Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Per Sandberg (Frp): Jeg ønsker å stille barne- og familieministeren følgende spørsmål:

«Stadig flere norske barn og ungdommer rammes av alvorlige depresjoner. For mange av disse gir tradisjonelle behandlingsmetoder med psykoterapi nesten ingen resultater. Nå vil mange leger øke bruken av de såkalte lykkepillene til barn og unge.

Mener statsråden dette kan ha sammenheng med eller være et resultat av de siste 15 års familiepolitikk?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Fyrst vil eg opplysa at det ikkje er grunnlag for å hevda at talet på alvorlege depresjonar aukar blant norske born og ungdommar. Vi har ingen undersøkingar eller statstikk som støttar ein slik påstand. Det vi veit frå internasjonal forsking, er at det er funne ein viss auke når det gjeld lettare depresjonar blant born og unge, medan førekomsten av alvorlege depresjonar i barne- og ungdomsbefolkninga har halde seg stabil gjennom mange år.

Ved alvorlege depresjonar blant born og ungdom ligg det oftast føre ein disposisjon for å utvikla ein depresjon, det vil seia at den unge ber på noko sårbart som kan utvikla seg til alvorleg depressiv tilstand. I slike tilfelle kan medisinar ha ein gunstig effekt dersom den unge også får anna støtte og oppfølging. Alvorlege depressive tilstandar bør alltid allmennhelsetenesta eller spesialisthelsetenesta behandla og følgja opp innanfor barne- og ungdomspsykiatrien. Det kan verka uheldig å omtala verknadsfull psykofarmaka som er ordinert frå lege, som ei lykkepille. Denne typen medisin blir brukt med god effekt som fyrstehandsmiddel ved alvorlege depresjonar.

Lettare depresjonar går som oftast over og har som regel samanheng med livskriser der den depressive reaksjonen kan vera ein normal reaksjon på ein stressande situasjon eller uventa tapsoppleving som barnet eller den unge ikkje utan vidare meistrar. Med rett hjelp frå dei nærmaste omgivnadene eller frå hjelpeapparatet vil slike symptom til vanleg avta eller forsvinna heilt etter ei tid. Men vi skal likevel ikkje bagatellisera at born kan utvikla lettare depresjonar m. a. i samband med samlivsbrot hos foreldra. I høve til situasjonsutløyste depressive reaksjonar vil ikkje medisinering vera det beste, men at dei nærmaste er til stades, følgjer opp og støttar oppunder borna eller dei unge.

Vi har ikkje presise nok data til å slå fast under kva samanhengar vedvarande og alvorleg depresjon hos born og ungdom oppstår og blir halden ved like. Det vi veit, er at slike tilstandar som regel har samansette årsaker, der både biologi- og miljøfaktorar spelar inn. Vi veit òg at born og unge som lever isolert utan eit stabilt sosialt nettverk, generelt sett har ein større risiko for å utvikla vedvarande psykiske og sosiale vanskar enn andre born.

Familiepolitikken dei siste 15 åra har primært vore tiltak for å sikra barnefamiliane best mogeleg rammevilkår. Det gjeld både økonomisk ved barnetrygda og ved å utvida omsorgspermisjonen i tilknyting til fødslar. I tillegg har vi innført kontantstøtta til småbarnsfamiliane for å dempa presset på familiane medan borna er små. Når kvinner tek meir del i lønna arbeid, har det også ført til ei stor satsing på å byggja ut fleire og varierte barnehagetilbod. I tillegg er det etablert andre tilsynsordningar for skuleborn. Gjennom foreldrerettleiingsprogram og samlivstiltak har statlege styresmakter hjelpt til med å støtta og styrkja foreldrerolla i barnefamiliane. Siktemålet med dei tiltaka eg nemnde til sist, er m. a. å førebyggja psykososiale vanskar hos born og unge.

Etter mi vurdering verkar det høgst usannsynleg at nokon av desse nemnde familiepolitiske ordningane har ført til alvorlege depresjonar hos den oppveksande slekt. Tvert imot syner undersøkingar at foreldre stadig bruker meir tid til samvær med borna sine. Det er heller ikkje dokumentert at born og unge med utearbeidande mødrer har dårlegare psykisk helse enn andre born. Hovudutfordringa er, slik eg ser det, å gjera foreldre, andre vaksne og hjelpeapparatet i stand til å støtta og hjelpa born gjennom ulike typar kriser. Det skjer t.d. gjennom ein aktiv familiepolitikk der ein m.a. legg til rette for at born og foreldre kan bruka meir tid saman.

Per Sandberg (Frp): Jeg takker for et godt og utdypende svar. Jeg syns imidlertid det er beklagelig at statsråden ikke ser – slik vi i Fremskrittspartiet gjør – at den politikken som er ført, er en årsak til de problemer noen barn har i dag.

Videre vil jeg utdype spørsmålet mitt, og det gjelder omsorgsproblematikken. For å finne essensen her, vil jeg vise til at Joan Kelly, i et foredrag på Oslo-konferansen «Children and Divorce» sa at det er ironisk og ikke uten interesse at vi har underkastet felles omsorg en langt mer nitid granskning enn vi noensinne foretok med hensyn til de tradisjonelle samværsløsninger, eksempelvis eneansvar og hovedomsorg.

Spørsmålet til statsråden er da: Vurderer også statsråden å gjøre noe med barneloven på området delt omsorg og hovedomsorg?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No stiller representanten tilleggsspørsmål om noko heilt anna enn det det vart stilt spørsmål om i fyrste omgang. Eg kan la vera å svara på det, men eg skal iallfall prøva å svara noko.

Når det gjeld delt omsorg for born ved samlivsbrot, er problemstillinga ganske vanskeleg. Det kan fungera for enkelte. For andre vil det absolutt ikkje fungera. Det kan òg vera ganske traumatisk for born ikkje å ha ein heim som dei kallar for sin heim, men stadig vekk ha to ulike heimar. Her har ein mange problemstillingar som eg nok måtte hatt eit eige innlegg om for skikkeleg å kunna underbyggja og gje eit fyldig svar på. Problemstillingane er velkjende. Eg har ingen planar om å endra barneloven på det punktet som representanten spør om. Men som han òg veit, har eg akkurat fått tilsendt ein NOU som bl.a. handlar om denne problemstillinga. Den skal sendast ut på høyring, og i neste omgang skal vi koma tilbake til Stortinget, og så får vi ha ein full gjennomgang av problemstillingane når den tida kjem.