Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10

Dato: 17.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 30

Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«NRK Radio kan melde at mange foreldre nå tar barn ut av skolefritidsordninger etter kraftige prishopp i mange kommuner. Økte priser skyldes delvis redusert statstilskudd og delvis en anstrengt kommuneøkonomi.

Var dette en forventet utvikling som følge av redusert statstilskudd, eller vil statsråden ta initiativ til tiltak for å sikre at flere barn kan nyttiggjøre seg tilbudet om skolefritidsordning?»

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil fyrst gjere merksam på at det berre er stikkprøver NRK Radio har teke. Skulesjefens kontor i Oslo har dessutan opplyst til departementet at reduksjonen i skulefritidsordninga i Oslo er på 605 plassar, og ikkje 1 300 plassar, som NRK kunne melde – altså langt under halvparten. Rapportar frå kommunane med tal på barn i skulefritidsordninga pr. 1. mars 1999 vert sende utdanningskontora innan 31. mars i år. Desse rapportane vil gje informasjon om talet på plassar i skulefritidsordninga våren 1999, og om reduksjonen er større enn vanleg.

Kvart år sidan hausten 1995 har det vore nedgang i barnetalet i skulefritidsordninga frå haust til vår. På landsbasis har denne årlege nedgangen vore om lag 4 pst., men dette talet varierer frå år til år og mellom fylka. Det er med andre ord vanleg at det er ein viss reduksjon i talet på plassar i skulefritidsordninga frå haustrapporteringa til vårrapporteringa.

Under føresetnad av at kommunane sitt totale kostnadsnivå, og deira del av kostnadene, ikkje vert endra, vil reduksjonen i dei statlege satsane medføre ein auke i foreldrebetalinga på om lag 92 kr pr. månad for opphaldstid på 6 – 14 timar pr. veke, og om lag 131 kr pr. månad for opphaldstid på 15 timar eller meir pr. veke. Kommunane står elles fritt til å finansiere skulefritidsordninga utover det dei er pålagde gjennom forskrifta.

Ny § 42 i grunnskulelova om skulefritidsordninga med forskrifter vart sett i kraft 1. januar 1999. Denne er meint å medverke til å gje skulefritidstilbodet trygg forankring i kommunane og sikre kvaliteten på tilbodet. Eg understrekar òg at departementet vil fylgje situasjonen i skulefritidsordninga nøye i tida som kjem, men gjer merksam på at alle budsjett er handsama og gjeld eitt år om gongen.

Rolf Reikvam (SV): En oppsummering av dette svaret er at statsråden vil følge utviklingen nøye – det var på mange måter konklusjonen.

Jeg syns nok at situasjonen er mer dramatisk enn som så. Det faktiske forhold er jo at regjeringspartiene sammen med Høyre og Fremskrittspartiet kuttet ca. 130 mill. kr på skolefritidsordningen fra 1998 til 1999. Vi antydet allerede den gangen at dette ville føre til en dramatisk prisøkning. Det prøvde Regjeringen, iallfall en del av Regjeringen, å bagatellisere, og jeg føler at statsråden gjør noe av det samme nå, ved å si at prisøkningen vil være på 92 kr/131 kr, avhengig av at det bare er statstilskuddet som blir borte.

Situasjonen er – helt åpenbart, selv om vi mangler en fullstendig statistikk – at det har vært en dramatisk prisøkning. Flertallet i Stortinget gav i det øyeblikket de kuttet 30 pst. på de øremerkede tilskudd et signal til kommunene om at de også måtte kutte – det er ikke så rart om de tok signalet på den måten. Så mitt tilleggsspørsmål er: Vil statsråden i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett vurdere den situasjonen som er oppstått og eventuelt komme tilbake med forslag til tilleggsbevilgninger?

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur eg vil prøve å supplere den forståinga representanten Reikvam hadde av mitt svar: Det er heilt rett at eg vil fylgje situasjonen. Det andre eg vil seie, er at tala, som er stikkprøver, viser seg å vere ganske dårleg kvalitetssikra – eg nemnde Oslo som det eine eksemplet.

Reikvam prøvde å seie at statsråden ikkje har teke med heile biletet når det gjeld prisauken. Til det vil eg svare: Det som kjem av 130 mill. kr, er dei tala eg nemnde. Men eg erkjenner, som representanten Reikvam, at fylka og kommunane har ein tøff økonomi, og det kan òg gje ein del andre utslag.

Som eg sa: Budsjettet er vedteke for det året vi er inne i. Samstundes har vi spesielt bede om å få tal som viser utviklinga, tal som vi vil ha på vårt bord 31. mars. Det er klart at alle rapportar vil måtte vurderast ut frå om det er behov i forhold til revidert nasjonalbudsjett, men i utgangspunktet er det ikkje grunnlag for tilleggsløyvingar.