Ursula Evje (FrP): «Utenlandssendingen via radio skulle,
i henhold til frekvenslista, gjelde til 30. mars 2002. Sendingen
opphørte imidlertid med kort frist den 31. desember 2001.
Nordmenn i utlandet er nå avhengig av f.eks. tilgang til
Internett for å være orientert om norske
forhold. Dette skaper problemer for mange eldre
som bor i varmere strøk om vinteren og som mister sine
daglige nyhetssendinger.
Hva vil statsråden foreta seg for
at disse skal få daglige norske nyheter?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Denne saka var oppe i spørjetimen
for ei veke sidan.
Som eg sa då – og som eg
vil gjenta i dag – ligg det innanfor
NRK sine fullmakter å leggja ned Utanlandssendinga.
Eg sa òg i førre veke at eg ikkje
kjem til å ta noko initiativ
overfor NRK i denne saka. Nordmenn i utlandet må difor
skaffa seg nytt og informasjon frå Noreg på annan
måte.
Representanten Evje gir òg ei tilvising
til frekvenslista. Dette er reint teknisk informasjon om kva for
frekvensar som kan nyttast for å motta sendingar i ulike
delar av verda. Ei slik liste er sjølvsagt ikkje noko
som bind NRK til faktisk å senda.
Ursula Evje (FrP): Jeg takker for statsrådens svar.
Nå er ikke mitt spørsmål
formet slik at jeg ber statsråden gå inn i et
aksjeselskaps selvstendige avgjørelser om sin egen drift.
Jeg ber henne tenke noe videre på dette, for det behøver ikke å utføres
av NRK. Danmarks Radio sender i dag via norske kanaler
nyhetssendinger som når akkurat de mottakerne som jeg snakker
om her. Det kunne kanskje være mulig med et samarbeid
med Danmarks Radio for å gi pensjonistene muligheter til å høre
norske nyheter via radio. Det er ett eksempel. Videre
har vi en rekke andre medier, radiokanaler og selskaper,
som også formidler nyheter, så statsråden
kunne jo tenke så vidt kreativt at kanskje noen
av disse kunne tenkes å overta dette. Jeg vil vite
om hun kan gå inn i en slik tankegang.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No er det jo slik at det er eitt tilbod til
desse brukarane som forsvinn, nemleg Utanlandssendinga,
mens vi i dag har mange andre måtar for dei same å få inn
nyhende, m.a. gjennom Internett, som har blitt godt utbygt.
I dag er det altså ei rekkje tilbod
til dei som bur i utlandet. Det er òg fleire av avisene våre
som gir tilbod om abonnement til dei som bur utanfor landet.
På den måten får faktisk t.d. pensjonistar
som bur i varmare strøk, som representanten Ursula Evje
peiker på, sjansen til å ta inn nytt frå Noreg.
Eg får vurdera dei forslaga som Ursula
Evje peiker på. Eg har ikkje tatt noko
standpunkt til det. Det som eg i fyrste omgang har tatt standpunkt
til, er kva eg kan gjera overfor NRK.
Ursula Evje (FrP): Da har jeg bare én liten
ting som ligger meg på hjertet: Disse norske
pensjonistene har radio og fjernsyn hjemme i sine hus
og leiligheter i Norge, og på bakgrunn av det betaler de
fulle lisenspenger for en tjeneste
de umulig kan benytte når Utenlandssendingen er kuttet
ut. Jeg undrer meg på om statsråden er villig
til å gå inn på en rabatteringsordning
nettopp for disse når det gjelder lisenspengene.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Nei, det er ein tanke eg i det heile ikkje
har hatt, og eg trur heller ikkje eg kjem til å tenkja
så mykje meir på det.
Dersom vi skal begynna å differensiera
lisenspengane i forhold til kor lenge folk er i utlandet eller
bur heime, blir det eit forferdeleg byråkratisk system.
Og slik som eg kjenner Framstegspartiet, er dei imot byråkratiske
system som er tungvinte å driva. Eg trur difor det er lettare at
dei som ynskjer å bu i Noreg og vil ha fjernsyn
og radio, betalar denne lisensen. Så får dei ta
imot dei nyheitene dei får gjennom Internett, aviser og
på annan måte, dei som av ulike grunnar er så heldige å få bu
i utlandet delar av året.