Stortinget - Møte onsdag den 14. april 1999 kl. 10

Dato: 14.04.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 11

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Ifølge oppslag i Aftenposten Aften 3. mars 1999 viser brukerundersøkelser i Lånekassen at rundt 80 pst. av kundene i Lånekassen ikke kjenner sine rettigheter dersom de for eksempel blir syke, gravide eller uføre.

Hva vil statsråden gjøre for å rette opp dette?»

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil ikkje på nokon måte bagatellisere opplysningane som er komne fram i pressa om kva studentar flest kjenner til om dei reglane som gjeld når dei vert sjuke, får barn eller vert uføre. Men eg har fått opplyst frå Lånekassa at spørsmålet i brukarundersøkinga var stilt slik at studentane skulle merkje av på ein skala kor mykjedei visste om ordningane. Det er altså ikkje slik at det er rundt 80 pst. som ikkjeveit at ordningane finst. Dette er ein viktig nyanseskilnad som har vorte borte i presentasjonane av saka i media. Eg meiner det er viktig at dei som har bruk for det, veit at det finst ei ordning, og at dei kan orientere seg nærmare når det vert aktuelt. Her gjer Lånekassa ein god jobb. Til dømes går det fram av avisene at ein norsk student i USA som vart skadd i ryggen no i januar, søkte orientering i Lånekassa og fekk beskjed om reglane for omgjering av lån til stipend ved sjukdom. Og når det gjeld t.d. fødselsstipendet, vert det på søknadsblanketten spurt om søkjaren ventar barn i undervisningsåret. Gjer ho det, får ho saman med behandlingsresultatet nødvendig informasjon om kva ho treng å gjere for å få fødselsstipendet.

Kvart år sender Lånekassa ut brosjyrar til alle lærestadene, der m.a. dei særlege ordningane som gjeld ved sjukdom, fødsel og uførleik, er omtala. I tillegg er det fastsett rett så romslege fristar for å gjere krav på ytingane. På skriftleg materiale som vert sendt ut frå Lånekassa, m.a. på søknadsblankettane som alle studentar og elevar får kvart år, står adressa til Lånekassa sine Internett-sider, der alle ordningane er omtala, og nummeret til den automatiske telefontenesta, der brosjyrar og blankettar kan bestillast. Vidare skal kvar lærestad ha personar som er ansvarlege for at studentar og elevar får relevant informasjon. Desse informatørane vert kvar vår innbedne til eit orienteringsmøte der Lånekassa gjer greie for regelverket og dei endringane som har funne stad.

Det vert altså alt i dag gjort eit stort arbeid for å informere kundane i Lånekassa. Lånekassa opplyser at det er planlagt ei gradvis utvikling av opplysningssidene på Internett med det målet at dette skal verte den viktigaste informasjonskanalen for elevar og studentar om nokre år. Vidare har Lånekassa opplyst at brukarundersøkinga no vert gått gjennom med sikte på eventuelt ytterlegare tiltak. Eg vil fylgje utviklinga av informasjonsverksemda i Lånekassa nøye, men eg vil likevel minne om at det er eit budsjettspørsmål kor mykje Lånekassa skal bruke på informasjonstiltak.

Det har òg vore trekt fram at mangelen på kunnskap om ordningane kan skyldast at reglane er kompliserte, og det har eg teke skritt for å gjere noko med. Eg fekk sett ned eit utval i fjor haust som skal sjå på reglane i Lånekassa, og m.a. leggje vekt på forenkling. Utvalet skal leggje fram rapport til 1. november i år. Men vi skal vere merksame på at store forenklingar kan gå ut over omsynet til særlege reglar for svake grupper.

Asmund Kristoffersen hadde her overtatt presidentplassen.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil takke statsråden for svaret – det var en nyttig presisering statsråden kunne gi.

Det er tydelig at vi er enige om at det er et verdifullt trekk ved Lånekassen at det finnes sosiale ordninger. Spesielt i en tid hvor det har vært en del uro omkring rentenivået i Lånekassen har det vært viktig å få frem disse sosiale ordningene som er med på å gjøre Lånekassen til det den er: ikke en bank tilfeldigvis eid av staten, men et utdanningspolitisk virkemiddel.

Dessverre er det likevel et problem at veldig mange får betalingsproblemer. I 1998 ble over 376 mill. kr innbrakt ved hjelp av inkasso, og antall inkassosaker gikk opp fra 33 000 i 1997 til 38 200 i 1998. Så det det er naturlig å spørre om, er om statsråden tror det kan være noen sammenheng mellom det store antallet kunder med betalingsproblemer og den informasjonen Lånekassen gir om rettigheter. Det vil etter mitt syn være nødvendig å undersøke om det er en sånn sammenheng, for å se om man da kan redusere behovet for bruk av inkasso gjennom bedre informasjon om muligheter for betalingslettelser. Selv om dette er et budsjettspørsmål, kan det jo være grunn til å spørre seg om det kan lønne seg å bruke mindre inkasso – hvis man får bedre informasjon.

Statsråd Jon Lilletun: Eg konstaterer med glede at representanten Konglevoll og eg er samde om at Lånekassa framleis skal vere eit utdanningspolitisk verkemiddel. Det var viktig då vi tok avgjerd om fastrenteordninga, at desse særlege ordningane skulle liggje i botnen.

Eg skal ikkje sjå bort frå at representanten Konglevoll har eit poeng når ho seier at det er ein samanheng mellom informasjon og inkassosaker. Det som likevel er gledeleg, er at den siste brukarundersøkinga viser at det er ei radikal forbetring i synet på Lånekassa frå brukarane si side i forhold til den førre undersøkinga for nokre år sidan. Det betyr at informasjonen har vorte mykje betre, og at ein opplever servicen som betre.

Likevel er det opplagt framleis forbetringspotensial. Om den problemstillinga som er reist her, er med i brukarundersøkinga, skal ikkje eg ha sagt noko om, men eg tek den med i den jamlege dialogen vi har med Lånekassa i forhold til desse spørsmåla.