Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 1999 kl. 10

Dato: 26.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Astrid Marie Nistad (A): Eg vil gjerne stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«I samband med sal av prestegarden i Jostedal vil ikkje Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet selje garden under eitt, men bit for bit. På NRK Sogn og Fjordane vart det uttalt av ein embetsmann i departementet at her vart prioritert økonomi og ikkje distriktspolitikk. Ved sal til ein familie vil ein sikre fullverdig drift av garden og ein ny familie til bygda.

Er dette i tråd med Regjeringa si politiske målsetting om at distrikta skal leve?»

Statsråd Jon Lilletun: Prestegardane er eigde av Opplysningsvesenets fond, eit eige rettssubjekt, og forvaltninga skal drivast på forretningsmessig best mogleg vis. Prestebustaden i Jostedal har stått tom i fleire år utan interesse for leige, og det har ikkje budd prest i bustaden sidan 1974. Då departementet etter synfaring i 1997 tok ei avgjerd om sal, var dette med eit ynske om at interesserte kunne setje huset i stand og busetje seg der. Jorda på garden har vore leigd ut som tilleggsjord til naboeigedommar sidan 1950-talet. Driftsbygningen står på eit jorde eit stykke unna prestebustaden, og har ikkje vore i bruk sidan den vart bygd i 1949. Den er i dårleg stand og tilfredsstiller ikkje dei krava som vert stilte til driftsbygningar i dag. Prestebustad og driftsbygning har ikkje felles tun.

Sett i samanheng meinte vi at manglande vedlikehald på bygningane og dårleg driftsapparat ikkje gjorde det tenleg å selje garden som ei driftseining. Eit samla sal ville i tillegg krevje utgreiing av felles utmarksrettar, noko som i så fall ville trekkje salet ut i tid. Av omsyn til tilstanden på bygningane såg vi ikkje det tilrådeleg.

Ved sal av prestegardar til paktarar har paktar førerett til kjøp, og i desse tilfella vert gardane selde som ei eining. I tilfellet Jostedalen prestegard er det ingen paktar. Eit delt sal vil samstundes kunne styrkje eksisterande bruk med tilleggsjord.

Eg er nyleg blitt kjend med at det etter at delingssøknad vart send kommunen, har meldt seg ein søkjar til heile eigedomen. Departementet vil vurdere denne søknaden mot dei andre omsyna eg har gjort greie for. Eg vil vidare avvente kommunen si handsaming av saka. Men eg meiner at løysinga med delt sal kan vere med på å sikre busetjinga i bygda gjennom å gje ein familie tilbod om bustad, samtidig som ein tryggjer levekåra for eksisterande bruk.

Astrid Marie Nistad (A): Når det gjeld Opplysningsvesenets fond, går eg ut frå at det er statsråden som politisk ansvarleg som kan gripe inn i eventuelle sal her og gjere det slik at ein kan oppfylle dei krava som vi kanskje set til distriktspolitikk i slike samanhengar. Men slutten av svaret følte eg gav ei opning for at ein ung familie som ønskjer å kjøpe ein gard og busette seg i ei bygd som har fråflyttingstendensar, vil verte positivt motteken i departementet, med den tilråding kommunen eventuelt måtte gi. Eg er kjend med at Luster kommune faktisk er oppteken av å selje heile eigedommar til familiar som vil busette seg i bygda, så eg trur faktisk at eg her frå denne talarstolen kan seie at utsegna frå kommunen kjem til å vere positiv. Med bakgrunn i det vil eg få stadfesta at dersom det kjem ei positiv utsegn frå kommunen når det gjeld sal til denne unge familien, vil departementet omgjere sitt vedtak.

Statsråd Jon Lilletun: Sjølvsagt er det statsråden som er ansvarleg for forvaltninga av Opplysningsvesenets fond, og det ansvaret er todelt. Ein skal ta seg av fondet og forvaltninga av det i samsvar med dei vedtaka som Stortinget har gjort som hovudretningslinje, men ein skal òg sjølvsagt innafor det mandatet sjå til å oppfylle dei måla som representanten Nistad snakkar om. Det som heilt klart har vorte eit nytt moment for statsråden i saka, er dette ynsket frå ein kjøpar. Eg tykkjer då det er veldig trygt at kommunen sine landbruksmyndigheiter kjem til å behandle kva det er som tener busetjinga best, anten ei deling og tilleggsjord til nokon, eller eitt bruk. Det vil vi då få svar på, og det svaret kjem til å verte svært avgjerande for mi endelege vurdering av saka.