Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 1999 kl. 10

Dato: 26.05.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Akershus fylkeskommune avslutter nå «Prosjekt delkompetanse», et treårig nasjonalt utviklingsarbeid i samarbeid med Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet. Nord-Trøndelag fylkeskommune har hatt et lignende nasjonalt prosjekt. Begge fylkeskommunene har utarbeidet nye prosjekter basert på funnene. Dette er prosjekter som faller innenfor rammene av arbeidet med å utvikle systemer for vurdering av realkompetanse.

Vil statsråden gjennom statlige midler sikre at disse viktige prosjektene kommer i gang?»

Statsråd Jon Lilletun: Prosjekta «Delkompetanse» og «Brukertilpasset opplæring for voksne» har vore treårig utviklingsarbeid i fem fylkeskommunar initierte av departementet. Prosjekta vert no avslutta, og evalueringa vil liggje føre i juni 1999. Dokumentasjon og verdsetjing av vaksne sin realkompetanse har vore eit sentralt element i begge desse prosjekta. Gjennom arbeidet er det vunne verdifull erfaring om korleis fylkeskommunane kan vurdere realkompetanse ved opptak, «innfasing» og tilrettelegging av opplæringa. Erfaringane frå prosjekta er i prosjektperioden gjorde kjende gjennom konferansar og evalueringsrapportar. Dei samla erfaringane frå prosjekta vil ved prosjektslutt verte spreidde til fylkeskommunane.

Departementet fylgjer no opp Stortinget sitt vedtak om dokumentasjon av realkompetanse gjennom eit treårig prosjekt. Prosjektet tek sikte på å hjelpe alle fylkeskommunane i arbeidet med å vidareutvikle verdsetjinga av realkompetanse og få ei mest mogleg lik praktisering nasjonalt, og fylka er inviterte til ein startkonferanse i september.

Eit system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse må ha truverd både i arbeidslivet og utdanningssystemet. Planane for dette prosjektet er difor utvikla i nært samarbeid med partane i arbeidslivet, utdanningssystemet og andre som tilbyr utdanning, og desse er med i ei sentral prosjektgruppe for det vidare arbeidet. Målet for arbeidet er eit nasjonalt system som gjev vaksne rett til å dokumentere sin realkompetanse utan å måtte gå vegen om tradisjonelle prøveordningar.

Prosjektplanane er m.a. baserte på dei kunnskapar og erfaringar som er tileigna gjennom dei to prosjekta, «Brukertilpasset opplæring for voksne» og «Delkompetanse». Men eg kjenner òg til at fleire fylkeskommunar har tileigna seg kompetanse gjennom eigne prosjekt, og at andre ligg i startgropa med prosjektplanar. Departementet har difor i informasjonsbrev til fylkeskommunane bedt om opplysningar om relevante prosjekt og erfaringar, slik at dei kan inngå i eit samla erfaringsmateriale. Frist for innsending er 10. juni 1999.

Departementet har alt teke imot fleire enkeltsøknader om støtte til prosjekt knytte til dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse, m.a. frå seks fylkeskommunar. Mellom desse er Akershus, Nord-Trøndelag og Oppland, som har arbeidd med dei nemnde prosjekta «Delkompetanse» og «Brukertilpasset opplæring for voksne». Eg oppfattar representanten Reikvam slik at han er oppteken av at desse fylka får fylgje opp arbeidet sitt så raskt som råd er, gjennom dei nye prosjekta. Eg har forståing for det, og departementet vil gjere dei vurderingar som trengst, for å finne ut om desse kan vidareførast raskt.

Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret.

Jeg hadde kanskje håpet at det hadde vært noe mer positivt når det gjelder det arbeidet som er gjort, og de funnene man har kommet fram til. På bakgrunn av det er det utarbeidet et forslag til nye prosjekter som går rett inn i det vi her snakker om, nemlig det treårige prosjektet med sikte på å lage systemer for vurdering av realkompetanse.

Jeg tror det er viktig at vi tar vare på det som er utviklet, og de funnene vi har, og at vi ut fra dette utvikler nye prosjekter og går videre på den veien vi har startet på. I dette tilfellet er det to fylkeskommuner som har startet på en bestemt vei. De har helt konkrete forslag til oppfølging, og da er det viktig at det kommer signaler fra departementet om at man er innstilt på å følge opp dette og være med på å finansiere de nye prosjektene som man her har lagt opp til. Det er et viktig signal å få.

Jeg velger å tolke statsråden slik at han vil ta et møte med fylkeskommunene og gå gjennom disse prosjektene med sikte på å finne fram til en praktisk ordning.

Statsråd Jon Lilletun: Eg forstår godt at representanten Reikvam ynskjer at eg skal vere noko meir konkret. Eg er alltid noko tilbakehalden med å saksbehandle frå Stortingets talarstol, men etter at representanten Reikvam tok opp dette, har eg sett på denne saka spesielt.

Sidan vi skal ha ein startkonferanse i september, der ein skal leggje det totale grunnlaget, har ein vel tenkt å behandle saka slik at det er klart innan den tid. Men ettersom det her er nokon som har vore i gong med prosjekt og som allereie har planar om å halde fram, og som då kan vinne inn tid for oss, er eg innstilt på å invitere desse fylkeskommunane nokså omgåande og prøve å kome fram til ei løysing før sommarferien, slik at dei kan få klarsignal til å gå vidare. Eg håpar likevel representanten Reikvam har forståing for at eg ikkje kan gje noko tal o.l. før vi har vore gjennom ei behandling i lag med fylkeskommunane.

Rolf Reikvam (SV): Etter det som nå ble sagt, er jeg godt fornøyd. Jeg forstår godt at vi ikke skal drive saksbehandling fra Stortingets talerstol. Det var heller ikke det som var mitt utgangspunkt. Jeg leverte inn spørsmålet for flere dager siden, og dette er jo vurderinger som departementet holder på med over lang tid. Men på bakgrunn av det som statsråden nå sa, er jeg godt fornøyd.

Jeg oppfatter det slik at han tar kontakt med fylkeskommunene og går igjennom dette, og ser om prosjektene passer inn i det samlede bildet vi nå ser for oss. Jeg håper at disse prosjektene og det arbeidet som man står i startgropen med, kan komme i gang, slik at det blir en kontinuerlig prosess i forhold til det de har holdt på med så langt. Så på denne bakgrunn, at statsråden vil ta disse initiativene i forhold til de to fylkeskommunene, er jeg fornøyd med det han har sagt, og det som nå har kommet fram.