Stortinget - Møte onsdag den 3. mars 1999 kl. 10

Dato: 03.03.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg skal tillate meg å stille eit spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren. Men før eg gjer det, vil eg på bakgrunn av ein inkurie be om å få lov til å endre ordlyden noko i spørsmålet. Det er for så vidt ikkje noka endring av innhaldet i spørsmålet, og det er i forståing med statsråden. Om presidenten tillèt det, gjer eg det.

Presidenten: Presidenten vil tillate det.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Da skal spørsmålet lyde:

«Av forslag til ny § 3-9 i opplæringslova» – altså ikkje «Av opplæringslova», som det opprinneleg stod – «går det fram at hørselshemma ungdom har lovfesta rett til vidaregåande opplæring på teiknspråk eller ved bruk av tolk.

Korleis vil statsråden forvalte og organisere skuletolketenesta slik at retten til å velje utdanning med bruk av tolk blir reell og uavhengig av bustad?»

Statsråd Jon Lilletun: På bakgrunn av korreksjonen av spørsmålet vil eg gje følgjande svar:

Høyringsfristen for det utkastet som er på høyring, er 5. mars, og Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon om denne saka i mai. Forslaget er ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om teiknspråk i vidaregåande opplæring på grunnlag av Innst. S. nr. 275 for 1996-97.

Det er fleire tiltak som bør vere på plass før rettane etter forslaget kan setjast i verk, m.a. arbeid for å få til ei betre tolkeutdanning. Det er eit problem at det generelt er mangel på ferdig utdanna tolkar, men departementet arbeider for å styrkje rekrutteringa til tolkeutdanninga. Mellom anna har Høgskulen i Sør-Trøndelag som eit rekrutteringstiltak etablert eit årsstudium i teiknspråk for høyrande. Eg er kjend med at Universitetet i Oslo vurderer å etablere eit tilsvarande grunnfag. Desse tiltaka er ei oppfølging av omtalen i St.meld. nr. 8 for 1998-99, Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001.

I nemnde handlingsplan står det òg at departementet vil fylgje opp spørsmålet om organisering av tolketeneste for døve på ulike utdanningsnivå. Tolketenesta ved hjelpemiddelsentralane har ansvar for å skaffe tolk til alle situasjonar der hørselshemma har behov for tolk, med unntak av tolk i ordinær opplæringssituasjon. Det er i dag kommunane sitt ansvar å sørgje for tolketeneste for døve elevar i grunnskulen, og det er fylkeskommunane sitt ansvar i den vidaregåande opplæringa. Fleire rapportar viser at det er manglande styring med og samordning av døvetolkinga i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.

Hjelpemiddelsentralen i Sør-Trøndelag har gjennomført eit svært interessant prosjekt som har gått over tre år, der hjelpemiddelsentralen koordinerte og administrerte alle typar tolking i fylket. Med bakgrunn i erfaringane frå dette prosjektet har Sosial- og helsedepartementet sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå nærare på korleis skuletolkinga bør organiserast. Gruppa skulle etter planen leggje fram sluttrapport før jul i 1997. At rapporten enno ikkje ligg føre, viser vel at dette området er problematisk. Eg er likevel gjord kjent med at sluttrapporten vil verte oversend frå Rikstrygdeverket innan kort tid, truleg før 1. mai 1999. Regjeringa, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet, vil deretter kunne vurdere kva som vil vere ei høveleg organisering av skuletolkinga for døve. Siktemålet må vere å få til eit heilskapleg tolketilbod som er i samsvar med brukarane sine behov.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret. Det er korrekt at det er ei oppfølging av Innst. S. nr. 275 for 1996-97, men det er òg ei oppfølging av Stortinget si behandling av opplæringslova og St.meld. nr. 23 for 1997-98, så det er bra.

Eg er kjend med det svaret statsråden gav til representanten Simonsen den 17. desember 1997, altså for vel eit år sidan, om at Sosial- og helsedepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe. At tidsplanen – før jul 1997 – ikkje heldt, slik statsråden nemnde, får ein berre ta til orientering. Statsråden ymta nå om at datoen truleg kan bli før 1. mai, det får me òg ta til orientering. Men eg må legge til at det har også blitt sagt første kvartal 1997.

Når det gjeld tolkeutdanninga, vil eg spørje statsråden om kva departementet har gjort i den samanhengen. Altså konkret: Kor aktivt har departementet jobba med å rekruttere til tolketenesta?

Statsråd Jon Lilletun: Det er mogeleg det har vore sagt fyrste kvartal 1997, det var i så fall av ein annan statsråd.

Det eg tek ansvar for og seier meg lei for på vegner av Regjeringa, er sjølvsagt at det har gått så lang tid før vi har fått denne rapporten som vi no ventar på. Det er min klare føresetnad at den no kjem på bordet til den nemnde datoen, og at vi då kan vidareføre arbeidet på den måten som eg skisserte i det fyrste svaret mitt.

Når det gjeld rekruttering elles, er det klart at det framfor alt er på utdanningssida det gjeld om å få bygt opp og rekuttert til tolketenesta for døve. Det er dette departementet har lagt hovudvekta på, og det vil vi halde fram med.