Trond Giske (A): Jeg har følgende spørsmål
til kultur- og kirkeministeren:
«Cinematekene i Bergen og Trondheim
er viktige kulturinstitusjoner for befolkningen, film- og TV-miljøet
og utdanningsinstitusjonene i sine regioner. De bidrar
til at film av historisk verdi blir presentert i sitt rette element,
og gjør at filminteresserte også utenfor Oslo
har tilgang til filmhistorien. Staten yter imidlertid ingen økonomisk
støtte til disse cinematekene, i motsetning til Cinemateket
i Oslo.
Hva vil statsråden gjøre
for å sikre driftsøkonomien til disse institusjonene?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Fyrst vil eg peika på at cinemateka
i Bergen og Trondheim ikkje utan vidare kan
samanliknast med Cinemateket i Oslo. Cinemateket i Oslo
er ein integrert del av Norsk filminstitutt, som er ei
statleg verksemd direkte underlagd Kulturdepartementet.
Cinemateket i Oslo fell difor innafor ordinære
statlege driftsbudsjett.
Når det er sagt, er eg heilt samd
med representanten Giske i at cinemateka og filmklubbane har ein
svært viktig funksjon når det gjeld å spreia
filmkultur og filmhistorie. Det er eit hovudmål for mediepolitikken å sikra
eit kulturelt mangfald i medietilbodet. Cinemateka fremjar filmkultur
som er prega av kvalitet og nyskaping, men som likevel ofte
ikkje vil vera tilgjengeleg gjennom dei kommersielle
distribusjonskanalane.
Likevel kan det ikkje vera
nokon automatikk i at all verksemd som spelar ei positiv
rolle for norsk kulturliv, skal ha statleg støtte. Det
må vurderast i kvart enkelt tilfelle om statsstøtte
er naudsynt og rimeleg.
Norsk filminstitutt har ansvaret for statlege
tiltak og verkemiddel for m.a. formidling av film, og har fagkompetanse
på dette området. Kultur- og kyrkjedepartementet
har delegert ansvaret for tilskot til filmkulturelle tiltak til
Filminstituttet. Det må difor vera opp til Norsk
filminstitutt å vurdera spørsmålet
om tilskot til cinemateka i Bergen og Trondheim.
Trond Giske (A): Vår kulturpolitikk har minst to innretninger.
Det ene er å bidra til at kunst blir skapt. Det andre,
som er vel så viktig, er at kunst blir formidlet. For å bidra
til det gir vi statstilskudd til en rekke ulike kunstformer og formidling
av dem. Gallerier formidler billedkunsten, orkestre formidler musikkarven,
og teatre formidler teaterarven. Men filmkunsten er også en
kunstart, som i denne sammenhengen blir forholdsvis stemoderlig behandlet.
Det er slik at det bare er Oslo som får
statsstøtte. Det betyr at det i realiteten bare
er i Oslo staten bidrar til at filmhistorien blir vist.
Det synes jeg er forholdsvis dårlig. Statsråden sier
at Filminstituttet får vurdere det. Mitt spørsmål
blir da: Vil statsråden ta kontakt med Filminstituttet,
for å være en pådriver for
at også resten av landet kan ta del
i filmhistorien?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg vil igjen understreka at grunnen
til at Cinemateket i Oslo får statsstøtte,
er at det er organisert slik det er, knytt til Norsk filminstitutt.
Når ein delegerer eit ansvar slik
som det er gjort på dette området, og det òg
blir bygd opp kompetanse ved Norsk filminstitutt, synest eg ansvaret
for kven ein gir statsstøtte til, skal liggja der. Vi har
mange kulturelle formidlingskanalar som ikkje får
statsstøtte, og vi har nokre som får det. Den
todelinga har vi alltid hatt. Eg har kontakt med Filminstituttet
med jamne mellomrom og kan godt ta opp dette med dei, men det kjem
ikkje til å bli noko pålegg eller noko
krav frå mi side om at dei skal støtta
det. Eg ynskjer å overlata den avgjerda til dei som faktisk
har fått ansvaret.
Trond Giske (A): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg
synes det er positivt at hun varsler at hun kan ta dette opp med
Filminstituttet, dog uten pålegg.
Dette har ikke bare en
kunst- og kulturpolitisk side. Det har også en
distriktspolitisk side. Vi har regionsentre i andre deler
av landet som bør få tilgang til filmhistorien.
Det betyr mye for film- og TV-miljøet, men det betyr også veldig
mye for utdanningsmiljøet i disse byene når man
har medieutdanning, filmutdanning, filmhistorie og kunsthistorie – folk
bør absolutt få tilgang til denne filmarven.
Det er dyrt å vise historisk
film. Det krever spesielle framvisere, og det krever utdannede maskinister.
Derfor er det en ekstrakostnad forbundet med å vise
dette historiske materialet. Derfor er det viktig at vi fra overordnet kulturpolitisk
hold bidrar til at dette kan bli en realitet, og jeg håper
statsråden følger opp det i sin kontakt med Filminstituttet.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur ikkje eg har så veldig
mykje å leggja til, anna enn at eg er samd i
at det som cinemateka tilbyr publikum, er positivt. Det er viktig
at dei filmane som ikkje får sin plass på vanlege
kinolerret, blir viste på andre scenar. Cinemateka
er i så måte ein veldig god arena for
det. Så eg tek med meg oppfordringa frå representanten.
Ein del av dei argumenta som blir brukte i
forhold til statleg støtte, kan bli brukte på veldig
mange andre kulturformidlingsarenaer òg. Vi har
det no eingong slik at nokre får statsstøtte,
andre får støtte frå kommunen eller fylket
der dei ligg. Om Bergen og Trondheim i tillegg til Oslo
skulle få statsstøtte, ville vi ha kome
eit stykke på veg, men vi ville likevel ikkje
kunna hatt det same tilbodet i alle byar eller
på alle store tettstader.
Eg tek med meg signalet, og så vil
eg nok la Filminstituttet til slutt ta avgjerda om kven som skal
få statsstøtte.