Stortinget - Møte onsdag den 14. april 1999 kl. 10

Dato: 14.04.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 13

Ursula Evje (Frp): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun:

«Rundskriv F 96-98 har medført at blant annet Sveio kommune i Hordaland har kommet i skade for å legge opplæringsloven til grunn ved behandlingen av nedleggelse av grendeskoler – dette selv om opplæringsloven ikke kan anses å ha trådt i kraft for dette forhold, noe også fylkesmannen bekrefter etter lovlighetskontroll.

Vil statsråden ta initiativ til å klargjøre nærmere hvilke deler av opplæringsloven som har trådt i kraft?»

Statsråd Jon Lilletun: Ved kgl. resolusjon av 27. november 1998 vart det bestemt at opplæringslova trer i kraft 1. august 1999, med m.a. eitt viktig unntak: Lova vart sett i kraft straks for enkeltvedtak og forskrifter som fastset rettar og plikter for elevane frå og med skuleåret 1999-2000.

Fylkeskommunane og kommunane vart informerte om avgjerda i eige rundskriv datert 30. november 1998. Rundskrivet gjev etter mi meining klar informasjon om korleis kommunane skal gå fram når dei tek stilling til elevane sine rettar og plikter. I tillegg informerer departementet kommunane gjennom Statens Utdanningskontor.

Vedtak om skulenedlegging i Sveio kommune 7. desember 1998 har vore til lovlegkontroll ved Statens Utdanningskontor i Hordaland. Utdanningskontoret fann at vedtaket var lovleg. At det hadde vore uklart kva reglar som skulle gjelde for saksbehandlinga i kommunen, hadde etter utdanningskontoret si vurdering ikkje noko å seie for utfallet av saka.

Det kan skje enkelte formelle feil i ein overgangsperiode mellom ny og gammal lov. Spørsmåla som oppstår i ei overgangstid mellom dei to lovverka, er mangearta, og kan vanskeleg løysast gjennom fleire skriv frå departementet. Eg vil leggje vekt på og medverke til rettleiing til kommunane om lova i tida som kjem. Eg har i denne samanhengen meir tru på konkret rettleiing frå utdanningskontora til dei kommunane som har spørsmål om overgangsordningane. Dette er eit arbeid som vil gå for fullt fram til sommaren.

Ursula Evje (Frp): Jeg vil takke statsråden for et grundig svar.

I tillegg vil jeg stille spørsmål om dette som gjelder «bærende prinsipp». Det er et bærende prinsipp at saker skal vedtas når de er tilstrekkelig belyst. Prinsippet som sådan kan ikke være mindre viktig ved nedleggelse av skoler i distriktene. Vil statsråden ta initiativ for om mulig å klargjøre dette viktige prinsipp også i saker som vedrører skolen?

En god start ville etter min mening være at det, når det gjelder noe så alvorlig for barn som skolenedleggelse, utarbeides en konsekvensutredning som tar utgangspunkt i både økonomi, tilhørighet til nærmiljøet, kunnskapsformidling og bevaring av levedyktige tettsteder på kort og lang sikt.

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur at den nye opplæringslova i større grad enn den førre sikrar at foreldra får høve til å uttale seg. No er det ført inn i lova som eit pålegg, det var det ikkje tidlegare.

Det er ikkje tvil om at mange foreldre i slike saker har følt at dei har hatt problem med å vite kva dei kan få hjelp til, kva saksbehandling dei kan krevje, og kva innverknad dei kan ha.

Eg har saman med kommunalministeren hatt eit møte med Landslaget for udelte og fådelte skular. Etter møtet inviterte eg leiaren og andre frå dette landslaget til å kome på eit møte med utdanningsdirektørane, der utdanningsdirektørane vart gjorde merksame på korleis mange foreldre følte dette. Det var for å prøve å gje ein større grad av forståing for service til foreldre i slike saker frå utdanningskontora si side. Derfor meiner eg vi har sett i verk ein del tiltak som skal styrkje foreldra sin situasjon i samband med slik saksbehandling.

Ursula Evje (Frp): Jeg er glad for at statsråden har tatt skritt for å sikre foreldremedvirkning. Men det var faktisk ikke det dette spørsmålet gjaldt. Det gjaldt kommunens plikt til å foreta konsekvensutredninger i en saksbehandlingsperiode. Og statsråden er vel ikke av den oppfatning at arealsaker trenger konsekvensutredninger, mens barns trygghet og oppvekst er mindre viktig.

Statsråd Jon Lilletun: Eg skal i og for seg gje representanten Evje rett i at svaret var litt på sida av det ho spurde om, men eg trur det er viktig informasjon i forhold til intensjonen og det som representanten Evje er oppteken av, nemleg retten til foreldra i denne samanhengen.

Det er ut frå kommunelova tvilsamt om ein kan seie at kommunane skal drive med den typen konsekvensutgreiing som representanten Evje no etterlyser. Likevel vil eg ikkje på ståande fot seie verken ja eller nei. Det eg vil seie, er at eg skal ta med meg problemstillinga tilbake. Så vil eg gje representanten Evje eit skriftleg svar ut frå den problemstillinga ho tok opp, då eg ikkje over bordet er trygg nok når det gjeld den lova.