Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende
spørsmål til barne- og familieministeren:
«I sommer vedtok landsmøtet
i Det Vestlandske Indremisjonsforbund at kvinner skulle
nektes å sitte som medlemmer av organisasjonens styre.
Hva mener statsråden om dette kvinnediskriminerende
vedtaket?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som likestillingsminister er eg sjølvsagt
opptatt av å hindra kvinnediskriminerande vedtak. Eg meiner
at kvinner ikkje skal stengjast ute frå avgjerande organ
eine og aleine fordi dei er kvinner.
Eg søkjer fortløpande å forbetra
dei verkemidla som står til min disposisjon. Derfor har
eg òg nyleg sendt ut på høyring forslag
til ei ny og betre likestillingslov, nettopp for å fremma
likestilling mellom kjønna med særleg sikte på å betra
kvinnene si stilling.
Alle former for forskjellsbehandling på grunn
av kjønn er alt i dag i strid med likestillingslova og
internasjonale forpliktingar på området. Det er
likestillingsombodet som skal sjå til at likestillingslova
blir overhalden og gjennomførd, gjennom handsaming av klage
eller eigne tiltak.
Likestillingslova gjeld på alle samfunnsområde,
men – og dette er viktig i akkurat denne samanhengen – lova har
eit unntak for indre forhold i trussamfunn. Unntaket gjeld alle
trussamfunn, både dissentarsamfunn og Den norske kyrkja.
Verksemda innan trussamfunn, som har ein nær samanheng
med sjølve religionsutøvinga, er unntatt frå lova,
det vil seia at ikkje all verksemd i trussamfunn er unntatt frå likestillingslova.
Grunnen for unntaket i likestillingslova for «indre forhold
i trossamfunn» er m.a. Grunnloven § 2,
som slår fast at alle har rett til fri religionsutøving
i Noreg. Her er det altså viktige omsyn som står
mot kvarandre.
Kva som kan reknast som «indre forhold
i trossamfunn» kjem i noka utstrekning an på skjønn.
I forarbeida til lova, Ot. prp. nr. 33 for 1974-75, er det gitt
eksempel på nokre forhold, medrekna tilsetjingar av prestar,
forkynnarar o.l. Dersom det er i strid med trua å ha ein
kvinneleg forstandar i ei dissentarlyd, ville det vera eit inngrep
i religionsfridomen om § 4 i likestillingslova
når det gjeld tilsetjingar, skulle gjelda. Likestillingslova
er såleis ikkje til hinder for at kvinner blir nekta å delta
i visse religiøse handlingar og å inneha visse
stillingar eller funksjonar i trussamfunn.
Eg tar vedtaket i Det Vestlandske Indremisjonsforbund
til etterretning. Om eg likar det eller ikkje, er eigentleg uinteressant,
men eg reknar òg med at Det Vestlandske Indremisjonsforbund
sjølv kan gjera greie for dei vedtaka dei sjølve
har fatta.
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for svaret,
og jeg må begynne med å si at jeg ikke tror det
er uinteressant hva statsråden mener i denne saken. Vi
har i dag en likestillingslov, og den har som kjent unntak for indre
forhold i trossamfunn. Men den likestillingsloven vi har
i dag, handler nettopp om å fremme likestilling mellom
kjønnene, og da særlig med sikte på å bedre
kvinners stilling. Dette mener jeg – og det håper jeg
også likestillingsministeren mener – burde gjelde
for kristne organisasjoner. Jeg mener at det å ha like
muligheter i dag, om det gjelder utdanning, arbeid, kulturell eller
faglig utvikling, burde være en selvfølge. Jeg
håper også at de kristne organisasjonene etterlever
likestillingsloven på en helt annen måte enn vi
har sett.
Vi så i sommer sterke reaksjoner fra
svært mange kvinner som var aktive i kristne organisasjoner,
på nettopp dette vedtaket som da ble fattet i Det Vestlandske Indremisjonsforbunds
møte. Det mange mente, var jo at dette vedtaket var sterkt
diskriminerende.
Presidenten: Taletiden er omme.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er noko usikker på kva eg skal
svara på, men eg er einig med representanten når
det gjeld kampen for kvinner sine rettar, og eg kan for så vidt
seia meg einig i alt ho sa. Når eg seier at det ikkje er
så interessant kva eg meiner, skal eg likevel sjølvsagt
som statsråd fylgja likestillingslova, og det gjer eg,
men eg synest det er viktig å understreka at vi har eit
unntak, og det gjeld òg i denne situasjonen som spørjaren
reiste spørsmål om.
For å svara på spørsmålet
om kva eg meiner: Hadde eg vore medlem av Det Vestlandske Indremisjonsforbund,
hadde eg gått aktivt inn for eit anna vedtak enn det som
vart fatta. Og det veit eg det var mange andre som gjorde òg.
No er eg ikkje medlem i denne organisasjonen, derfor tar eg til
etterretning det dei har gjort, og så reknar eg faktisk
med at det foregår prosessar i den organisasjonen som i
alle andre organisasjonar som har liknande lover og gjer liknande
vedtak.
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg beklager at tiden ble litt for knapp.
Jeg er selvfølgelig veldig glad for at statsråden
mener at likestillingsloven ikke skal tolkes slik at kvinner blir
avskåret fra å delta i visse religiøse handlinger.
Jeg tolker også statsråden dit hen at hun mener – og
det fikk vi jo et klart svar på nå – at
vedtaket i Det Vestlandske Indremisjonsforbund er klart i strid
med dagens likestillingslov. Vi får derfor håpe
at de kristne organisasjonene tar dette på alvor, spesielt
når det kommer fra en likestillingsminister fra Kristelig
Folkeparti.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: At eg sa meg einig det i meste av det representanten
sa i fyrste omgang, er rett. Men det eg er totalt ueinig med representanten
i, er at det som har skjedd, er i strid med likestillingslova. Vi
har eit unntak, og det har Det Vestlandske Indremisjonsforbund gjort
seg nytte av. Eg vil faktisk forsvara at dei skal ha rett til det.
Om eg kanskje ikkje er like einig i vedtaket som er gjort, så har
ein altså unntaket. Eg trur det er viktig å kjempa
for kvinners stilling og for eit godt lovverk, men samtidig skal
vi òg kjempa for å behalda den fridomen som ein
faktisk har, og prøva å bruka andre kanalar for å påverka
samfunnet og organisasjonar til å ta standpunkt som etter
mitt syn kanskje er rettare enn det som kom fram i det vedtaket
som vart gjort i sommar.