Stortinget - Møte onsdag den 24. januar 2001 kl. 10

Dato: 24.01.2001

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg vil gjerne stilla følgjande spørsmål til olje- og energiministeren:

«Det kan bli bygd saltkraftverk på Sunndalsøra om få år. Forskarar seier at denne energikjelda kan auka norsk produksjon av kraft med frå 50 til 100 TWh. Regjeringa prioriterer ikkje dette alternativet, men gjev mellom anna statlege selskap løyve til å bygga fleire lite energieffektive og sterkt forureinande gasskraftverk.

Kva er årsaka til at Regjeringa styrer eller lèt seg styre av dei alternativa som aukar utsleppa av klimagassar, når ho kjenner til potensialet til dei miljøvenlege alternativa?»

Statsråd Olav Akselsen: Lat meg først få takka spørjaren for at han nok ein gong gir meg sjansen til å svara på kvifor Regjeringa meiner det er rett å leggja til rette for bygging av gasskraftverk i Noreg. Det er tre hovudgrunnar til det:

Ved å byggja gasskraftverk i Noreg utnyttar me ei norsk råvare her i landet og medverkar dermed til å auka verdien av denne råvara, ein verdiauke som alternativt ville skjedd i utlandet.

Ved å byggja gasskraftverk i Noreg betrar me forsyningstryggleiken. I eit normalår bruker me no meir straum enn me produserer. Bygging av gasskraftverk er den einaste realistiske måten igjen å bli sjølvforsynt på. Alternativet er å gjera seg stadig meir avhengig av import av meir forureinande energi.

Ved å byggja gasskraftverk i Noreg medverkar me til å redusera CO2-utsleppa i Nord-Europa. Ei rekkje forskingsrapportar og fagorgan seier at norsk gasskraft mest sannsynleg vil erstatta kolkraft.

Det er derfor mange gode grunnar til å satsa på gasskraft. Men i motsetning til Langeland ser ikkje eg motsetninga mellom det og innsats for nye fornybare energikjelder.

Regjeringa er godt kjend med det potensialet som ligg i dei nye fornybare energikjeldene, og ønskjer å satsa på ei vidare utvikling og ein introduksjon av desse. Me arbeider konkret for å nå målet om å bruka 4 TWh meir vassbåren varme basert på nye fornybare energikjelder, varmepumper og spillvarme og å byggja vindkraftanlegg som årleg produserer 3 TWh. Desse målsetjingane skal me nå innan år 2010.

Me satsar òg, gjennom Forskingsrådet, på forsking og utvikling av nye og miljøvenlege energikjelder. Saltkraft er ei slik energikjelde. Eg kjenner til at einskilde forskarar meiner saltkraft kan ha eit potensial på mellom 50 og 100 TWh. Eg meiner det er meir realistisk å leggja til grunn eit teknisk utbyggbart potensial på 25 TWh, slik det blir gjort i NOU 1998:11 «Energi- og kraftbalansen mot 2020». Dette talet er basert på ei utbygging av dei ti største elvane i Noreg. Same kva potensial me legg til grunn, veit me at ei realisering av potensialet krev utvikling av ny teknologi, m.a. på membransida, og at det kan ta fleire tiår før teknologien blir kommersielt tilgjengeleg.

Me veit òg at det er miljø her i Noreg som har stor kompetanse på saltkraft, og at det er sett i gang eit omfattande forskings- og utviklingsprosjekt på dette i norsk regi. Statkraft og SINTEF er med, i tillegg til nokre internasjonale aktørar. Eg kan opplysa at Forskingsrådet nyleg har støtta dette prosjektet med 1,4 mill. kr for inneverande år, samstundes som dei har gjeve lovnad om ein stønad på 1,6 mill. kr for 2002. Ein kan derfor ikkje seia at saltkraft ikkje blir prioritert i Noreg i dag.

Hallgeir H. Langeland (SV): Eg takkar for svaret. Det er for så vidt ikkje noko overraskande at statsråden bruker tid på å stadfesta at ein står fast på det standpunktet som ein har hatt før, og som gjer Arbeidarpartiet – utvilsamt – til ein av miljøsinkane på Stortinget, saman med Høgre og Framstegspartiet. Det er ikkje noko rykte, som det er mykje av for tida, det stadfestar nå statsråden.

Det som er noko av poenget med spørsmålet, er nemleg statleg eigarskap, og kva ein vil med statleg eigarskap. Nå vil jo Arbeidarpartiet gje frå seg styringsretten gjennom privatisering av Statoil. Her har ein moglegheit til gjennom t.d. Naturkraft og andre å styra i meir miljøvenleg retning, men statsråden vel altså å halda fast på det alternativet som skapar større miljøproblem.

Så problemstillinga blir: Kva skal nå Arbeidarpartiet gjera for å koma ut av den posisjonen dei er i når det gjeld miljøsinkeproblematikken, i forhold til revidert t.d.?

Statsråd Olav Akselsen: Dersom det er slik at dette var eit spørsmål om statleg eigarskap, må eg berre seia meg lei for at eg då har misforstått spørsmålet. Eg trudde dette dreidde seg om fordelane med gasskraft, og kva innsats me vil ha gjort på m.a. dette med saltkraftverk. Det prøvde eg å svara på, og etter mitt syn går det fint an å kombinera desse tinga.

Eg er òg veldig glad for at representanten Langeland er bekymra for det biletet som blir skapt av Arbeidarpartiet, og gjerne ønskjer å gje oss moglegheit til å betra på det. Men etter mitt syn er det altså slik at me har lagt fram dokumentasjon som viser at våre planar om å leggja til rette for gasskraft faktisk medverkar til å redusera CO2-utsleppa i Norden. Derfor vil det vera heilt feil av oss, når me har den kunnskapen, no å trekkja det tilbake, sjølv om dette ikkje passar inn i SV sin filosofi på området.

Hallgeir H. Langeland (SV): I forhold til statleg eigarskap står det faktisk i spørsmålet at statsråden – Regjeringa – brukar statlege selskap til å bygga energiineffektive og sterkt forureinande gasskraftverk, men ikkje brukar styringsretten. Derfor trudde eg at statsråden hadde oppfatta det som ein del av problemstillinga, men det tar eg til etterretning at han ikkje hadde.

Problemstillinga er altså i hovudsak dette med å satsa på dei alternative fornybare energikjeldene, satsa på saltkraftverk, satsa på sol- og bioenergi, satsa på enøktiltak og energieffektivitet. Det er klart at dersom ein skal satsa mest på gasskraftverk, blir det mindre av det andre, og då er poenget for miljøpartiet SV å prøva å syta for å få Arbeidarpartiet på ein kurs der dei begynner å tenka meir miljø enn det dei gjer. Då er utfordringa til statsråden: Kva er hovudstrategien framover for å unngå ei satsing på klimagassaukande alternativ?

Statsråd Olav Akselsen: Eg trur representanten Langeland anten med vilje eller av andre grunnar har misforstått Arbeidarpartiet sin politikk på dette området. Det er ikkje slik at ein ønskjer å satsa meir på bygging av gasskraftverk, men det er slik at me ønskjer at ein skal ha dei same moglegheitene i Noreg som i andre land. Når det gjeld innsats frå staten si side både i form av økonomiske midlar, holdningskampanje og andre ting, er det enøk ein brukar pengar på, i motsetning til gasskraft, der det er andre aktørar som skal ta dei økonomiske kostnadene. Det er inga motsetning mellom ønsket om å ha moglegheit til å byggja gasskraftverk i Noreg og utnytta energien vår meir effektivt enn det me gjer i dag, og det å satsa på nye fornybare energikjelder. I samband med energimeldinga som blei behandla i fjor vår, meiner eg det kom klart fram at Arbeidarpartiet ønskjer å ha ein offensiv politikk for å ta i bruk dei nye energikjeldene. Det har me òg lagt opp til i budsjettet og i dei sakene som er fremja for Stortinget og som no ligg i komiteen til behandling.

Presidenten: Vi går tilbake til spørsmål 3.