Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål
til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Akershus fylkeskommune avslutter
nå «Prosjekt delkompetanse», et treårig
nasjonalt utviklingsarbeid i samarbeid med Kirke-, utdannings- og
forskningsdepartementet. Nord-Trøndelag fylkeskommune har
hatt et lignende nasjonalt prosjekt. Begge fylkeskommunene har utarbeidet
nye prosjekter basert på funnene. Dette er prosjekter som
faller innenfor rammene av arbeidet med å utvikle systemer
for vurdering av realkompetanse.
Vil statsråden gjennom statlige midler
sikre at disse viktige prosjektene kommer i gang?»
Statsråd Jon Lilletun: Prosjekta «Delkompetanse» og «Brukertilpasset
opplæring for voksne» har vore treårig
utviklingsarbeid i fem fylkeskommunar initierte av departementet.
Prosjekta vert no avslutta, og evalueringa vil liggje føre
i juni 1999. Dokumentasjon og verdsetjing av vaksne sin realkompetanse
har vore eit sentralt element i begge desse prosjekta. Gjennom arbeidet
er det vunne verdifull erfaring om korleis fylkeskommunane kan vurdere
realkompetanse ved opptak, «innfasing» og tilrettelegging
av opplæringa. Erfaringane frå prosjekta er i
prosjektperioden gjorde kjende gjennom konferansar og evalueringsrapportar.
Dei samla erfaringane frå prosjekta vil ved prosjektslutt
verte spreidde til fylkeskommunane.
Departementet fylgjer no opp Stortinget sitt
vedtak om dokumentasjon av realkompetanse gjennom eit treårig
prosjekt. Prosjektet tek sikte på å hjelpe alle
fylkeskommunane i arbeidet med å vidareutvikle verdsetjinga av
realkompetanse og få ei mest mogleg lik praktisering nasjonalt,
og fylka er inviterte til ein startkonferanse i september.
Eit system for dokumentasjon og verdsetjing
av realkompetanse må ha truverd både i arbeidslivet
og utdanningssystemet. Planane for dette prosjektet er difor utvikla
i nært samarbeid med partane i arbeidslivet, utdanningssystemet
og andre som tilbyr utdanning, og desse er med i ei sentral prosjektgruppe
for det vidare arbeidet. Målet for arbeidet er eit nasjonalt
system som gjev vaksne rett til å dokumentere
sin realkompetanse utan å måtte gå vegen
om tradisjonelle prøveordningar.
Prosjektplanane er m.a. baserte på dei
kunnskapar og erfaringar som er tileigna gjennom dei to prosjekta, «Brukertilpasset
opplæring for voksne» og «Delkompetanse».
Men eg kjenner òg til at fleire fylkeskommunar har tileigna
seg kompetanse gjennom eigne prosjekt, og at andre ligg i startgropa
med prosjektplanar. Departementet har difor i informasjonsbrev til
fylkeskommunane bedt om opplysningar om relevante prosjekt og erfaringar,
slik at dei kan inngå i eit samla erfaringsmateriale. Frist
for innsending er 10. juni 1999.
Departementet har alt teke imot fleire enkeltsøknader om
støtte til prosjekt knytte til dokumentasjon og verdsetjing
av realkompetanse, m.a. frå seks fylkeskommunar. Mellom
desse er Akershus, Nord-Trøndelag og Oppland, som har arbeidd
med dei nemnde prosjekta «Delkompetanse» og «Brukertilpasset
opplæring for voksne». Eg oppfattar representanten
Reikvam slik at han er oppteken av at desse fylka får fylgje
opp arbeidet sitt så raskt som råd er, gjennom
dei nye prosjekta. Eg har forståing for det, og departementet
vil gjere dei vurderingar som trengst, for å finne ut om
desse kan vidareførast raskt.
Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret.
Jeg hadde kanskje håpet at det hadde
vært noe mer positivt når det gjelder det arbeidet
som er gjort, og de funnene man har kommet fram til. På bakgrunn
av det er det utarbeidet et forslag til nye prosjekter som går
rett inn i det vi her snakker om, nemlig det treårige prosjektet
med sikte på å lage systemer for vurdering av
realkompetanse.
Jeg tror det er viktig at vi tar vare på det
som er utviklet, og de funnene vi har, og at vi ut fra
dette utvikler nye prosjekter og går videre på den
veien vi har startet på. I dette tilfellet er det to fylkeskommuner
som har startet på en bestemt vei. De har helt konkrete
forslag til oppfølging, og da er det viktig at
det kommer signaler fra departementet om at man er innstilt på å følge
opp dette og være med på å finansiere
de nye prosjektene som man her har lagt opp til. Det er et viktig
signal å få.
Jeg velger å tolke statsråden
slik at han vil ta et møte med fylkeskommunene og gå gjennom
disse prosjektene med sikte på å finne fram til
en praktisk ordning.
Statsråd Jon Lilletun: Eg forstår godt at representanten
Reikvam ynskjer at eg skal vere noko meir konkret. Eg er alltid
noko tilbakehalden med å saksbehandle frå Stortingets
talarstol, men etter at representanten Reikvam tok opp dette, har
eg sett på denne saka spesielt.
Sidan vi skal ha ein startkonferanse i september,
der ein skal leggje det totale grunnlaget, har ein vel tenkt å behandle
saka slik at det er klart innan den tid. Men ettersom det her er
nokon som har vore i gong med prosjekt og som allereie har planar
om å halde fram, og som då kan vinne inn tid for
oss, er eg innstilt på å invitere desse fylkeskommunane
nokså omgåande og prøve å kome fram
til ei løysing før sommarferien, slik at dei kan
få klarsignal til å gå vidare. Eg håpar
likevel representanten Reikvam har forståing for at eg
ikkje kan gje noko tal o.l. før vi har vore gjennom ei
behandling i lag med fylkeskommunane.
Rolf Reikvam (SV): Etter det som nå ble sagt, er jeg godt
fornøyd. Jeg forstår godt at vi ikke skal drive
saksbehandling fra Stortingets talerstol. Det var heller ikke det
som var mitt utgangspunkt. Jeg leverte inn spørsmålet
for flere dager siden, og dette er jo vurderinger som departementet
holder på med over lang tid. Men på bakgrunn av
det som statsråden nå sa, er jeg godt fornøyd.
Jeg oppfatter det slik at han tar kontakt med
fylkeskommunene og går igjennom dette, og ser om prosjektene
passer inn i det samlede bildet vi nå ser for oss. Jeg
håper at disse prosjektene og det arbeidet som man står
i startgropen med, kan komme i gang, slik at det blir en kontinuerlig
prosess i forhold til det de har holdt på med så langt.
Så på denne bakgrunn, at statsråden vil
ta disse initiativene i forhold til de to fylkeskommunene, er jeg
fornøyd med det han har sagt, og det som nå har
kommet fram.