Stortinget - Møte onsdag den 1. desember 1999 kl. 10

Dato: 01.12.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«I sommer vedtok landsmøtet i Det Vestlandske Indremisjonsforbund at kvinner skulle nektes å sitte som medlemmer av organisasjonens styre.

Hva mener statsråden om dette kvinnediskriminerende vedtaket?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som likestillingsminister er eg sjølvsagt opptatt av å hindra kvinnediskriminerande vedtak. Eg meiner at kvinner ikkje skal stengjast ute frå avgjerande organ eine og aleine fordi dei er kvinner.

Eg søkjer fortløpande å forbetra dei verkemidla som står til min disposisjon. Derfor har eg òg nyleg sendt ut på høyring forslag til ei ny og betre likestillingslov, nettopp for å fremma likestilling mellom kjønna med særleg sikte på å betra kvinnene si stilling.

Alle former for forskjellsbehandling på grunn av kjønn er alt i dag i strid med likestillingslova og internasjonale forpliktingar på området. Det er likestillingsombodet som skal sjå til at likestillingslova blir overhalden og gjennomførd, gjennom handsaming av klage eller eigne tiltak.

Likestillingslova gjeld på alle samfunnsområde, men – og dette er viktig i akkurat denne samanhengen – lova har eit unntak for indre forhold i trussamfunn. Unntaket gjeld alle trussamfunn, både dissentarsamfunn og Den norske kyrkja. Verksemda innan trussamfunn, som har ein nær samanheng med sjølve religionsutøvinga, er unntatt frå lova, det vil seia at ikkje all verksemd i trussamfunn er unntatt frå likestillingslova. Grunnen for unntaket i likestillingslova for «indre forhold i trossamfunn» er m.a. Grunnloven § 2, som slår fast at alle har rett til fri religionsutøving i Noreg. Her er det altså viktige omsyn som står mot kvarandre.

Kva som kan reknast som «indre forhold i trossamfunn» kjem i noka utstrekning an på skjønn. I forarbeida til lova, Ot. prp. nr. 33 for 1974-75, er det gitt eksempel på nokre forhold, medrekna tilsetjingar av prestar, forkynnarar o.l. Dersom det er i strid med trua å ha ein kvinneleg forstandar i ei dissentarlyd, ville det vera eit inngrep i religionsfridomen om § 4 i likestillingslova når det gjeld tilsetjingar, skulle gjelda. Likestillingslova er såleis ikkje til hinder for at kvinner blir nekta å delta i visse religiøse handlingar og å inneha visse stillingar eller funksjonar i trussamfunn.

Eg tar vedtaket i Det Vestlandske Indremisjonsforbund til etterretning. Om eg likar det eller ikkje, er eigentleg uinteressant, men eg reknar òg med at Det Vestlandske Indremisjonsforbund sjølv kan gjera greie for dei vedtaka dei sjølve har fatta.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for svaret, og jeg må begynne med å si at jeg ikke tror det er uinteressant hva statsråden mener i denne saken. Vi har i dag en likestillingslov, og den har som kjent unntak for indre forhold i trossamfunn. Men den likestillingsloven vi har i dag, handler nettopp om å fremme likestilling mellom kjønnene, og da særlig med sikte på å bedre kvinners stilling. Dette mener jeg – og det håper jeg også likestillingsministeren mener – burde gjelde for kristne organisasjoner. Jeg mener at det å ha like muligheter i dag, om det gjelder utdanning, arbeid, kulturell eller faglig utvikling, burde være en selvfølge. Jeg håper også at de kristne organisasjonene etterlever likestillingsloven på en helt annen måte enn vi har sett.

Vi så i sommer sterke reaksjoner fra svært mange kvinner som var aktive i kristne organisasjoner, på nettopp dette vedtaket som da ble fattet i Det Vestlandske Indremisjonsforbunds møte. Det mange mente, var jo at dette vedtaket var sterkt diskriminerende.

Presidenten: Taletiden er omme.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er noko usikker på kva eg skal svara på, men eg er einig med representanten når det gjeld kampen for kvinner sine rettar, og eg kan for så vidt seia meg einig i alt ho sa. Når eg seier at det ikkje er så interessant kva eg meiner, skal eg likevel sjølvsagt som statsråd fylgja likestillingslova, og det gjer eg, men eg synest det er viktig å understreka at vi har eit unntak, og det gjeld òg i denne situasjonen som spørjaren reiste spørsmål om.

For å svara på spørsmålet om kva eg meiner: Hadde eg vore medlem av Det Vestlandske Indremisjonsforbund, hadde eg gått aktivt inn for eit anna vedtak enn det som vart fatta. Og det veit eg det var mange andre som gjorde òg. No er eg ikkje medlem i denne organisasjonen, derfor tar eg til etterretning det dei har gjort, og så reknar eg faktisk med at det foregår prosessar i den organisasjonen som i alle andre organisasjonar som har liknande lover og gjer liknande vedtak.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg beklager at tiden ble litt for knapp. Jeg er selvfølgelig veldig glad for at statsråden mener at likestillingsloven ikke skal tolkes slik at kvinner blir avskåret fra å delta i visse religiøse handlinger. Jeg tolker også statsråden dit hen at hun mener – og det fikk vi jo et klart svar på nå – at vedtaket i Det Vestlandske Indremisjonsforbund er klart i strid med dagens likestillingslov. Vi får derfor håpe at de kristne organisasjonene tar dette på alvor, spesielt når det kommer fra en likestillingsminister fra Kristelig Folkeparti.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: At eg sa meg einig det i meste av det representanten sa i fyrste omgang, er rett. Men det eg er totalt ueinig med representanten i, er at det som har skjedd, er i strid med likestillingslova. Vi har eit unntak, og det har Det Vestlandske Indremisjonsforbund gjort seg nytte av. Eg vil faktisk forsvara at dei skal ha rett til det. Om eg kanskje ikkje er like einig i vedtaket som er gjort, så har ein altså unntaket. Eg trur det er viktig å kjempa for kvinners stilling og for eit godt lovverk, men samtidig skal vi òg kjempa for å behalda den fridomen som ein faktisk har, og prøva å bruka andre kanalar for å påverka samfunnet og organisasjonar til å ta standpunkt som etter mitt syn kanskje er rettare enn det som kom fram i det vedtaket som vart gjort i sommar.