Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10

Dato: 17.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål nr. 29

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Departementet har i rundskriv F-06-99 lagt opp til at prøveavgifta for § 20-kandidatar skal endrast i tråd med budsjettvedtak i Stortinget. Etter dette har Stortinget handsama St.meld. nr. 42 (1997-98) Kompetansereformen. Der meiner eit stort fleirtal at prøveavgifta for § 20-kandidatar skal fjernast.

Vil statsråden ta omsyn til dette i samband med revidert nasjonalbudsjett til våren?»

Statsråd Jon Lilletun: § 20-kandidatar går opp til fag-/sveineprøve etter lov om fagopplæring i arbeidslivet. Dette er ei dokumentasjonsordning.

Fag/sveineprøvene inneheld ein teoretisk og ein praktisk del. I ein del tilhøve vert den teoretiske delen rekna avlagd gjennom tidlegare avlagd eksamen i skule, i andre tilhøve må teorikunnskapen visast ved prøve. Både den teoretiske og den praktiske delen av fag-/sveineprøvene inneber kostnader for fylkeskommunane.

Prøveavgift for kandidatar som melder seg til fag-/sveineprøver etter lov om fagopplæring i arbeidslivet § 20, vart innført i 1997. Motivasjonen for dette var omsynet til prinsippet om lik handsaming av § 20-kandidatar og privatistar etter lov om vidaregåande opplæring. Avgifta skal dekkje noko av fylkeskommunane sine utgifter i samband med prøvene.

Slik avgiftene er no, etter siste budsjettvedtak, kostar det den einskilde § 20-kandidat 500 kr å gå opp til praktisk fag-/sveineprøve fyrste gong. Dette gjev kandidaten fag-/sveinebrev og dokumentert fagkompetanse. Ein privatist må etter lov om vidaregåande opplæring betale 250 kr pr. eksamen fyrste gong. Om privatisten skal ta alle fag som må til for å nå studiekompetanse, må han/ho ut med monaleg større summar enn § 20-kandidaten.

Eg har notert meg merknadene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i samband med handsaminga av stortingsmeldinga om kompetansereforma. Eg vil framheve at prøveavgifta for § 20-kandidatane må sjåast i samband med prøveavgifta for privatistar ut frå eit likehandsamingsperspektiv. Å fjerne prøveavgifta for § 20-kandidatane vil føre til at avgifta for privatistar etter lov om vidaregåande opplæring også må vurderast. Prøveavgifta for § 20-kandidatane må òg sjåast i samband med fylkeskommunane sine utgifter til vidaregåande opplæring. Ei fjerning av denne avgifta vil påverke fylkeskommunane sin økonomi. Det vil innebere ei omfordeling av utgifter frå brukarane av ordninga til fylkeskommunane sine budsjett. Fylkeskommunane ville måtte kompenserast for utgiftsauken.

Som nemnt har eg merka meg synspunkta og tek dei med i utarbeidinga av statsbudsjettet for år 2000.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Det er rett at Stortinget i samband med behandlinga av budsjettet for 1999 slutta seg til prinsippet om lik behandling av § 20-kandidatar og privatistar, at ein skulle sjå det i samanheng. Da komiteen og Stortinget behandla kompetansereforma, blei dette vurdert også i den samanhengen. Det blei da ikkje noko fleirtal for å fjerne avgifta for privatistar, men derimot ligg det føre ein ganske solid fleirtalsmerknad om å fjerne avgifta for § 20-kandidatar.

Når det gjeld kostnadene og mangel på inntekt for fylkeskommunane, er det klart at det er ei sak som må vurderast, og også ei sak som ein måtte vurdera før 1997. Mitt spørsmål til statsråden blir : Ville det likevel ikkje vere fornuftig å vurdere desse spørsmåla i samband med revidert budsjett nå til våren?

Statsråd Jon Lilletun: Sjølvsagt skal det som Stortingets fleirtal seier, vurderast, og det på ein skikkeleg måte. Men no er det slik at det her ligg føre to typar saker som er behandla i Stortinget. Den eine er eit budsjett som er vedteke, med økonomiske føresetnader, og då snakkar vi om vedtak. Etter det har Stortinget behandla kompetansemeldinga, kor ein har ytra seg i merknads form, som sjølvsagt òg skal takast omsyn til, men som likevel i vekt vil telje på ein annan måte enn eit vedtak. Derfor er det mi klare oppfatning at det i inneverande år er rett å styre ut frå det som er Stortingets vedtak, men når ein førebur neste år, bør ein grundig vurdere både det Stortinget har sagt om § 20-ordningane og prinsippet om likebehandling og kome med framlegg til konklusjonar i budsjettproposisjonen for neste år.