Stortinget - Møte onsdag den 14. april 1999 kl. 10

Dato: 14.04.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 15

Tomas Norvoll (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren.

«Stortinget har vedtatt at det foretas en grundig gjennomgang av situasjonen på IT-området for å tilpasse utdanningskapasiteten til fremtidige behov. Hva har statsråden gjort for å følge dette opp?»

Statsråd Jon Lilletun: Det er ei stor utfordring å møte behova for IT-kompetanse i samfunns- og arbeidsliv og ha ein kapasitet innanfor utdanning som er tilpassa framtidige behov. IT og annan teknologisk kompetanse er ein avgjerande faktor for nyskaping og økonomisk vekst. Satsing på IT i utdanninga må gjelde alle nivå og fagområde.

Innanfor vidaregåande opplæring er det vedteke å etablere eit nytt lærefag, IKT-driftsfag, som etter planen skal setjast i gang frå og med august 1999. På oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har Statistisk sentralbyrå gjennomført undersøkingar om IT i grunn- og vidaregåande opplæring i 1997, og IT i lærarutdanninga i 1998.

Når det gjeld høgre utdanning, ligg det føre ulike dokument og uttgreiingar med vurderingar av behov for utdanningskapasitet innanfor IT. Slike vurderingar er m.a. gjort av Arbeidsdirektoratet, Det norske universitetsråd, Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning – NIFU – og i ei rekkje dokument frå Nærings- og handelsdepartementet. Kartleggingar av utdanningsbehov i desse dokumenta har vore del av grunnlaget for IT-satsinga innanfor høgre utdanning. Utdanningskapasitet innanfor IT vert òg vurdert i stortingsmeldinga om prinsipp for dimensjoneringa av høgre utdanning som skal leggjast fram i vår.

Det har dei seinaste åra vorte tildelt nye studieplassar til IT-studium. Den største satsinga var i 1998 då det vart fordelt 835 studieplassar. Ved fordeling av dei nye studieplassane vart det teke omsyn til ei best mogleg regional fordeling. Det auka opptaket er ført vidare i 1999. Dette skal skje ved omdisponering ved institusjonane og ved tildeling av 515 nye studieplassar. I tillegg til denne satsinga har òg ein del høgskular omdisponert kapasitet til ulike IT-studium frå studium der det har vore ledige studieplassar. Den Polytekniske Høgskulen har også hatt ein kraftig vekst innanfor IT-utdanning, og har såleis medverka til å møte behova.

Jenter har i langt mindre grad enn gutar søkt seg til dei lange IT-studia. Ved NTNU vart det derfor i 1997, på linje for datateknikk, oppretta ein eigen kvote for jenter, og 36 jenter vart tekne opp på denne. Prosjektet er vidareført i 1998 og 1999. Departementet har òg gjennom dei siste fire åra løyvd 1 mill. kr årleg til ulike jente- og IT-prosjekt innanfor forsking og utvikling, m.a. for å stimulere til auka rekruttering.

Etterspurnaden etter IT-kompetanse har vore svingande, avhengig av konjunkturane. For ikkje så mange år sidan var etterspurnaden relativt svak, mens behovet dei siste åra har vore større enn tilgangen på kvalifisert arbeidskraft. Nye signal frå arbeidslivet og studiar om den økonomiske utviklinga viser at det er usikkert korleis etterspurnaden vil verte framover.

Det tek fleire år før opptrappinga innanfor høgre IT-utdanning gjev seg utslag i tilsvarande auke i tal på kandidatar. Det ligg altså no til rette for at det om få år vil verte utdanna langt fleire personar med høgre IT-utdanning enn i dag.

Det har i seinare tid vore mykje fokusering på utdanning av IT-spesialistar. Det er òg behov for auka aktivitet innanfor eit breiare felt og mot ei større målgruppe. Det er mogleg å integrere IT i ei rekkje fag og utdanningar. Vidare utviklar stadig fleire institusjonar sjølvstendige IT-studium for ulike målgrupper, som økonomar, lærarar og personell i helse- og sosialsektoren. Det ligg til rette for ei vidare styrking på dette feltet.

Utviklinga på IT-området må fylgjast særskilt, m.a. ved å fange opp signal frå – og gjennom samarbeid med – arbeids- og næringsliv og andre. Målet er sjølvsagt at vi på ein best mogleg måte kan gjere utdanningsinstitusjonane i stand til å møte behov for IT-kompetanse gjennom eit breitt og variert tilbod.

Tomas Norvoll (A): Jeg vil takke statsråden for svaret, som var en ganske grei gjennomgang av hva som har skjedd de siste par årene for å styrke IT-utdanningen. Det er noe som alle partier har stått mer eller mindre samlet om her i salen, og det er veldig bra at det ikke har vært en voldsom politisk polemikk rundt dette.

Men jeg savner litt tanker og visjoner framover. Kan man tolke statsråden dit at det er i kombinasjonsutdanningen han ser for seg at veksten skal komme? Det var vel omtrent det eneste jeg greide å snappe opp av nye ting man så framover. Når vil den grundige gjennomgangen som Stortinget har bedt om, bli foretatt, og når vil det komme noe konkret ut av det? Vil Stortinget få dette til behandling, eller vil det være noe man gjør i en handlingsplan eller noe slikt i departementet? Jeg savner noe som er litt mer framtidsrettet: Hva skal skje framover, og på hvilken måte skal vi sikre at vi får en utdanningskapasitet som står i stil med den etterspørselen som er ute i samfunnet?

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur det er heilt riktig som representanten Norvoll sa, at det har vore stor tverrpolitisk semje om den satsinga som har skjedd dei siste par åra.

Det som skal skje vidare, vil ikkje minst kome i dimensjoneringsmeldinga, som Stortinget får til behandling i løpet av våren. Vidare vil det òg verte satsa på ei fornying av handlingsplanen for IT i grunnskulen. Den vil det verte orientert om i forhold til statsbudsjettet. I dei dokumenta som kjem i tida framover, vil ein derfor få ein ganske god gjennomgang. Eg meiner faktisk at ein i denne saka har handla kontinuerleg ut frå dei behova som ligg føre, samtidig som ein har drive analysar og langsiktig planlegging. Her har ein klart å finne balansen. Eg håper dei dokumenta som kjem, vil stadfeste det.

Tomas Norvoll (A): Satsingen på IT har en dobbel funksjon. Det ene er at en får utdannet personer med den kompetansen, men IT er også et verktøy som kan bringe en annen type utdanning til folk ute i distriktene, til folk som ellers ikke kan flytte inn til byene for å gå på skole. Derfor er det viktig at vi blir enige om at det skal være en sterk satsing på dette området, og her føler jeg at vi er langt på vei .

Men det er én ting jeg ønsker å spørre statsråden om nå på tampen. I evalueringsmeldingen for Reform 94 blir det antydet at det nye grunnkurset som Stortinget har vedtatt, som nettopp er et svar på de kravene som samfunnet har for å få utdannet flere folk innenfor denne sektoren, kanskje ikke kan være oppe og stå før høsten 2001. Jeg synes nok det er noe i seneste laget. Nå skal jo den saken behandles i Stortinget, så vi vil komme tilbake til det da, men jeg vil likevel gjerne ha statsrådens kommentar til det.

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg minne om den satsinga som kjem allereie frå hausten av, slik eg orienterte om i mitt fyrste svar, og som er kjent i Stortinget frå tidlegare.

Når det gjeld dei to nye grunnkursa, er grunnen til det framlegget som ligg her, at ein har teke omsyn til ein annan del av det som er Reform 94-evalueringa. Anten ein er positiv eller negativ til reforma – og for det meste er det jo mykje positivt – er det ein ting som ein er nokså samstemt om, og det er at tempoet var for høgt. Derfor vil vi denne gongen vere sikre på når det gjeld arbeidet med desse grunnkursa, at alle som bør trekkjast inn, vert trekte inn, slik at vi ikkje ein gong til får den same kritikken, at hadde ein brukt nok høyringar, hadde ein brukt nok dialog, hadde ein fått tenkt tilstrekkeleg igjennom, då ville ein del av dei problema ein fekk, vore unngått.