Stortinget - Møte onsdag den 20. oktober 1999 kl. 10

Dato: 20.10.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 16

Presidenten: Dette spørsmål, fra representanten Inge Lønning til kirke-, utdannings- og forskningsministeren, vil bli tatt opp av representanten Petter Løvik.

Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Statsråd Lilletun har ifølge Fædrelandsvennen sagt at Høgskolen i Agder kan bli universitet i løpet av få år hvis man er villig til å dyrke spisskompetanse på et par områder.

Er dette synspunkter som også deles av Norgesnettrådet og Mjøs-utvalget, eller er det statsrådens personlige ønsker som her kommer til uttrykk?»

Statsråd Jon Lilletun: Som kjent har Regjeringa i samsvar med vedtak i Stortinget sett ned eit breitt samansett utval for å drøfte og vurdere utviklinga i norsk høgare utdanning framover. Mjøs-utvalet skal levere sluttinnstillinga si 1. april neste år. På dette tidspunktet er det ikkje klart kva utvalet meiner om spørsmålet om fleire universitet i Noreg.

Noregsnettrådet har i eit møte 23. september i år drøfta den vidare utviklinga av institusjonsstrukturen. I eit samrøystes vedtak seier rådet at det «i et dynamisk system for høgre utdanning er … uheldig å fasttømre en institusjonsstruktur ved lov». Rådet rår derfor til lovendring, slik at institusjonsstrukturen ikkje vert fastsett i lova, men at institusjonane får høve til å velje fritt den nemninga som dei finn mest dekkjande for verksemda og den faglege profilen. I etterkant har saka òg vore drøfta i Høgskulerådet og Universitetsrådet. Eit stort fleirtal i Høgskulerådet slutta opp om Noregsnettrådet sitt syn, mens Universitetsrådet samla seg om å understreke «behovet for en avklaring av universitetsbegrepet i tråd med den internasjonale utvikling» og be Mjøs-utvalet om å «utrede en lovendring som legger til rette for dette».

Dette viser at universitetsspørsmålet vert sett på dagsordenen i alle organ som drøftar framtida for norsk høgare utdanning. Så langt handlar diskusjonen mest om prinsipp og premissar, ikkje om einskildinstitusjonar, slik representanten Inge Lønning spør om i spørsmålet sitt.

Eg har som statsråd heile tida vore sterkt oppteken av å oppmuntre dei høgare utdanningsinstitusjonane til å satse på konsentrasjon og kvalitet innanfor utvalde fagområde, og av å påskjønne ei slik tung satsing på spisskompetanse. Dette var m.a. grunnen til avgjerda om å utvide retten til å tildele doktorgrad til òg å gjelde statlege høgskular. Eg viser her til den konkrete tildelinga til Høgskulen i Stavanger, og til den vidare prosessen knytt opp mot søknader frå Høgskulen i Agder og Høgskulen i Bodø.

Eg er open for at institusjonar skal vurderast ut frå kvalitet og ha dei same rettane når dei vert vurderte som fagleg jamgode. Eg er derfor samd med Noregsnettrådet i at vi treng ein institusjonsstruktur som gjev rom for dynamikk og endring. Eg har merka meg at den svenske regjeringa i fjor vedtok å gje tre høgskular universitetsstatus ut frå visse faglege kriterium. Dersom einskilde høgskular, med støtte frå regionen, maktar å utvikle tung spisskompetanse på fleire fagområde, ser eg dette som ei mogleg utvikling òg i vårt land på relativt få år. Dette er bakgrunnen for vurderinga mi av utviklinga ved Høgskulen i Agder, slik dette er referert i det konkrete oppslaget i Fædrelandsvennen, som representanten Inge Lønning viser til i sitt spørsmål, framført av Petter Løvik.

Eg ser positivt på at det er så brei interesse for desse spørsmåla. Det vil no vere rett, både i fagmiljøa og på politisk hald, å vente på innstillinga frå Mjøs-utvalet. Innstillinga vil gje grunnlaget for ei stortingsmelding om hovudlinene for norsk høgare utdanning det fyrste tiåret i det neste hundreåret. Her reknar eg med at spørsmålet om institusjonsstruktur, herunder forholdet mellom universitet og høgskular, vil stå sentralt.

Petter Løvik (H): Eg takkar statsråden for svaret.

Det statsråden m.a. sa til Færdrelandsvennen den 9. oktober, var:

«Den dagen kompetansen er der, vil jeg anerkjenne HiA som et universitet». Vidare sa han:

«Hvis Høgskolen er villig til å konsentrere seg og dyrke spisskompetanse på et par områder til, vil det helt klart kunne bli universitet.»

Det interessante i svaret er jo at det på dette tidspunktet, altså i dag, ikkje er klart kva Mjøs-utvalet meiner om spørsmålet om fleire universitet i Noreg. Det er derfor vi stiller dette spørsmålet: Vi vil få avklara om statsråden no i framkant av Mjøs-utvalet si innstilling har definert universitetsomgrepet og lagt lista for dette. Eg går då ut frå at omtrent dei same krava til kompetanse og breidd vil gjelde for andre høgskular som ønskjer å bli universitet.

Statsråd Jon Lilletun: Det som eg sa, og som eg sjølvsagt står fast ved, er at når det gjeld dette, skal vi ha ein prosess. Samstundes har eg gjeve uttrykk for kva eg vil oppfatte som ei naturleg utvikling.

Når det altså gjeld dei skulane som på eit fagleg grunnlag klarer å kome dit at dei på fleire, eventuelt tre, område vil ha spisskompetanse opp til doktorgrad, vil eg finne det nokså unaturleg at ikkje vi går same vegen som ein har gjort i Sverige, der dei faktisk godkjenner på eit smalare grunnlag.

Dei tre institusjonane som i dag har utvikla dette lengst, er Høgskulen i Stavanger, Høgskulen i Agder og Høgskulen i Bodø. Sjølvsagt må kriteriet her vere likebehandling. Det er det faglege og ikkje geografi eller namn som skal avgjere dette. Eg viser derfor til kva dei organa som eg refererte til, allereie har sagt, og ser fram til Mjøs-utvalet si innstilling. Det eg har gjeve uttrykk for, er mitt syn på framtida.

Petter Løvik (H): Eg takkar også for dette svaret, men ser samtidig at statsråden sitt syn kan ha ei viss gjennomslagskraft.

Statsråden seier også – og det er ei litt interessant vinkling på dette – i same intervjuet at han meiner at «kraftpenger må spyttes inn i et kompetansefond jo før jo heller, i tillegg til at banker og øvrig næringsliv må kjenne sin besøkelsestid. HiA trenger økonomisk hjelp utenfra, men må også utvikle seg målrettet».

Det verkar som om statsråden her legg opp til at det vil vere muleg å få fram universitet ved at dei offentlege høgskulane får hjelp av private interesser, at ein i ein region i fellesskap kan hjelpe til med å lyfte fram ein høgskule, slik at det her ikkje berre er snakk om offentlege midlar. Vil det seie at statsråden no legg opp til meir privat finansiering av høgskulane for at dei skal kome opp når det gjeld kompetanse, eller skal det framleis vere eit statleg ansvar? I kva retning ser statsråden føre seg at utviklinga skal skje innanfor høgskule- og universitetssektoren i Noreg?

Statsråd Jon Lilletun: Historisk sett har ein region alltid vore oppteken av infrastruktur. Den viktigaste infrastrukturen inn i eit nytt tusenår vil vere kunnskap og kompetanse, det vil vere kvaliteten på den utdanninga som vert gjeven. Eg kan nemne at t.d. Høgskulen i Stavanger og regionen der lenge har satsa på eit kompetansefond. Det har òg fleire andre regionar gjort. Eg meiner at det er viktig med eit samvirke i ein region. Både det offentlege i regionen, som kraftverka, og andre har sjølvsagt fullt høve til å gå inn og stø opp om ei slik utvikling. Internasjonalt ser ein akkurat den same trenden. Det er det som skjer. Derfor har eg eit lite dogmatisk forhold til dette. Eg vil òg i framtida gå inn for at vi skal ha eit statleg hovudansvar for høgre utdanning, både når det gjeld universiteta og høgskulane, men det må i mykje større grad vere eit samvirke mellom det offentlege og dei private.