. Denne typen medisin blir brukt med god effekt som
fyrstehandsmiddel ved alvorlege depresjonar.
Lettare depresjonar går som oftast
over og har som regel samanheng med livskriser der den depressive
reaksjonen kan vera ein normal reaksjon på ein stressande
situasjon eller uventa tapsoppleving som barnet eller den unge ikkje
utan vidare meistrar. Med rett hjelp frå dei nærmaste
omgivnadene eller frå hjelpeapparatet vil slike symptom
til vanleg avta eller forsvinna heilt etter ei tid. Men vi skal
likevel ikkje bagatellisera at born kan utvikla lettare depresjonar
m. a. i samband med samlivsbrot hos foreldra. I høve til
situasjonsutløyste depressive reaksjonar vil ikkje medisinering
vera det beste, men at dei nærmaste er til stades, følgjer
opp og støttar oppunder borna eller dei unge.
Vi har ikkje presise nok data til å slå fast
under kva samanhengar vedvarande og alvorleg depresjon hos born og
ungdom oppstår og blir halden ved like. Det vi veit, er at
slike tilstandar som regel har samansette årsaker, der både
biologi- og miljøfaktorar spelar inn. Vi veit òg
at born og unge som lever isolert utan eit stabilt sosialt nettverk,
generelt sett har ein større risiko for å utvikla
vedvarande psykiske og sosiale vanskar enn andre born.
Familiepolitikken dei siste 15 åra
har primært vore tiltak for å sikra barnefamiliane
best mogeleg rammevilkår. Det gjeld både økonomisk
ved barnetrygda og ved å utvida omsorgspermisjonen i tilknyting
til fødslar. I tillegg har vi innført kontantstøtta
til småbarnsfamiliane for å dempa presset på familiane
medan borna er små. Når kvinner tek meir del i
lønna arbeid, har det også ført til ei stor
satsing på å byggja ut fleire og varierte barnehagetilbod.
I tillegg er det etablert andre tilsynsordningar for skuleborn.
Gjennom foreldrerettleiingsprogram og samlivstiltak har statlege
styresmakter hjelpt til med å støtta og styrkja
foreldrerolla i barnefamiliane. Siktemålet med dei tiltaka
eg nemnde til sist, er m. a. å førebyggja psykososiale
vanskar hos born og unge.
Etter mi vurdering verkar det høgst
usannsynleg at nokon av desse nemnde familiepolitiske ordningane
har ført til alvorlege depresjonar hos den oppveksande
slekt. Tvert imot syner undersøkingar at foreldre stadig
bruker meir tid til samvær med borna sine. Det er heller
ikkje dokumentert at born og unge med utearbeidande mødrer har
dårlegare psykisk helse enn andre born. Hovudutfordringa
er, slik eg ser det, å gjera foreldre, andre vaksne og
hjelpeapparatet i stand til å støtta og hjelpa
born gjennom ulike typar kriser. Det skjer t.d. gjennom ein aktiv familiepolitikk
der ein m.a. legg til rette for at born og foreldre kan bruka meir
tid saman.
Per Sandberg (Frp): Jeg takker for et godt og utdypende svar.
Jeg syns imidlertid det er beklagelig at statsråden ikke
ser – slik vi i Fremskrittspartiet gjør – at
den politikken som er ført, er en årsak til de
problemer noen barn har i dag.
Videre vil jeg utdype spørsmålet
mitt, og det gjelder omsorgsproblematikken. For å finne
essensen her, vil jeg vise til at Joan Kelly, i et foredrag på Oslo-konferansen «Children
and Divorce» sa at det er ironisk og ikke uten interesse
at vi har underkastet felles omsorg en langt mer nitid granskning
enn vi noensinne foretok med hensyn til de tradisjonelle samværsløsninger,
eksempelvis eneansvar og hovedomsorg.
Spørsmålet til statsråden
er da: Vurderer også statsråden å gjøre
noe med barneloven på området delt omsorg og hovedomsorg?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No stiller representanten tilleggsspørsmål
om noko heilt anna enn det det vart stilt spørsmål
om i fyrste omgang. Eg kan la vera å svara på det,
men eg skal iallfall prøva å svara noko.
Når det gjeld delt omsorg for born
ved samlivsbrot, er problemstillinga ganske vanskeleg. Det kan fungera
for enkelte. For andre vil det absolutt ikkje fungera. Det kan òg
vera ganske traumatisk for born ikkje å ha ein heim som
dei kallar for sin heim, men stadig vekk ha to ulike heimar. Her
har ein mange problemstillingar som eg nok måtte hatt eit
eige innlegg om for skikkeleg å kunna underbyggja
og gje eit fyldig svar på. Problemstillingane er velkjende.
Eg har ingen planar om å endra barneloven på det
punktet som representanten spør om. Men som han òg
veit, har eg akkurat fått tilsendt ein NOU som bl.a. handlar
om denne problemstillinga. Den skal sendast ut på høyring,
og i neste omgang skal vi koma tilbake til Stortinget, og så får
vi ha ein full gjennomgang av problemstillingane når den
tida kjem.