Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10

Dato: 17.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 28

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillèt meg å stille kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren følgjande spørsmål:

«Regjeringa Jagland foreslo i St.prp. nr. 1 (1997-98) for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet å opprette ei arbeidsgruppe for IT og andre sektorovergripande spørsmål på mellom anna bibliotekområdet (jf. kap. 0280). Regjeringa Bondevik eller Stortinget gjorde ingen endringar på regjeringa Jagland sitt framlegg.

Når vil statsråden sørgje for at arbeidsgruppa blir oppnemnd?»

Statsråd Jon Lilletun: Dette er ei viktig sak. Dei endringane som IT-utviklinga fører med seg, har følgjer ikkje berre for det indre liv i bibliotekinstitusjonane, men også for funksjonsmåte og samspel i utdannings-, forskings- og kulturinstitusjonane.

Dessverre har denne saka teke noko meir tid enn venta.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er saman med Kulturdepartementet no godt i gang med oppnemningsprosessen. Arbeidsgruppa vil bli oppnemnd i næraste framtid.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret, og eg er glad for statsråden si utsegn om at dette er ei viktig sak. Nå er det berre det at denne saka faktisk har tatt over eit år. Statsråden seier nå at arbeidsgruppa vil bli oppnemnd i næraste framtid, og sidan alt er relativt – sjølvsagt – blir spørsmålet mitt kva som ligg i omgrepet «næraste framtid». Vil det seie neste månad, i løpet av våren eller i løpet av året?

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg gje representanten Oppebøen Hansen heilt rett i at det har teke over eit år – og det er bortimot eit år for lenge. Det er spesielle årsaker som ligg til grunn for det, men det endrar ikkje den realiteten at det burde ha vore gjort noko før. Dermed vil eg då berre seie, som sant er, at ved ein inkurie har ikkje det vorte gjort som burde ha vorte gjort. Men det vil no verte gjort, og eg kan då stadfeste det meir presist for representanten Oppebøen Hansen: Det vil verte gjort før påske.