Presidenten: Dette spørsmål,
fra representanten Inge Lønning til kirke-, utdannings-
og forskningsministeren, vil bli tatt opp av representanten Petter
Løvik.
Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål
til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
«Statsråd Lilletun har ifølge
Fædrelandsvennen sagt at Høgskolen i Agder kan
bli universitet i løpet av få år hvis
man er villig til å dyrke spisskompetanse på et
par områder.
Er dette synspunkter som også deles
av Norgesnettrådet og Mjøs-utvalget, eller er
det statsrådens personlige ønsker som her kommer
til uttrykk?»
Statsråd Jon Lilletun: Som kjent har Regjeringa i samsvar med vedtak
i Stortinget sett ned eit breitt samansett utval for å drøfte
og vurdere utviklinga i norsk høgare utdanning framover.
Mjøs-utvalet skal levere sluttinnstillinga si 1. april
neste år. På dette tidspunktet er det ikkje klart
kva utvalet meiner om spørsmålet om fleire universitet
i Noreg.
Noregsnettrådet har i eit møte
23. september i år drøfta den vidare utviklinga
av institusjonsstrukturen. I eit samrøystes vedtak seier
rådet at det «i et dynamisk system for høgre
utdanning er … uheldig å fasttømre en
institusjonsstruktur ved lov». Rådet rår
derfor til lovendring, slik at institusjonsstrukturen ikkje vert
fastsett i lova, men at institusjonane får høve
til å velje fritt den nemninga som dei finn mest dekkjande
for verksemda og den faglege profilen. I etterkant har saka òg
vore drøfta i Høgskulerådet og Universitetsrådet.
Eit stort fleirtal i Høgskulerådet slutta opp
om Noregsnettrådet sitt syn, mens Universitetsrådet
samla seg om å understreke «behovet for en avklaring
av universitetsbegrepet i tråd med den internasjonale utvikling» og
be Mjøs-utvalet om å «utrede en lovendring
som legger til rette for dette».
Dette viser at universitetsspørsmålet
vert sett på dagsordenen i alle organ som drøftar
framtida for norsk høgare utdanning. Så langt
handlar diskusjonen mest om prinsipp og premissar, ikkje om einskildinstitusjonar,
slik representanten Inge Lønning spør om i spørsmålet
sitt.
Eg har som statsråd heile tida vore
sterkt oppteken av å oppmuntre dei høgare utdanningsinstitusjonane
til å satse på konsentrasjon og kvalitet innanfor
utvalde fagområde, og av å påskjønne
ei slik tung satsing på spisskompetanse. Dette var m.a.
grunnen til avgjerda om å utvide retten til å tildele
doktorgrad til òg å gjelde statlege høgskular.
Eg viser her til den konkrete tildelinga til Høgskulen
i Stavanger, og til den vidare prosessen knytt opp mot søknader frå Høgskulen
i Agder og Høgskulen i Bodø.
Eg er open for at institusjonar skal vurderast
ut frå kvalitet og ha dei same rettane når dei
vert vurderte som fagleg jamgode. Eg er derfor samd med Noregsnettrådet
i at vi treng ein institusjonsstruktur som gjev rom for dynamikk
og endring. Eg har merka meg at den svenske regjeringa i fjor vedtok å gje
tre høgskular universitetsstatus ut frå visse
faglege kriterium. Dersom einskilde høgskular, med støtte
frå regionen, maktar å utvikle tung spisskompetanse
på fleire fagområde, ser eg dette som ei mogleg
utvikling òg i vårt land på relativt
få år. Dette er bakgrunnen for vurderinga mi av
utviklinga ved Høgskulen i Agder, slik dette er referert
i det konkrete oppslaget i Fædrelandsvennen, som representanten
Inge Lønning viser til i sitt spørsmål,
framført av Petter Løvik.
Eg ser positivt på at det er så brei
interesse for desse spørsmåla. Det vil no vere
rett, både i fagmiljøa og på politisk
hald, å vente på innstillinga frå Mjøs-utvalet. Innstillinga
vil gje grunnlaget for ei stortingsmelding om hovudlinene for norsk
høgare utdanning det fyrste tiåret i det neste
hundreåret. Her reknar eg med at spørsmålet om
institusjonsstruktur, herunder forholdet mellom universitet og høgskular,
vil stå sentralt.
Petter Løvik (H): Eg takkar statsråden for svaret.
Det statsråden m.a. sa til Færdrelandsvennen
den 9. oktober, var:
«Den
dagen kompetansen er der, vil jeg anerkjenne HiA som et universitet».
Vidare sa han:
«Hvis Høgskolen er villig
til å konsentrere seg og dyrke spisskompetanse på et
par områder til, vil det helt klart kunne bli universitet.»
Det interessante i svaret er jo at det på dette
tidspunktet, altså i dag, ikkje er klart kva Mjøs-utvalet
meiner om spørsmålet om fleire universitet i Noreg.
Det er derfor vi stiller dette spørsmålet: Vi
vil få avklara om statsråden no i framkant av
Mjøs-utvalet si innstilling har definert universitetsomgrepet
og lagt lista for dette. Eg går då ut frå at
omtrent dei same krava til kompetanse og breidd vil gjelde for andre
høgskular som ønskjer å bli universitet.
Statsråd Jon Lilletun: Det som eg sa, og som eg sjølvsagt
står fast ved, er at når det gjeld dette, skal
vi ha ein prosess. Samstundes har eg gjeve uttrykk for kva eg vil
oppfatte som ei naturleg utvikling.
Når det altså gjeld dei skulane
som på eit fagleg grunnlag klarer å kome dit at
dei på fleire, eventuelt tre, område vil ha spisskompetanse
opp til doktorgrad, vil eg finne det nokså unaturleg at
ikkje vi går same vegen som ein har gjort i Sverige, der
dei faktisk godkjenner på eit smalare grunnlag.
Dei tre institusjonane som i dag har utvikla
dette lengst, er Høgskulen i Stavanger, Høgskulen
i Agder og Høgskulen i Bodø. Sjølvsagt
må kriteriet her vere likebehandling. Det er det faglege
og ikkje geografi eller namn som skal avgjere dette. Eg viser derfor
til kva dei organa som eg refererte til, allereie har sagt, og ser
fram til Mjøs-utvalet si innstilling. Det eg har gjeve
uttrykk for, er mitt syn på framtida.
Petter Løvik (H): Eg takkar også for dette svaret, men
ser samtidig at statsråden sitt syn kan ha ei viss gjennomslagskraft.
Statsråden seier også – og
det er ei litt interessant vinkling på dette – i
same intervjuet at han meiner at «kraftpenger må spyttes
inn i et kompetansefond jo før jo heller, i tillegg til
at banker og øvrig næringsliv må kjenne sin
besøkelsestid. HiA trenger økonomisk hjelp utenfra, men
må også utvikle seg målrettet».
Det verkar som om statsråden her legg
opp til at det vil vere muleg å få fram universitet
ved at dei offentlege høgskulane får hjelp av
private interesser, at ein i ein region i fellesskap kan hjelpe
til med å lyfte fram ein høgskule, slik at det
her ikkje berre er snakk om offentlege midlar. Vil det seie at statsråden
no legg opp til meir privat finansiering av høgskulane
for at dei skal kome opp når det gjeld kompetanse, eller
skal det framleis vere eit statleg ansvar? I kva retning ser statsråden
føre seg at utviklinga skal skje innanfor høgskule-
og universitetssektoren i Noreg?
Statsråd Jon Lilletun: Historisk sett har ein region alltid vore
oppteken av infrastruktur. Den viktigaste infrastrukturen inn i
eit nytt tusenår vil vere kunnskap og kompetanse, det vil
vere kvaliteten på den utdanninga som vert gjeven. Eg kan
nemne at t.d. Høgskulen i Stavanger og regionen der lenge
har satsa på eit kompetansefond. Det har òg fleire
andre regionar gjort. Eg meiner at det er viktig med eit samvirke
i ein region. Både det offentlege i regionen, som kraftverka,
og andre har sjølvsagt fullt høve til å gå inn
og stø opp om ei slik utvikling. Internasjonalt ser ein
akkurat den same trenden. Det er det som skjer. Derfor har eg eit
lite dogmatisk forhold til dette. Eg vil òg i framtida
gå inn for at vi skal ha eit statleg hovudansvar for høgre
utdanning, både når det gjeld universiteta og
høgskulane, men det må i mykje større
grad vere eit samvirke mellom det offentlege og dei private.