Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10

Dato: 17.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 27

Marit Tingelstad (Sp): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Det er i dag stor mangel på faglært arbeidskraft i grunnskolen. Samtidig vet vi at det er mange av våre nye landsmenn som har gode lærerkvalifikasjoner hjemmefra, men som ikke får godkjent sine utdannelser.

Hva vil departementet gjøre for at denne verdifulle kompetansen skal kunne nyttes i skolen?»

Statsråd Jon Lilletun: Spørsmålet som representanten Tingelstad tek opp, rører ved to sentrale problemstillingar: behovet for arbeidskraft i grunnskulen og bruk av innvandrarars kompetanse.

Forhold som gjeld behov for arbeidskraft i opplæringssystemet, vil som kjent bli lagde fram for Stortinget i samband med ein handlingsplan for rekruttering til læraryrket. Når det gjeld godkjenning av utanlandsk lærarutdanning, er det ulike ordningar og avtalar som gjeld.

Dei nordiske landa og EU/EØS-landa har inngått avtalar, slik at desse områda fungerer som ein felles arbeidsmarknad. For å få godkjenning som lærar i Noreg er det for statsborgarar av EØS-land som hovudregel tilstrekkeleg å leggje fram dokumentasjon som viser at ein er kvalifisert for yrket i heimlandet eller i eit anna EØS-land. Dersom det er vesentlege skilnader i utdanningas lengd eller innhald, kan det krevjast at søkjaren kompenserer for dette i form av yrkeserfaring eller praksisperiode.

For godkjenning av lærarutdanning frå land utafor EØS-området gjeld eigne reglar, med bl.a. krav om tilleggsprøve.

Utanlandsk lærarutdanning kan godkjennast av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ved dei statlege utdanningskontora etter råd frå Informasjonssenter for internasjonal utdanning – NAIC – og i einskilde høve av dei høgre lærestadene. I samsvar med Stortingets ynske er NAIC styrkt med to stillingar, og organet er frå 1. januar 1999 lagt under Noregsnettrådet. Eg trur dette vil gjere søknadsprosedyren til NAIC enklare og sakshandsamingstida kortare enn tidlegare, slik at ein sikrar meir effektiv og heilskapleg vurdering av utanlandsk utdanning.

Framandspråklege som ikkje har lærarutdanning frå heimlandet, men som har høgre utdanning i heimlandets språk og kultur, kan òg kvalifisere seg til læraryrket i Noreg ved å ta eittårig, tilrettelagd pedagogisk utdanning.

Eg meiner at vi såleis har lagt til rette for ordningar som langt på veg er føremålstenlege for godkjenning av utanlandsk lærarutdanning, og som sikrar dei kvalitetskrava som er ynskjelege for arbeid i den norske einskapsskulen.

Eg ser likevel, slik representanten Tingelstad peikar på, at det er fleire utfordringar å gripe tak i for betre å kunne utnytte den kompetansen som mange av våre nye landsmenn har med seg. Mellom anna må vi verte flinkare til å gje informasjon om og leggje til rette for ein utdanningsveg for dei personane som har behov for å komplettere si utdanning for å få godkjenning som lærar. For betre å kunne ta omsyn til slike individuelle behov har Skolenes Landsforbund og Norsk Lærerlag sett i verk eit prosjekt for å kartleggje behov og vurdere modellar for kompetansegjevande utdanning for utanlandsk lærarutdanning. Prosjektet er støtta av Arbeids – og administrasjonsdepartementet og har m.a. lagt vekt på samarbeid med høgskulane i Oslo, Agder og Sør-Trøndelag. I 1998 vart ca. 60 studentar tekne opp til kompetansegjevande kompletteringsutdanning ved desse høgskulane. I tillegg er det andre høgskular som vurderer å etablere eit slikt tilbod.

Dette er eit prosjekt som eg ser har fleire verdfulle sider med tanke på å leggje til rette for individuelt tilpassa utdanningsopplegg, og eg vil med interesse fylgje det vidare.

I tillegg til dei ordningar og tiltak som er skisserte ovanfor, har departementet i noverande lærarutdanningslov ein heimel til å dispensere frå dei utdanningskrava som er nedfelte i forskrift, når særlege omsyn gjer dette ynskjeleg. Eg vil leggje vekt på at departementet skal nytte eit slikt høve når det er fagleg og pedagogisk grunnlag for det.

Marit Tingelstad (Sp): Jeg takker statsråden for det fyldige og positive svaret. Det beviser jo at vi har systemer i dag slik at det kan skje godkjenninger, men praksis viser at det ikke er så enkelt likevel. Og da tillater jeg meg å referere fra Aftenposten den 8. februar, der rektor ved Gran skole, Signe Marie Natvig Andreassen sier:

«Jeg er oppgitt og opprørt over at det er så vanskelig å få utenlandsk utdannelse godkjent.»

Så sier hun videre:

«Vi har lærere med masse kvalifikasjoner fra sine hjemland, men vårt skolesystem er ikke villig til å anerkjenne dem som bra nok. Vi risikerer at godt kvalifiserte utenlandske lærere som ikke får godkjent utdannelsen, forlater skolen.»

Hun sier videre i artikkelen at hun synes det er veldig uheldig, da de har så god innvirkning på læringsmiljøet.

Og da spør jeg statsråden – når vi nå nettopp har vedtatt kompetansereformen: Vil statsråden gripe denne sjansen og gå inn og se på dette i forhold til den realkompetanse som den enkelte besitter?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er heilt samd med representanten Tingelstad i at vi får ein del døme, slik som det som det vart referert til i Aftenposten, og det frå ein skule, nemleg Gran, som har gjort særs mykje for å få dette til. Det viser seg derfor at det er nødvendig heile tida å arbeide for å gjere det betre. Då trur eg at noko av nøkkelen er, som representanten Tingelstad seier, kompetansereforma.

Eg har sjølv for ikkje så lenge sidan hatt eit møte med Skolenes Landsforbund, som er oppteke av det spørsmålet, og Høgskolen i Oslo, som er ein av dei store på dette området, kor eg sa at så langt vi innafor lovverket kan gje dispensasjonar i forhold til både studiekompetansedelen og anna, er vi innstilte på å prøve å få det til. Det vil heilt opplagt, etter innstillinga som Stortinget har i høve til kompetansereforma, verte endå betre. Når vi får laga lovverk i tilknyting til reforma, vil vi ha endå betre moglegheiter. Det er heilt rett at vi har altfor mange slike eksempel som det representanten Tingelstad viste til. Målet må vere å få dei eksempla vekk.