Astrid Marie Nistad (A): Eg vil gjerne stille følgjande spørsmål
til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
«I samband med sal av prestegarden
i Jostedal vil ikkje Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet selje
garden under eitt, men bit for bit. På NRK Sogn og Fjordane
vart det uttalt av ein embetsmann i departementet at her vart prioritert økonomi
og ikkje distriktspolitikk. Ved sal til ein familie vil ein sikre
fullverdig drift av garden og ein ny familie til bygda.
Er dette i tråd med Regjeringa si
politiske målsetting om at distrikta skal leve?»
Statsråd Jon Lilletun: Prestegardane er eigde av Opplysningsvesenets
fond, eit eige rettssubjekt, og forvaltninga skal drivast på forretningsmessig
best mogleg vis. Prestebustaden i Jostedal har stått tom
i fleire år utan interesse for leige, og det har ikkje
budd prest i bustaden sidan 1974. Då departementet etter
synfaring i 1997 tok ei avgjerd om sal, var dette med eit ynske
om at interesserte kunne setje huset i stand og busetje seg der.
Jorda på garden har vore leigd ut som tilleggsjord til
naboeigedommar sidan 1950-talet. Driftsbygningen står på eit
jorde eit stykke unna prestebustaden, og har ikkje vore i bruk sidan den
vart bygd i 1949. Den er i dårleg stand og tilfredsstiller
ikkje dei krava som vert stilte til driftsbygningar i dag. Prestebustad
og driftsbygning har ikkje felles tun.
Sett i samanheng meinte vi at manglande vedlikehald på bygningane
og dårleg driftsapparat ikkje gjorde det tenleg å selje
garden som ei driftseining. Eit samla sal ville i tillegg krevje
utgreiing av felles utmarksrettar, noko som i så fall ville
trekkje salet ut i tid. Av omsyn til tilstanden på bygningane
såg vi ikkje det tilrådeleg.
Ved sal av prestegardar til paktarar har paktar
førerett til kjøp, og i desse tilfella vert gardane
selde som ei eining. I tilfellet Jostedalen prestegard er det ingen
paktar. Eit delt sal vil samstundes kunne styrkje eksisterande bruk
med tilleggsjord.
Eg er nyleg blitt kjend med at det etter at
delingssøknad vart send kommunen, har meldt seg ein søkjar
til heile eigedomen. Departementet vil vurdere denne søknaden
mot dei andre omsyna eg har gjort greie for. Eg vil vidare avvente
kommunen si handsaming av saka. Men eg meiner at løysinga
med delt sal kan vere med på å sikre
busetjinga i bygda gjennom å gje ein familie tilbod om bustad,
samtidig som ein tryggjer levekåra for eksisterande bruk.
Astrid Marie Nistad (A): Når det gjeld Opplysningsvesenets
fond, går eg ut frå at det er statsråden
som politisk ansvarleg som kan gripe inn i eventuelle sal her og gjere
det slik at ein kan oppfylle dei krava som vi kanskje set til distriktspolitikk
i slike samanhengar. Men slutten av svaret følte eg gav
ei opning for at ein ung familie som ønskjer å kjøpe
ein gard og busette seg i ei bygd som har fråflyttingstendensar,
vil verte positivt motteken i departementet, med den tilråding
kommunen eventuelt måtte gi. Eg er kjend med at Luster
kommune faktisk er oppteken av å selje heile eigedommar
til familiar som vil busette seg i bygda, så eg trur faktisk
at eg her frå denne talarstolen kan seie at utsegna frå kommunen
kjem til å vere positiv. Med bakgrunn i det vil eg få stadfesta
at dersom det kjem ei positiv utsegn frå kommunen når
det gjeld sal til denne unge familien, vil departementet omgjere
sitt vedtak.
Statsråd Jon Lilletun: Sjølvsagt er det statsråden som
er ansvarleg for forvaltninga av Opplysningsvesenets fond, og det
ansvaret er todelt. Ein skal ta seg av fondet og forvaltninga av
det i samsvar med dei vedtaka som Stortinget har gjort som hovudretningslinje,
men ein skal òg sjølvsagt innafor det mandatet
sjå til å oppfylle dei måla som representanten
Nistad snakkar om. Det som heilt klart har vorte eit nytt moment
for statsråden i saka, er dette ynsket frå ein kjøpar. Eg tykkjer då det
er veldig trygt at kommunen sine landbruksmyndigheiter kjem til å behandle
kva det er som tener busetjinga best, anten ei deling og tilleggsjord
til nokon, eller eitt bruk. Det vil vi då få svar
på, og det svaret kjem til å verte svært
avgjerande for mi endelege vurdering av saka.