Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2002 kl. 10

Dato: 15.01.2002

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Ursula Evje (FrP): «Utenlandssendingen via radio skulle, i henhold til frekvenslista, gjelde til 30. mars 2002. Sendingen opphørte imidlertid med kort frist den 31. desember 2001. Nordmenn i utlandet er nå avhengig av f.eks. tilgang til Internett for å være orientert om norske forhold. Dette skaper problemer for mange eldre som bor i varmere strøk om vinteren og som mister sine daglige nyhetssendinger.

Hva vil statsråden foreta seg for at disse skal få daglige norske nyheter?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Denne saka var oppe i spørjetimen for ei veke sidan.

Som eg sa då – og som eg vil gjenta i dag – ligg det innanfor NRK sine fullmakter å leggja ned Utanlandssendinga. Eg sa òg i førre veke at eg ikkje kjem til å ta noko initiativ overfor NRK i denne saka. Nordmenn i utlandet må difor skaffa seg nytt og informasjon frå Noreg på annan måte.

Representanten Evje gir òg ei tilvising til frekvenslista. Dette er reint teknisk informasjon om kva for frekvensar som kan nyttast for å motta sendingar i ulike delar av verda. Ei slik liste er sjølvsagt ikkje noko som bind NRK til faktisk å senda.

Ursula Evje (FrP): Jeg takker for statsrådens svar.

Nå er ikke mitt spørsmål formet slik at jeg ber statsråden gå inn i et aksjeselskaps selvstendige avgjørelser om sin egen drift. Jeg ber henne tenke noe videre på dette, for det behøver ikke å utføres av NRK. Danmarks Radio sender i dag via norske kanaler nyhetssendinger som når akkurat de mottakerne som jeg snakker om her. Det kunne kanskje være mulig med et samarbeid med Danmarks Radio for å gi pensjonistene muligheter til å høre norske nyheter via radio. Det er ett eksempel. Videre har vi en rekke andre medier, radiokanaler og selskaper, som også formidler nyheter, så statsråden kunne jo tenke så vidt kreativt at kanskje noen av disse kunne tenkes å overta dette. Jeg vil vite om hun kan gå inn i en slik tankegang.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No er det jo slik at det er eitt tilbod til desse brukarane som forsvinn, nemleg Utanlandssendinga, mens vi i dag har mange andre måtar for dei same å få inn nyhende, m.a. gjennom Internett, som har blitt godt utbygt.

I dag er det altså ei rekkje tilbod til dei som bur i utlandet. Det er òg fleire av avisene våre som gir tilbod om abonnement til dei som bur utanfor landet. På den måten får faktisk t.d. pensjonistar som bur i varmare strøk, som representanten Ursula Evje peiker på, sjansen til å ta inn nytt frå Noreg.

Eg får vurdera dei forslaga som Ursula Evje peiker på. Eg har ikkje tatt noko standpunkt til det. Det som eg i fyrste omgang har tatt standpunkt til, er kva eg kan gjera overfor NRK.

Ursula Evje (FrP): Da har jeg bare én liten ting som ligger meg på hjertet: Disse norske pensjonistene har radio og fjernsyn hjemme i sine hus og leiligheter i Norge, og på bakgrunn av det betaler de fulle lisenspenger for en tjeneste de umulig kan benytte når Utenlandssendingen er kuttet ut. Jeg undrer meg på om statsråden er villig til å gå inn på en rabatteringsordning nettopp for disse når det gjelder lisenspengene.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Nei, det er ein tanke eg i det heile ikkje har hatt, og eg trur heller ikkje eg kjem til å tenkja så mykje meir på det.

Dersom vi skal begynna å differensiera lisenspengane i forhold til kor lenge folk er i utlandet eller bur heime, blir det eit forferdeleg byråkratisk system. Og slik som eg kjenner Framstegspartiet, er dei imot byråkratiske system som er tungvinte å driva. Eg trur difor det er lettare at dei som ynskjer å bu i Noreg og vil ha fjernsyn og radio, betalar denne lisensen. Så får dei ta imot dei nyheitene dei får gjennom Internett, aviser og på annan måte, dei som av ulike grunnar er så heldige å få bu i utlandet delar av året.