Stortinget - Møte onsdag den 7. februar 2001 kl. 10

Dato: 07.02.2001

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Eg vil stilla følgjande spørsmål til finansministeren:

«Tidlegare endringar av skattelova og av likningspraksis førde, heilt utilsikta, med seg sterkt negative konsekvensar for norsk ytremisjon. Dei to siste regjeringane har uttrykt positiv vilje til å retta dette opp. I Revidert nasjonalbudsjett 2000 vart det varsla at forslag om endring av skattelova på dette punktet ville bli sendt ut på høyring i 2000. Situasjonen er alvorleg for fleire misjonsorganisasjonar.

Kva tid kjem lovendringa?»

Statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen: Et forslag til endring av skatteloven på dette punkt vil bli sendt på høring i løpet av denne måneden. Departementet tar sikte på at forslag til lovendring skal kunne legges fram for Stortinget i høst med virkning for 2002.

I høringsnotatet vil hensynet til humanitære organisasjoner inngå i vurderingen.

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Eg takkar statsråden for eit positivt svar.

Det er slik at mange ventar spent på den varsla lovendringa. Dersom det ikkje vert ei lovendring som endrar praksisen, vil det bety kvelden for norsk ytremisjon og kroken på døra for mange frivillige lag eller organisasjonar som driv sosialt og mellommenneskeleg arbeid i u-land. Derfor hastar det med saka, og eg er veldig glad for at statsråden no sa at framdriftsplanen er slik at saka kjem til Stortinget i løpet av hausten, og at dette kan få verknad frå komande årsskifte.

Men likevel: Denne praksisen som ein har hatt ei tid, og som var utilsikta, har ført med seg at fleire likningskontor har ilagt misjonsorganisasjonar skatt. Det har vorte store ekstra kostnader. I og med at dette var ein utilsikta praksis, kunne det vera interessant å stilla dette tilleggsspørsmålet: Vil statsråden vurdera å gje dette lovforslaget tilbakeverkande kraft?

Statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen: La meg først si at det ikke er åpenbart at endringene har vært utilsiktet, i den forstand at det er mye som tyder på at den tidligere praksis ikke har vært korrekt i mange sammenhenger. Jeg legger for min del til grunn at vi har behov for å få en klargjøring av hvordan regelverket skal være. Derfor tar vi sikte på en gjennomgang, og vi sender som sagt saken ut på høring i løpet av denne måneden. Jeg legger også til grunn at det som sendes på høring, vil medføre en klar endring, bl.a. at misjonærer som er i utlandet i en nærmere bestemt periode i sammenheng, etter et slikt regelverk vil kunne kreve skattefritak for lønnsinntekten, uavhengig av om den er skattepliktig i oppholdsstaten eller ikke. Jeg vil pr. i dag ikke stille i utsikt at ordningen vil bli gitt tilbakevirkende kraft.

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Når eg brukte uttrykket utilsikta verknad, meiner eg med det at denne ordninga fekk konsekvensar som ein i alle fall ikkje hadde tenkt seg for misjonsorganisasjonar og for frivillige organisasjonar som driv arbeid ute. Men eg kjenner så godt til desse organisasjonane at eg veit at dei har lagt vinn på å få ein praksis som er i samsvar både med lov og forskrifter.

Eg kjenner vidare til at både humanitære organisasjonar som driv på frivillig basis, og misjonsorganisasjonane er bekymra fordi den praksisen vi har, har påført dei store ekstrakostnader. Så eg er glad for at statsråden, slik som eg oppfatta svaret hans, er villig til å vurdera om det er fornuftig å gje den varsla lovendringa tilbakeverkande kraft, slik at dersom dette har påført store ekstrakostnader, noko som eigentleg ikkje var meininga, er det mogleg å sjå nærare på det.

Statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen: Vi skal alltid være åpne for å vurdere spørsmålet, men jeg vil gjenta det jeg sa, jeg vil ikke stille i utsikt at det vil bli gitt tilbakevirkende kraft.