Hallgeir H. Langeland (SV): Eg vil gjerne stilla følgjande
spørsmål til olje- og energiministeren:
«Det kan bli bygd saltkraftverk på Sunndalsøra
om få år. Forskarar seier at denne energikjelda
kan auka norsk produksjon av kraft med frå 50 til 100 TWh.
Regjeringa prioriterer ikkje dette alternativet, men gjev mellom
anna statlege selskap løyve til å bygga fleire
lite energieffektive og sterkt forureinande gasskraftverk.
Kva er årsaka til at Regjeringa styrer
eller lèt seg styre av dei alternativa som aukar utsleppa
av klimagassar, når ho kjenner til potensialet til dei
miljøvenlege alternativa?»
Statsråd Olav Akselsen: Lat meg først få takka spørjaren
for at han nok ein gong gir meg sjansen til å svara på kvifor
Regjeringa meiner det er rett å leggja til rette for bygging
av gasskraftverk i Noreg. Det er tre hovudgrunnar til det:
Ved å byggja gasskraftverk i Noreg
utnyttar me ei norsk råvare her i landet og medverkar dermed
til å auka verdien av denne råvara, ein verdiauke
som alternativt ville skjedd i utlandet.
Ved å byggja gasskraftverk i Noreg
betrar me forsyningstryggleiken. I eit normalår
bruker me no meir straum enn me produserer. Bygging av gasskraftverk
er den einaste realistiske måten igjen å bli sjølvforsynt
på. Alternativet er å gjera seg stadig meir avhengig
av import av meir forureinande energi.
Ved å byggja gasskraftverk i Noreg
medverkar me til å redusera CO2-utsleppa i Nord-Europa.
Ei rekkje forskingsrapportar og fagorgan seier at norsk
gasskraft mest sannsynleg vil erstatta kolkraft.
Det er derfor mange gode grunnar til å satsa
på gasskraft. Men i motsetning til Langeland ser ikkje
eg motsetninga mellom det og innsats for nye fornybare energikjelder.
Regjeringa er godt kjend med det potensialet
som ligg i dei nye fornybare energikjeldene, og ønskjer å satsa
på ei vidare utvikling og ein introduksjon av desse. Me
arbeider konkret for å nå målet om å bruka
4 TWh meir vassbåren varme basert på nye fornybare
energikjelder, varmepumper og spillvarme og å byggja vindkraftanlegg som årleg
produserer 3 TWh. Desse målsetjingane skal me nå innan år
2010.
Me satsar òg, gjennom Forskingsrådet,
på forsking og utvikling av nye og miljøvenlege
energikjelder. Saltkraft er ei slik energikjelde.
Eg kjenner til at einskilde forskarar meiner saltkraft kan ha eit
potensial på mellom 50 og 100 TWh. Eg meiner det er meir
realistisk å leggja til grunn eit teknisk utbyggbart potensial
på 25 TWh, slik det blir gjort i NOU 1998:11 «Energi-
og kraftbalansen mot 2020». Dette talet er basert på ei
utbygging av dei ti største elvane i Noreg. Same kva potensial
me legg til grunn, veit me at ei realisering av potensialet krev
utvikling av ny teknologi, m.a. på membransida, og at det
kan ta fleire tiår før teknologien blir kommersielt
tilgjengeleg.
Me veit òg at det er miljø her
i Noreg som har stor kompetanse på saltkraft, og at det
er sett i gang eit omfattande forskings- og utviklingsprosjekt på dette
i norsk regi. Statkraft og SINTEF er med, i tillegg til nokre internasjonale
aktørar. Eg kan opplysa at Forskingsrådet nyleg
har støtta dette prosjektet med 1,4 mill. kr for inneverande år,
samstundes som dei har gjeve lovnad om ein stønad på 1,6
mill. kr for 2002. Ein kan derfor ikkje seia at saltkraft ikkje
blir prioritert i Noreg i dag.
Hallgeir H. Langeland (SV): Eg takkar for svaret. Det er for så vidt
ikkje noko overraskande at statsråden bruker tid på å stadfesta
at ein står fast på det standpunktet som ein har
hatt før, og som gjer Arbeidarpartiet – utvilsamt – til
ein av miljøsinkane på Stortinget, saman med Høgre
og Framstegspartiet. Det er ikkje noko rykte, som det er mykje av
for tida, det stadfestar nå statsråden.
Det som er noko av poenget med spørsmålet,
er nemleg statleg eigarskap, og kva ein vil med statleg eigarskap.
Nå vil jo Arbeidarpartiet gje frå seg styringsretten gjennom
privatisering av Statoil. Her har ein moglegheit til gjennom t.d.
Naturkraft og andre å styra i meir miljøvenleg
retning, men statsråden vel altså å halda
fast på det alternativet som skapar større miljøproblem.
Så problemstillinga blir: Kva skal
nå Arbeidarpartiet gjera for å koma ut av den
posisjonen dei er i når det gjeld miljøsinkeproblematikken,
i forhold til revidert t.d.?
Statsråd Olav Akselsen: Dersom det er slik at dette var eit spørsmål
om statleg eigarskap, må eg berre seia meg lei for at eg
då har misforstått spørsmålet.
Eg trudde dette dreidde seg om fordelane med gasskraft, og kva innsats
me vil ha gjort på m.a. dette med saltkraftverk. Det prøvde
eg å svara på, og etter mitt syn går
det fint an å kombinera desse tinga.
Eg er òg veldig glad for at representanten
Langeland er bekymra for det biletet som blir skapt av Arbeidarpartiet,
og gjerne ønskjer å gje oss moglegheit til å betra
på det. Men etter mitt syn er det altså slik at
me har lagt fram dokumentasjon som viser at våre planar
om å leggja til rette for gasskraft faktisk medverkar til å redusera CO2-utsleppa
i Norden. Derfor vil det vera heilt feil av oss, når me
har den kunnskapen, no å trekkja det tilbake, sjølv
om dette ikkje passar inn i SV sin filosofi på området.
Hallgeir H. Langeland (SV): I forhold til statleg eigarskap
står det faktisk i spørsmålet at statsråden – Regjeringa – brukar
statlege selskap til å bygga energiineffektive og sterkt
forureinande gasskraftverk, men ikkje brukar styringsretten. Derfor
trudde eg at statsråden hadde oppfatta det som ein del
av problemstillinga, men det tar eg til etterretning at han ikkje
hadde.
Problemstillinga er altså i hovudsak
dette med å satsa på dei alternative fornybare
energikjeldene, satsa på saltkraftverk, satsa på sol-
og bioenergi, satsa på enøktiltak og energieffektivitet.
Det er klart at dersom ein skal satsa mest på gasskraftverk,
blir det mindre av det andre, og då er poenget for miljøpartiet
SV å prøva å syta for å få Arbeidarpartiet
på ein kurs der dei begynner å tenka meir miljø enn
det dei gjer. Då er utfordringa til statsråden: Kva
er hovudstrategien framover for å unngå ei satsing på klimagassaukande
alternativ?
Statsråd Olav Akselsen: Eg trur representanten Langeland
anten med vilje eller av andre grunnar har misforstått
Arbeidarpartiet sin politikk på dette området.
Det er ikkje slik at ein ønskjer å satsa meir
på bygging av gasskraftverk, men det er slik at me ønskjer
at ein skal ha dei same moglegheitene i Noreg som i andre land.
Når det gjeld innsats frå staten si side både
i form av økonomiske midlar, holdningskampanje og andre
ting, er det enøk ein brukar pengar på, i motsetning
til gasskraft, der det er andre aktørar som skal ta dei økonomiske
kostnadene. Det er inga motsetning mellom ønsket om å ha
moglegheit til å byggja gasskraftverk i Noreg og utnytta
energien vår meir effektivt enn det me gjer i dag, og det å satsa
på nye fornybare energikjelder. I samband med energimeldinga som
blei behandla i fjor vår, meiner eg det kom klart fram
at Arbeidarpartiet ønskjer å ha ein offensiv politikk for å ta
i bruk dei nye energikjeldene. Det har me òg lagt opp til
i budsjettet og i dei sakene som er fremja for Stortinget og som
no ligg i komiteen til behandling.
Presidenten: Vi går tilbake til spørsmål
3.